UTVIKLAR FERDIGHEITAR: Barn lærer og utviklar ferdigheitar gjennom leiken som dei ikkje hadde gjort med nasen i ein skulebok, skriv Torkel Johannes Bjuland.

Barna fortener meir leik i skulen

Forskinga er tydeleg, barn lærer og utviklar ferdigheitar gjennom leiken som dei ikkje hadde gjort med nasen i ein skulebok. Nå er det tid for nok ein heilomvending og bringe tilbake leiken i skulen.

Leik er ungane sin måte å uttrykke seg på, sosialisere seg på og dei lære masse som ein ikkje kan lære i ei lærebok. Leiken utviklar barna sine sosiale, språklege og kognitive ferdigheitar ifølge Forskingsrådet.

Likevel har dessverre leiken blitt gløymd i den norske skulen, og dei yngre elevane i skulen får stadig meir kompetansepress og teoribasert undervisning. Når det er brei fagleg einigheit om viktigheita av leiken for læringa til barn, kvifor har leiken nesten totalt forsvunne frå undervisninga i dag?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For 23 år sidan tok det norske skulevesenet ein heilomvending og innførte at også seksåringar skulle gå på skule, reforma er kjend som seksårsreforma eller R97. På den tida då reforma vart framlagt kom det eit løfte om at det ville bli meir leik i skulen for dei minste barna, men det har ikkje vore tilfelle.

Me er på veg i feil retning når skulevesenet ikkje verdsett leiken som er viktig for trivselen, læringa og utviklinga til barna. Me kan og skal ikkje forvente at barneskuleelevar i ung alder plutseleg skal innvie seg i dei vaksne sin verd.

Rapporten til Forskingsrådet i frå oktober 2018 om leik, læring, arbeidsmåtar og læringsmiljø fortalte dette om leik i skulen: «Samtidig finner forskere at barn lærer mer når de leker med andre barn og det er voksne til stede enn når de blir plassert i en formell, voksendominert læringssituasjon.»

Her er det klar tale, me må slutte å presse barn inn i eit skulesystem prega av vaksendominerte læringssituasjonar, men heller la dei uttrykkje og utvikle seg gjennom leiken i skulen.

Rogaland KrF vil ha meir leik inn i skulen for dei minste barna, og kombinere det med meir variert undervisning i heile skuleløpet. Me må tilpassa oss barna, la skulen vere på deira premisser, og ikkje stadig prøve å presse dei vekk frå å vere barn.

Forskinga er tydeleg, barn lærer og utviklar ferdigheitar gjennom leiken som dei ikkje hadde gjort med nasen i ein skulebok. Nå er det tid for nok ein heilomvending og bringe tilbake leiken i skulen.

Les også
Den gåtefulle antisemittismen
Les også
Den viktigste filmen på flere tiår
Les også
Positivt med «Hauge-renessanse» som markerer Hauge som «forbilde»