Illustrasjonsfoto: Audun Braastad / NTB

Eit kristeleg parti?

Stadig fleire verdisaker og spørsmål som KrF prinsipalt har vilja gått for i sitt program ved vala, har blitt tildels overkøyrde av parti både frå venstresida, men også frå høgresida. 

KrF var skipa i dei harde åra på -30-talet på kne i bøn til Gud av truande vedkjennande kristne menn. Og takk for det.

Ein ville synleggjere i politikken og støtte dei ideala som ikkje minst haugerørsla på 1800-talet synte, og det sosiale omsorgs-arbeidet som kristen vekking til åndeleg liv i lavkyrkjelege organisasjonar og frikyrkjeleg etableringar. Kommunismen og sosialismen med sitt nei til trusfridom, ja, tildels med antikristelege doktriner, påverka Arbeidarpartiet (Ap), sjølv om mykje av vekkingsfolket syntes godt om det sosialradikale elementet med å løfte opp og fram dei svakast stilte i samfunnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Partiet tok del i gjenreisinga av landet etter krigen med sitt arbeid i Stortinget, men med Ap (i regjering) til midten av -60-talet, opplevde ein at Ap tok for mykje bort einskildindividets rett til sjølv å ta ansvar for livet sitt, for at Staten meir og meir skulle ta ansvar for fellesskapets interesse.

Dette førte til gryande motstand frå oposisjonen, sjølv om det sosialradikale var sterkt forankra i KrF.

1965 var året då Ap mista fleirtalet ved val og vi fekk Borten (Sp)-regjeringa, saman med H, V og Krf. To saker vil eg her nemne: Folketrygda som KrF skal ha sin del av æra for, kom og vart ein økonomisk bærebjelke for folk flest heilt opp til i dag.

Men ei anna sak vart eit signal om kor skjørt dette med kristendomens plass i eit stadig meir sekularisert samfunn var: Folkeskulen med si kristendomsundervising, som til då hadde vore den evangelisk-lutherske lære (jfr. grunnlova), vart fristilt ansvaret for kyrkja si dåpsopplæring.

Dette hende sjølv med KrF i regjering. Kva er att av kristendomundervising i skulen i dag?

1970-talet vart tiåret der både utenrikspolitikken vart sett på prøve, men for KrF ikkje minst: Abortsaka og synet på familie og samliv. Skulle ein åpne opp for at kvinna åleine kunne ta avgjerda om å avslutte eit gryande menneskeliv ? Og kva med synet på ekteskapet?

I snart 50 år har desse saka vore der, og KrF har måtta erkjenne at vernet om livet frå morslivet av - til ein naturleg død ikkje er ei sak ein kan få gjort noko med. For framleis er det ikkje fleirtal for å gi rett til å få assistanse til å avslutte livet sitt, enn så lenge.

Stadig fleire verdisaker og spørsmål som KrF prinsipalt har vilja gått for i sitt program ved vala, har blitt tildels overkøyrde av parti både frå venstresida, men også frå høgresida.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva er då meininga med å gå vidare med eit kristeleg parti og program som ikkje folk ser verdien av? Det høyrer også med at KrF ikkje lenger krev personleg trusvedkjenning for sine tillitsvalde, med andre ord: Partiet er blitt eit sekulært parti som dei andre.

Resultat: Fleire har meldt seg ut og danna enten eit eller fleire mini-trudomsparti til høgre for seg - og no eit Sentrum - til venstre for seg.

Kor vidt det vert eit godkjend parti, veit vi ikkje, men er nok eit eksempel på at det å drive ein kristen politikk, i eit stadig meir konglomerat av kristelege parti, ikkje er lett.

Det er ikkje fleire kristelege parti vi treng. Det folket vårt treng, er å få høyre og kjenne Evangeliets kraft forkynt i kyrkje, bedehus og frikyrkjelege forsamlingar - til omvending og kristent liv i møte med kvarandre.

Gjennom det så å få kraft og visdom til å ta aktiv ansvar og del i politikken, enten ein går til høgre eller venstre, eller prøver å vere eit kristendemokratisk KrF.