NY SJANSE: Biskop Thomas er glad Gud gav han ein ny sjanse. Og det han tenkte på då koronasjukdommen gradvis slapp taket, var rettferd: – Viruset rammar både fattige og rike. Men medan fattige døyr i det stille av covid-19, utan store overskrifter, får rike god omsorg, god behandling og god tilgang til helsetenester, seier han.

Rettferd sett frå sjukesenga

Den egyptiske biskop Thomas var i haust så hardt ramma av covid-19 at han førebudde seg på å døy. Glad for at Gud gav han ein ny sjanse, er appellen hans at vi må forsterka kampen for rettferd.

Biskop Thomas har lenge vore ei modig stemme for den koptiske minoriteten i Egypt, og han har inspirert mange nordmenn med spiritualitet og eit liv i teneste for rettferd og likeverd.

I Egypt var det i august akkurat blitt slutt på forbodet mot å ha gudstenester under pandemien. Også i bispedømet El Qusseia sør i Egypt var folk glade for å møtast i kyrkjene igjen, men til mindre samlingar enn før.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Søndagsgudstenestene vart delte opp og spreidde utover fleire dagar for at alle som ville, skulle kunne koma. Onsdag 12. august leia biskop Thomas «søndagsgudstenesta». Så brått fall han saman, midt i liturgien. Biskopen svima av framfor eit par–tre hundre menneske.

Han var medvitslaus i ein times tid. Legane trudde først det var hjerneslag. Men så viste det seg at biskop Thomas var hardt ramma av covid-19.

Det blei to svært harde månader, den første var aller verst. Han fortel i eit intervju med Magasinet Stefanus at han var klar til å døy – klar, men ikkje redd. Først etter to månader var biskop Thomas i stand til varsamt å starta med arbeidsoppgåver igjen. Han som aldri har spart seg, måtte no ta korte dagar.

Biskopen er glad Gud gav han ein ny sjanse. Og det han tenkte på då sjukdommen gradvis slapp taket, var rettferd: «Viruset rammar både fattige og rike. Men medan fattige døyr i det stille av covid-19, utan store overskrifter, får rike god omsorg, god behandling og god tilgang til helsetenester. Dei er heldige. Pandemien viser oss endå ein gong kallet til å arbeida for sosial rettferd og redusert gap mellom rike og fattige.»

Gjennom retreat- og utdanningssenteret Anafora og Anastasia utdannar biskop Thomas og folka hans den kristne, koptiske minoriteten. Gutar som fell ut av skulen for å brødfø familien, får ein ny sjanse. Jenter vert løfta opp av diskriminering. Han har store visjonar for helsestell.

På eitt vis er vi no alle i same båt – viruset kan ramma alle. Men vi har store ressursar som Egypt ikkje har. Som kristne er vi kalla til å hjelpa fattige og einsame i vårt eige land. Men vi er også kalla til å bry oss om medmenneske på den andre sida av grenser som viruset spreier seg over utan å spørja om innreiseløyve.

FN-rapportar fortel om meir vald mot kvinner og barn når menn blir gåande arbeidslause heime. «Zonia» i ein av partnarorganisasjonane våre i Egypt, seier det slik: «Når menn blir utan arbeid og heller ikkje kan gå ut for å røyka vasspipe med venene, blir dei sitjande heime. Dette går ut over kvinner og barn, også i form av aggresjon og vald.»

Mange jenter og kvinner i Egypt er til vanleg utsette for fysiske og verbale overgrep frå foreldre og brør, på gata og i arbeidslivet. Det er vanskeleg å få tal frå Egypt om kva som skjer under pandemien. Men FN-rapportane frå mange land gjev grunn til sterk uro.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mange jenter veit ikkje når fysiske og verbale utfall faktisk blir vald og overgrep. Partnaren vår vil også trena kvinner som har vore offer for vald og som er sterke nok, til å fortelja og hjelpa andre kvinner. «Pandemien går ikkje over med det første. Vi må bruka situasjonen for å betra liva for kvinner og jenter i Egypt», seier «Zonia».

Ho er fortvilt over at kvinner som har søkt til kyrkjer etter overgrep, diverre fleire stader er blitt møtte av prestar som har sagt at dei må tilgje utan at mennene blir stilte til ansvar. «Zonia» rosar biskop Thomas for å gjeve styrke til å hevda rettane i eit samfunn som ofte ser ned på jenter og kvinner.

«Zonia» og kollegaene hennar har gjennom meir enn eitt års kursopplegg trena prestar, pastorar og ungdomsleiarar i trusfridom og andre menneskerettar. Av tryggingsgrunnar held vi namnet hennar og namnet på organisasjonen hemmeleg. Pastorane og prestane lærte også om rettane til kvinner og jenter og står opp for desse i kyrkjelydane sine.

Våre vener i Stefanusbarna, arbeidet som vart etablert av Mama Maggie i Kairos «søppelbyar», har starta fleire nye heimar for barn som elles ville ha hamna på gata under pandemien, overlatne til seg sjølve fordi foreldra ikkje har pengar til å skaffa mat.

Vi ventar og trur at vi kan vera tilbake til noko meir normalt neste haust. For våre partnarar i Midtausten er situasjonen ein annan. Dei må nokså sikkert venta lengre enn oss på ein vaksine. Og pandemien har forstørra problem. Krisa er slett ikkje over.

Les også
Vil Tyrkia isolere protestantiske kristne?
Les også
Kristne som klorar seg fast
Les også
Kritikk som norske medier må ta på alvor