VED HAVET: «Dei som er att av
...
VED HAVET: «Dei som er att av Juda-ætta, skal få landet ved havet i eige. Der skal dei ha sitt beiteland, og om kvelden skal dei kvila i husa i Askalon. For Herren deira Gud skal sjå til dei, han skal venda deira lagnad». Tel-Aviv (bildet) og Haifa ligg nettopp på slettene ved havet, skriv innsendaren. Foto: Oded Balilty / AP / NTB scanpix
debatt
Ord til erstatningsteologane
Del
Eg har alltid nøydd meg med profetorda som er å finna hjå Jeremias og Esekiel når det gjeld jødane og Lovnadslandet.

Men oppfyllingsteologane les Esekiel med andre briller og kjem ut med eit heilt anna syn: Det er ikkje Gud som har oppretta jødestaten Israel i 1948.

Så har eg lese alle dei små profetane, og der er det mykje å finna som samstavar med Esekiel slik han forkynner det rett fram: Jødane skal få att sitt fedreland, flytta inn der og leva med Guds velsigning og få det godt.

Det vert hevda at jødane er eit ugudeleg folk, staten Israel er høgst sekulær, og at alle lovnader i GT er gjevne med vilkår: – dei må omvenda seg.

Men profetorda, serleg Esekiel har ei litt anna rekkefylgje for jødane.

Es 36,19-24-28: «Eg spreidde dei mellom folkeslaga, dei vart strøydde ut i landa…. Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land. Og eg skvettar reint vatn på dykk, så de vert reine... Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar» . Og Paulus profeterer i Rom 11,26 « ..skal heile Israel bli frelst… »

Hoseas 3 – serleg vers 5: «Sidan skal israelittane venda om og søkja Herren sin Gud og David, sin konge; og skjelvande skal dei koma til Herren og dei gode gåvene hans i dei siste dagar.» Det er dette som nå står for døra og er i ferd med å skje – og som erstatningsteologar ikkje har fått auga på.

Hos 14,5: «Eg v il lækja deira fråfall, for vreiden min har vendt seg frå dei.»

Hos 11,11: «Skjelvande s kal dei koma som ein fugl frå Egypt, som ei due frå Assur…» . Kanskje profeten ikkje kunne beskriva El-Al flya betre enn ved å kalla dei «fugl» og «due»?

Hos 14,8: «Atter skal dei bu i min skugge, endå ein go ng skal dei dyrka korn. Dei skal bløma som eit vintre, få ry som vinen frå Libanon.» (Golanhøgdene produserer nå kvalitetsvin)

Hos 14,10: «Kven er s å klok at han skjønar dette, så vitug at han merkar seg det?» Nei, ingen oppfyllingsteolog har sett det ennå – sjølv om det er «fakta på bakken.» Eg og mange andre har sett det.

Etter Hoseas fylgjer Joel; 3,1: «Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske….». Har Gud forandra seg? Eller er det Den nye Pakt som er begynt å gjelda – som somme ikkje har fått med seg? At den ikkje berre gjeld for oss heidningar, men også når Gud vender hjarto for jødane? Joel 3,6: «For sjå, i dei dagar og på den tid (1948?) når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem…».

Kan Jerusalem bety noko anna enn Jerusalem – Israels hovudstad?

Joel 23,23: «Den d agen skal det henda at fjella dryp av druesaft...» ?

Amos lyser dom over Gaza og palestinarane (filistarane) 1,6- Amos 9,8: «Men eg vil ikkje heilt gjera ende på Jakobs ætt, seier Herren» . 9,11: «Den dagen reiser eg opp att Davids falne hytte… som i gamle dagar».

Er dette ei konkret, fysisk, geografisk oppattbygging, - eller oppfyllings-teologisk?

9,13: «Sjå, dei da gar skal koma… Då vender eg lagnaden for Israel, mitt folk…» (jødane?) 3,15: «Eg plantar dei atter i eiga jord; aldri meir skal dei rykkjast opp or sitt land, som eg har gjeve dei, seier Herren din Gud.»

