Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Å finna seg til rette

Kva er det som gjer at fleire finn seg til rette i det kristne fellesskapet, medan andre stille forsvinn? Saknar me dei som forsvinn, og kva gjer me eventuelt for å finna ut av kvifor dei forsvinn? 

Fleire har forska på tematikken, blant anna Harald Hovland som våren 2020 skreiv masteroppgåva «Hvorfor forlater kristne kirken?».

Korleis kan me skapa eit sunt kristent fellesskap som er tiltrekkande for nye menneske å koma inn i, og som dei har lyst å bli verande i? Nettopp «flere sunnere menigheter» er visjonen til Naturlig menighetsutvikling (NaMu).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ved at forsamlinga tar profil, der dei svarar på ein del påstandar om fellesskapet, leiarskap og seg sjølv, kan dei finna ut kor sunn forsamlinga er. I seinare tid har det også kome nye omgrep til; nemleg kor open frontdøra til forsamlingslokalet er og kor lukka bakdøra er.

Me ynskjer sjølvsagt ikkje å stengje bakdøra og bli sekterisk slik at ingen kjem seg ut. Men me ynskjer at flest mogleg trivst så godt i fellesskapet at dei ikkje vil drøyma om å forlata det.

Kor varme relasjonane er, kor utrustande leiarskapet er og i kor stor grad ein har velfungerande livsnære grupper, er viktige faktorar som gjer at menneske har lyst å bli verande, og ikkje «snika» seg ut bakdøra. Menneske blir positivt utfordra, og får høve til både vekst og omsorg.

Så ynskjer me også ei open frontdør, der alle er velkomne inn. Inspirerande møte og gudsteneste er inkluderande samlingar der ein opplever nærleik til både Gud og menneske.

Me ynskjer å tena kvarandre med våre nådegåver. Gjennom denne døra skal me også bli sendt ut i kvardagen for å vera noko for dei som ikkje er med i fellesskapet vårt.

Ofte tel me menneske på våre møte, basarar og ulike arrangement. Kanskje tenkjer me at antal menneske er målet på suksess.

Antal er ein indikator, absolutt. Men om gjennomstrøyminga er stor, og dei ikkje blir verande, har me eigentleg ikkje oppnådd det me ynskjer.

Me ynskjer nye menneske inn i fellesskapet, og ynskjer at dei skal bli verande. Ved hauststart i ungdomslaget heime, kjenner eg ofte på denne dualiteten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er fantastisk at så mange unge finn vegen til bedehuset vårt, men korleis skal me kunne sjå dei og møta dei på ein god måte, kvar og ein, slik at dei også har lyst å bli verande?

Relasjonar og smågrupper i løpet av kvelden er eit rett steg i rett retning her, men like fullt er det ei stor oppgåve.

På spørsmålet om menneska har trukke seg gradvis ut av fellesskapet, eller om det har vore eit klart brot, seier Hovland at det definitivt har skjedd gradvis.

Det får meg til å reflektera; merkar eg at folk forsvinn rundt meg, eller er eg for opptatt av meg sjølv og å møta mine venner i fellesskapet?

Nettopp dette påpeikar ein informant; det kristne fellesskapet er prega av vennegjengar og verkar lite inkluderande.

Hovland oppsumerer med at det ikkje er ei hovudårsak til at menneske forlet forsamlingar, men det er eit viktig spørsmål å arbeida med. Eg er så einig i det!