Partileder Siv Jensen og nestleder Sylvi Listhaug i Frp etter sentralstyremøtet hvor fylkesleder Geir Ugland Jacobsen i Oslo Frp ble ekskludert fra partiet. Foto: Berit Roald, NTB

Noreg treng eit nasjonalkonservativt parti som set norske interesser i høgsetet

Det blir nesten morosamt å høyre Frp-nestleiar Sylvi Listhaug fornekte nasjonalkonservatismen samtidig som hun snakkar om at Norske interesser skal i høgsetet.

Det visar seg at takhøgda i Framstegspartiet ikkje var så høg, no som partiet har kasta ut Oslo Frp-leiar Geir Ugland Jacobsen og starta å «rydde opp» i lokallaget i hovudstaden. Oslo og Bergen FrP leggjast ned.

Det blir nesten morosamt å høyre Frp-nestleiar Sylvi Listhaug fornekte nasjonalkonservatismen samtidig som hun snakkar om at Norske interesser skal i høgsetet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I staden så skal Frp redusere seg sjølve til eit liberalistisk parti under 10 prosent. Det i eit land der liberalismen er så gjennomsyrande i parti på borgarleg side at fleire blir lei den.

I norsk politikk i dag er det småparti som tar opp den nasjonalkonservative fakkelen, no som Frp har kasta den i frå seg. Demokratane har i fleire år vore eit bevis på at nasjonalkonservatismen ikkje har ein heim i Frp.

Partiet Dei Kristne er eit parti som kan bære denne fakkelen like godt. No har og Noreg eit eiga Nye Borgarlege, og nokon starta opp Sjølvstendepartiet igjen.

Det dette viser er at det er mange i Noreg som vil ha eit nasjonalkonservativt alternativ. Eg kan tenke meg at det er mange av dei som har hatt eit håp om at Frp kunne være det alternativet.

Til tross for at Frp påstår å stå for ein politikk som setter Norske interesser så høgt, så er deira handlingar meir eit vitnesbyrd om at dei ikkje har norske interesser så nær hjartet. For det å være nasjonalkonservativ er å sette norske interesser i høgsetet.

Les også
Frps fylkesleder i Oslo ekskluderes – fylkeslaget settes under administrasjon
Les også
Kritiserer KrF etter budsjettkamp om kristne kvoteflyktningerBudsjettenighet mellom Frp og regjeringen