KLEPP: Det er tydelegvis ikkje nok for toppleiinga i kommunen, som heller vil driva med mytesirkulering og mistenkeleggjering når det gjeld kyrkjelydane der mange av Klepps kvardagsheltar finn styrke, sanning og samanheng. Å kalla desse miljøa «lukka» må handla om manglande kjennskap, for det passar ikkje med realiteten, skriv Sofie Braut.

Politikarar i Klepp: Løft blikket!

Dersom kommuneleiinga skal driva strengare kontroll av lag og foreiningar enn staten, er det eit så dramatisk linjeskifte og eit så radikalt steg vekk frå dei rettane vi alle tek for gitt, at ein må til å snakka om land og politiske system vi helst tek avstand frå.

Dei politiske signala som dei siste dagane har kome frå Klepp kommune når det gjeld nye reglar for kommunal støtte til kulturtilbod, gir grunn til stor undring.

I praksis inneber dei at kommunen brukar skattebetalarane sine pengar som eit middel til å få innbyggarane inn på geledd når det gjeld tru og tanke.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At både ordførar og kultursjef i nabokommunen min Klepp heilt seriøst ser ut til å meina at dei skal dela ut fellesskapets pengar basert på kva dei sjølve og eit fleirtal for tida meiner er rette synspunkt på samliv, er nedslåande for trusfridomen.

Det reiser ei mengd spørsmål som eg trur det er viktig å løfta høgt opp over personlege synspunkt knytt til konservativ kristentru. Her verkar akkurat det momentet mindre relevant. På sikt taper nemleg alle på manglande prinsipiell tenking i slike saker.

At innbyggarane i eit samfunn skal ha fridom til å danna lag og foreiningar i tråd med tru og samvit verkar for meg svært opplagt og har støtte i lange linjer som handlar om ytrings-, organisasjons- og trusfridom som frigjerande prinsipp for alle samfunn.

Løfter vi blikket, ser vi at samfunn som har operert ut frå desse grunnleggande prinsippa globalt og historisk har blomstra og stort sett gitt langt betre vilkår for innbyggarane enn samfunn der styresmaktene har bestemt kva folk skal meina, tenkja og tru.

I denne saka undrar eg meg over ordførar Sigmund Rolfsens måte å omtala kristne kleppsbuar og kyrkjelydar på. Utan å nøla, assosierer han dei lettvint med «lukka miljø» som han har kikka på i NRK sin Brennpunkt-dokumentar «som er heilt skremmande viss du kjem på innsida av dei», som han seier.

Det som også er skremmande, er at ordføraren ikkje verkar klar over mangelen på kunnskap og respekt han viser ved å dra ein slik parallell. Kor god kjennskap har Rolfsen til kristne miljø som finst rett utanfor eigen dørstokk; i Kleppekrossen, på Klepp stasjon, på Orstad, Bore og Orre? Har han vore på besøk?

Heilt utan å påstå at kristne miljø er «perfekte»: Dette er miljø som gir trygge og rusfrie tilbod til unge, dei driv god og byggande leiartrening, der unge får prøva seg i mange oppgåver, dei nører song- og musikkglede i ei tid der få andre bryr seg om dette.

Dei skaper møteplasser for eldre, aktivitetar for småbarn og byggjer opp rundt familiar som er under press om dagen. Berre for å nemna noko. Eg kjenner mange kristne kleppsbuar, og det trur eg i grunn at også ordføraren gjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dermed lurer eg på kvifor vil han laga stereotypiar av eigne innbyggarar? Kristne fyller mange viktige stillingar; dei er ingeniørar, lærarar og helsepersonell, og mykje anna. Dei fleste er trufaste skattebetalarar, og mange er opptekne av å gje noko attende til nærmiljøet sitt utover det vanlege bidraget til felleskassa.

Men det er tydelegvis ikkje nok for toppleiinga i kommunen, som heller vil driva med mytesirkulering og mistenkeleggjering når det gjeld kyrkjelydane der mange av Klepps kvardagsheltar finn styrke, sanning og samanheng. Å kalla desse miljøa «lukka» må handla om manglande kjennskap, for det passar ikkje med realiteten.

Både Rolfsen og kultursjefen verkar noko framandgjorde for at også mange som trur og tenkjer annleis enn dei kan vera viktige samfunnsaktørar.

Slik eg kjenner jærkommunane, er noko av det fine at ein spelar på kvarandre og «løfter i lag» som det heiter i Hå kommunes kloke slagord. Visst er her skiljeliner og visst trur vi ulikt, både om Messias og matjorda men vi kan likevel vera eit samfunn fritt nok til å la kvar få leva i tråd med samvit og overtyding. Då kan berre ikkje kommunen gå inn og detaljstyra lag og organisasjonar med økonomiske sanksjonar frå felleskassa som pisk.

Trusfridom er ei avgjerande brikke i eit fritt samfunn. Dersom kommuneleiinga skal driva strengare kontroll av lag og foreiningar enn staten, er det eit så dramatisk linjeskifte og eit så radikalt steg vekk frå dei rettane vi alle tek for gitt, at ein må til å snakka om land og politiske system vi helst tek avstand frå.

Det vitnar om at ein, sikkert med gode intensjonar, har gjort seg heilt historielaus og blind når det gjeld å verdsetja kva kristne har bidrege med når det gjeld samfunnsbyggande aktivitet. Ein treng ikkje dela trua for å kunna anerkjenna dette.

Når politiske leiarar og andre argumenterer med at «vi lever i 2021», så er det berre å konstatera at dette er maktspråk og ikkje argument.

At vi lever i 2021 gir faktisk ingen ny innsikt i saka om tilskotsordningar for lag og foreiningar i Klepp kommune. Trusfridom har nemleg ikkje gått ut på dato ettersom vi har bladd oss framover i kalenderen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ikkje slik at vi alle treng å vera samde med fleirtalet, til dømes i syn på ekteskap og samliv, eller så er vi håplaust akterutseilte. Det vi treng, er kommuneleiing som viser vidsyn, innsikt og kunnskap om innbyggarane, og ikkje brukar økonomisk pisk for å få alle med på eit sekulært geledd.

Kanskje vi også kunne be om ei litt meir audmjuk innstilling frå dei som forvaltar felleskassa vår? Dei er jo ikkje valde inn for å driva tanke- og truskontroll, men for å legga til rette for at alle, både kristne og ateistar, og alle som føler at dei trur og tenkjer på heilt andre måtar skal ha fridom og menneskerettar mest mogleg intakte.

Les også
Rødt-profilen slakter støtte-nekt til bedehus
Les også
Kommune foreslår å strupe støtte til konservative bedehusDette er saka
Les også
Vil Klepp bryte menneskerettene?
Les også
De burde vite bedre, særlig på Klepp