KRISTENFOLKET: Eg oppfordrar sterkt kristenfolket frå nord til sør, i aust og vest, til å gjera det same. Støtt opp og samle oss om Senterpartiet no, skriv Tore Arnegard. På biletet ser vi Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Eit rop frå folkedjupet

Til hausten sitt stortingsval 2021 vil eg som ­kristen gje mi røyst til Senterpartiet, og ikkje til ­Kristeleg Folkeparti, som eg tidlegare har vore vara­representant til Stortinget for.

Me lever på nyåret 2021. Sentralisering er for enkelte det heilage ordet for framsteg. Det dreg oss framover, men som oftast ikkje til det betre.

Verda vert stadig meir urban. Det meste får du på nett. Men kor mange av dagen sine ungdommar har eigentleg klappa ein hest?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Stadig kjem det nye skrivebordsreformar frå sentralt hald. Dei vil sentralisere. Folket i bygdene vil det motsette. Den vanlege mann og kvinne i gata vil at bygdeverdiane skal styrke seg.

Me føler oss ofte overkøyrde. Det kjem tydeleg fram at vanlege folk verdsett nærleik til lokale tenester, alt kan ikkje verta løyst over nettet!

Me må slå eit stadig kraftigare slag for lokaldemokratiet og lokalkunnskapen. Saman må me finne løysingar på morgondagen sine utfordringar. Framtida sine ungdomar må få kunne bu i ei bygd der avgjerslene vert teke på lokalt nivå.

Dette for å ta våre på kultur og tradisjonar. Trygg, sunn mat og rein energi er nokre døme på dette. Finn me verkeleg kun desse verdiane innanfor Ring 3 i Oslo?

Me i distrikta veit kva som skal til for å skapa vekst og utvikling. Men flyttepilene held fram med å peike sentralt. Når kan me eigentleg forvente å sjå vilje og handling?

Ressursforvaltninga skjer desentralisert. Distrikta subsidierer byane med høgkompetanse, nemleg arbeidsplassar. Størsteparten av verdiskapinga har på sin side ein tendens til å havne i byane.

Det hopar seg opp mot enden i verdikjeda. Distrikta treng sanneleg mykje goodwill frå Løvebakken. Men framfor alt treng me å få stå på eigne føter.

Tufta på våre røter! Få vera herre i eige hus. Få vera sjølvstendige i distriktsfridomen sitt namn. Statlege refomar er ofte store i ord – men vert liten på denne jord!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Meir ansvar og makt må verta plassert lokalt. Der folk lever og der tenester vert produserte. Ein mindre statsadministrajon og meir ressursar til tenesteproduksjon er løysinga.

Det vil auke kvaliteten og omfanget på alt frå politi til helsetenester. Me må få større ansvar og makt over eige liv og eigen eigedom. Helse, skule og velferd må vera godt utbygde her i Hallingdal – i landet for øvrig.

Eit likeverdig tenestetilbod uavhengig av kvar folk bur. God finansiering i alle kommunar i landet er difor heilt avgjerande.

Å ta hand om tryggleiken til eigne innbyggjarar er den mest grunnleggjande oppgåva til staten. Gjørvkommisjonen slo fast at staten svikta då terroren ramma.

Regjeringa har vurdert at beredskapen i Noreg er mangelfull, og har svart på det med å setje inn fleire byråkratar framfor meir operativ verksemd, etterforsking og nærvær.

Det som no skjer innanfor politiet og med den nasjonale beredskapen vår, er berre nokre av fleire døme på at ord som «profesjonell» og «robust» i praksis betyr meir byråkrati, større einingar og uklar plassering av makt og ansvar.

Det vert stadig fleire direktorat og kontrollmekanismar. For dei som arbeider direkte med tenesteyting, anten dei er politifolk, sjukepleiarar eller lærarar, går ein stadig større del av tida med til å rapportere og dokumentere.

Utviklinga fører til at staten i praksis ikkje er til stades i store område av Noreg. Sjølv i folketette område opplever me i dag nedlegging av arbeidsplassar, tenestetilbod og sterk sentralisering.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men verdsett verkeleg den styrande eliten lokaldemokratiet? Vernar ein om dei gode bygdemiljøa? Eller er det slik at på klimasaka sitt altar er bygdene det neste offeret?

Til hausten sitt stortingsval 2021 vil eg som kristen gje mi røyst til Senterpartiet, og ikkje til Kristeleg Folkeparti, som eg tidlegare har vore vararepresentant til Stortinget for. Og eg oppfordrar sterkt kristenfolket frå nord til sør, i aust og vest, til å gjera det same.

Støtt opp og samle oss om Senterpartiet no! Senterpartiet er folket sin tenar, slik Jesus Kristus for oss alle er. Jordheil og himmelsk på same tid.

Les også
Er dette Norges neste statsminister?
Les også
Ropstad i strupen på Sp-Vedum etter abort-anklagerDette er saken