Illustrasjonsfoto: Bernat Armangue / AP / NTB

Korona – eit memento mori

Vi kan reflektere i staden for å la oss distrahere.

2020 vart eit av desse åra det var så bratt. Den usynlege verda gjesta oss utan å vere invitert og Kittelsen si «Pesta» fekk ny aktualitet. Kva var det som råka oss?

Vi er mange som alltid har trudd på den usynlege verda. At det finst vonde ånder i himmelromet, og ein usynleg helt som er Herre over døden. Men pandemien har avslørt oss og gitt livsstilen vår eit velretta «memento mori»:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Livet er likevel ikkje ei evig russefeiring. Framsteget let seg faktisk stoppe. Ikkje alle kan ha høg utdanning, to el-bilar, årleg inntektsvekst og tre-fire feriereiser utanlands. Det er ikkje ein menneskerett å vere intelligent, rik, frisk, ha uavgrensa tilgang på sex og krisepsykologar.

Og så snart det vart sett bom for masseturismen, fekk øydelegging av atmosfæren ein etterlengta pustepause.

Det viste seg også at det industrielle landbruket og det høge tempoet i samfunnslivet likevel ikkje er av det gode. No må vi til att med heimeproduksjon av mat og eit enklare liv.

Ein tankevekkjar vart det også at medan kyrkjene var stengde, hadde kjøpesentra sundagsope. Kvifor er denne smitten som munnbind og antibac kan beskytte oss mot, så mykje verre enn smitten som kan kurerast berre med skriftemål?

Einkvar virus minner oss om at livet er skjørt. Verda er smekkfull av dødsfårar, og døden har aldri vore ein risiko, men eit sikkert utfall. For 1000 år sidan herja ville vikingar som skar over halsen på folk.

For 500 år sidan døydde folk i storbyane av årlege pestutbrot. Heile 1900-talet var historia sitt verste krigs-århundre. Og i fredstid lever vi i konstant fare for kreft og trafikkulukker.

Slik er denne verda. Ho er grunnleggjande ustabil. Og årsakene til det som skjer, er ikkje sjølvforklarande. Verda hadde ein start, og ho har ein ende.

Kriser vil kome igjen og igjen. Det beste vi kan gjere er å ta imot og bruke slike tider som gåve. Tenk at vi kan trekke oss tilbake, at krysspresset gav seg for ei periode, at underhaldningstilbodet tok pause.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi kan reflektere i staden for å la oss distrahere. Dei som har heimekontor kan verdsetje det som sitt heimekloster.

Styresmakter har ikkje full kontroll, sjølv om dei tiltek seg fullmakter berre diktatorar kan drøyme om. Berre Skaparen kjenner både livet og døden. Både jorda og vi tilhøyrer Han. «He’s got the whole world in his hand.»

I Hans hand er eit menneske tryggare enn hjå Folkehelseinstituttet.