Etterdønningane etter retningsvalet i 2018 merkast framleis godt i KrF. Biletet viser tidl. partileiar Knut Arild Hareide etter ein tale for det ekstraordinære landsmøtet. Foto: Bjørn Olav Hammerstad

Vil KrF gå under fordi kristenfolket sviktar?

Vi har brukt ein god del av vårt liv for å få gjennomslag for dei mange viktige sakene KrF står for, og ser med stor uro på korleis enkelte forlét partiet.

Det er med stor uro vi ser korleis enkelte medlemar av KrF forlét partiet. Vi har brukt ein god del av vårt liv for å få gjennomslag for dei mange viktige sakene partiet har stått, og står for.

Partiet vart skipa i bøn på kne i 1933. Kvifor vart det skipa? Jau, som «en reaksjon på tiltagende sekularisering i samfunnet» (Store Norske).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det som særleg prega tida då var mellom anna aukande strid om kristendomsopplæringa i skuleverket. Etter kvart kom også dei kristne skulane i fokus, cfr. Oslo Lærarskole. Etter kvart kom fleire saker «på bordet» av det som vi samla kan nemne som «Livsrett og Menneskeverd»

Som ein del av dei viktige sakene som KrF har kjempa for, og framleis vil stå for, må vi få lov og nemne:

Alt frå skapningsakta blir det forkynt at eit rett samliv er mellom kvinne og mann i ekteskapet. Rettsvern for det ufødde menneske. Nei til dødshjelp. Gode arbeidsforhold for private skular. Foreldreretten skal vernast. Kristendomen sin plass i skuleverket skal skjermast, og helst styrkast. Støtte til barnefamiliane, m.a. med kontantstøtte. Viktig at foreldre får tid til dei små i dei første åra. Medansvar for dei mange av våre medmenneske som lir, svelt og kanskje blir trakassert for si truvedkjenning. Forsvare Israels legitime rettar til sitt eige land. Vere med på effektive tiltak for å verne miljø og livsrom.

Meir kunne vi nemne av viktige saker som KrF arbeidar for, og vil prioritere. Skal vi då få oppleve at partiet skal «gå under» fordi kristenfolket sviktar? Skal det vere slik at når ein ikkje får «full utteljing» i enkelsaker, så skal heile prosjektet skrotast?

Vi veit korleis det er å arbeide i ei regjering, og særleg då i ei mindretalsregjering. Det bli ofte «å ta og gi» Som tidlegare stortingsrepresentantar vil vi no sterkt oppmode til samling om KrF. La partiet framleis vere ein viktig faktor i norsk samfunnsbygging.

Svein Alsaker, Anita Apelthun Sæle, Brit Elisabeth ­Harkestad, Per Sævik, Gunnar Prestegård, Kjell Furnes, Jon Tveit

Les også
Liberalisering av abortloven uløst av KrFs retningsvalg
Les også
Problemet til Kristeleg Folkeparti
Les også
Politisk hærverk