Det skulle vera nok med dette siste ordet til Hoseas for å avvisa erstatningsteologane som tidfester det til etter Babylon; - for då miste dei landet i tusen år! Nå har dei «atter» fått landet til «odel og eige»!

Obadja. 1,17: «Jakobs æ tt (jødane?) skal ta att sin eigedom.» 19: «Dei som bur i Negev, skal ta Easaus fjell i eige...» (lyder ikkje dette ganske konkret/geografisk/dagsaktuelt?)

Mika. 2,12: «Eg vil s amla dykk alle, Jakob. Eg vil samla Israels rest, føra dei saman…» 4,7: «..dei bortdrivne til eit mektig folk» (vart Israel eit mektig folk etter Babylon? Nei, først nå – etter 1948). 7,18: «Kven er ein Gud som du, som tek bort skuld og tilgjev brot for resten av sitt eige folk? Han held ikkje evig fast på vreiden…. 20: «...truskap mot Jakob (Israel?) …. så som du høgtideleg lova våre forfedrar i gamle dagar. »

Nahum 2,3: «Herren skal atterreisa Jakobs stordom og Israels velde. » (ein av desse må vel kunna vera jødestaten Israel?)

Sefanja 2,7: «Dei som er att av Juda-ætta, skal få landet ved havet i eige. Der skal dei ha sitt beiteland, og om kvelden skal dei kvila i husa i Askalon. For Herren deira Gud skal sjå til dei, han skal venda deira lagnad ». Tel-Aviv og Haifa ligg nettopp på slettene ved havet.

Sefanja 3,9: «Då vil eg skapa folka om og gje dei reine lipper, så dei alle kallar på Herren og samlyndte tener han».

Sefanja 3,19-20: «…og rer saman dei bortdrivne. Eg gjev dei ære og ros over heile jorda, der dei før var vanæra. På den tid fører eg dykk heim, då samlar eg dykk. For eg vil gje dykk ære og ros mellom alle folk på jorda, når eg beint framfor augo på dykk vender dykkar lagnad, seier Herren» . Ja, israelittane sankar stadig ros og vørnad på mange område.

Det ser ut til at profetenane snakkar til tungnæme folk som ikkje ser kva som skjer og må ha det inn med skei; dei gjentek og gjentek.

Sakarja 1,17: «Atter ein gong skal byane mine fløyma over av det som godt er. Atter skal Herren ha medkjensle med Sion, endå ein gong velja ut Jerusalem». (er det nærliggjande å ta dette bokstaveleg og tru at Sion og Jerusalem er konkret/geografisk – fakta på bakken?)

Sakarja 2,16: «Herren ska l ta Juda i eige som sin arvelut på heilag jord og endå ein gong velja ut Jerusalem» .

Sakarja 8,7: «Sjå eg frelser folket mitt frå landa i au st og vest. Eg fører dei heim; midt i Jerusalem skal dei bu. Dei skal vera mitt folk, og i truskap og rettferd vil eg vera deira Gud». 11: «Men mot resten som er att av dette folket, vil eg ikkje vera som før i tida, lyder ordet frå Herren Allhers Gud. I fred skal dei så; vintreet skal bera frukt… Dei som er att av dette folket, skal få alt dette i eige. 13: Liksom de har vore ei forbanning mellom folkeslaga, du Juda-ætt og du Israels-ætt, - skal vera til velsigning når eg frelser dykk. 14: Liksom eg sette meg føre å senda ulukke over dykk… og eg ikkje endra mitt forsett, 15: har eg i desse dagar vendt om og sett meg føre å gjera vel mot Jerusalem og Juda-ætta.»

Det er ikkje mykje av erstatningsteologi / oppfyllingsteologi å finna her.

jostein sandsmark,debatt,meninger,jødene,israel,jøder,teologi,erstatningsteologi