«Eg var ein av dei sju tidligare stortingsrepresentantane som hadde ein appell om at kristenfolket no må samle seg for å sikkre at KrF framleis må ha plass og innverknad i samfunnet vårt», skriv Kjell Furnes (biletet). Foto: Harald Haugland

Merknad til eit innlegg

Når eg følgjer med i dagspressa så synes det for meg at den rådande argumentasjonen PDK har er å angripe KrF. 

Eg var ein av dei sju tidligare stortingsrepresentantane som hadde ein appell om at kristenfolket no må samle seg for å sikkre at KrF framleis må ha plass og innverknad i samfunnet vårt.

Vi nemnde nokre saker som har vore sentrale og viktige for partiet gjennom åra, og vi vonar og har tru for at dei framleis skal ha ein sentral plass i partiet sitt arbeid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men dettehar tydeleg falle Håvar Fjære (PDK) tungt for brystet. Så har han funne eit vedtak i Bergen som han meiner «torpederer» heile KrF-skuta.

Men så kan gruppeleiaren for KrF i Bergen i Dagen for 10. dm. melde at denne saka var til handsaming i 2017 og at KrF då ikkje stemde for alle punkta i planen.

Saka som var framme den 17. nov. var ei statusmelding til bystyret. Kanskje Håvar Fjære burde vere litt meir seriøs og påliteleg i sin argumentasjon?

Når det er sagt så er det vel slik at det er ikkje eit enkeltvedtak i ei lokalforeining åleine som er retningsgivande for eit parti sitt arbeid? Er det ikkje partiprogrammet som er «grunnlova» for partiet?

Når eg følgjer med i dagspressa så synes det for meg at den rådande argumentasjonen PDK har er å angripe KrF.

Eg trur folk også registrerer dette. Vi som skreiv under på oppmodinga til veljarane har brukt mykje av vårt liv for KrF si oppgåve i landet vårt.

Meiner Håvar Fjære at vi no er med å «dekke over sannheten og skape en falsk virkelighetsforståelse.»?

Eller er Hans Fredrik Grøvan si orientering i Dagen 9. desember med på å skape «en falsk virkelighetsforståelse»? Eg overlet spørsmålet til den einskilde lesar.