Guds allmakt

«Eg kan ikkje tru på ein allmektig og god Gud når det finst så mykje vondt i verda.» Slik blir det tidvis sagt – og dei som seier dette meiner dei har god grunn til å venda Gud ryggen. Men slik er det ikkje.

Guds vesen er kjærleik. Kjærleiken søkjer alltid etter eit objekt – nokon å ausa den ut over. Difor ville Gud skapa eit vesen som kunne ta i mot og gleda seg ved å få del i dette uendelege gode: Gud og hans kjærleik. Difor skapte han mennesket.

Men «Gud leikar ikkje med dokker» er det sagt. Å skapa seg marionettar – robotar utan gudsbiletet i seg var ikkje i Guds tanke. Hans fremste skapning måtte ha ein del Gud-likskap i seg. Det måtte ha ein fri vilje, ein identitet som innebar ein frittståande integritet – med ein vilje som kunne ta sine eigne val, ein fridom til å gå på dei sjølvvalde vegar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men for ved å skapa eit slikt vesen måtte Gud vera open for at dette vesenet ikkje ville ha samvær med sin Skapar, men også kunne venda seg bort frå Han. Han ynskte seg eit samvær der menneska friviljug knytte seg til han. Slik vart mennesket skapt i si Gud-likning. Guds-kjærleiken innebar at den guddommelege nyskapningen hadde ein ukrenkeleg integritet. Dette vert tydeleg illustrert i likninga om Den Bortkomne Sonen. Faderen hindra han ikkje i å velja fortapingsvegen. Gud kan ikkje ta tilbake ei gåve som er gjeven.

At Gud let det vonde skje i verda er eit resultat av den fridomen han gav sin fremste skapning: Gudsbiletet. Det er mennesket sjølv som har valt sin vonde veg og rota det til. Å seia at Gud har skulda og burde forhindra slikt, er å snu tinga opp ned.

Evangeliet – den glade bodskapen – er at Gud vil frelsa oss frå vår sjølvvalde, vonde veg. Men synd fører til død og skilsmål som må opprettast. Det har han gjort sjølv – ved at Menneskesonen leid døden i vår stad. Ved å ta i mot denne straffesoninga får me på nytt samværsrett til Gud i Det Nye Paradiset.

Det vonde – i alle former og uttrykk vil Gud på oppgjersdagen sletta for tid og æve, og kjærleiksuttrykket til den store skaren med lauskjøpte fri-vilje-menneskesjeler kan gleda seg i den uendelege kjærleiken – Han sjølv.

Les også
Staten Israel er Guds verk
Les også
Hvorfor så lite fokus på Hauges egne skrifter?