Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
debatt
Tilsyns- og eldsteteneste i NLM
Del
Grunnproblemet hos oss, er at det bibelske ord om skilnaden mellom mann og kvinne er kunnskap som held på å gå tapt, eller enno verre, som ein ikkje lenger vil fylgja.

Hovudstyret (HS) legg fram forslag om store endringar i NLM sin struktur (Menighetstenkning og organisasjonsstruktur i NLM MOO). HS seier prisverdig at dei ynskjer å ta på alvor det bibelske siktemålet om åndeleg tilsyn. Resultatet har derimot alvorlege manglar, som eg er glad deler av HS distanserer seg frå.

MOO held fast på at berre menn skal vera hyrdar, men grunngjevinga er sterkt svekka: «Tekstene forutsetter at det er menn som settes til slike oppgaver, men det gir ikke seg selv om dette bare skyldes kulturelle forhold eller om vi står overfor en normativ forordning,».

Dette er tåkelegging av Bibelens ord. Det er heilt nytt i NLM at ein no opnar at det at berre menn skal vera hyrdar skuldast «kulturelle forhold». Det kjem klart i strid med NLM si eiga utgreiing frå 2012 «Sammen i teneste».

Der lærer ein at dette ikkje er forankra i noko skiftande, men i Guds vilje ved at han skapte Adam først (1.Tim. 2.13). Gud gjorde med det han til hovud og innordna Eva under han.

Vidare er MOO uklar om kva åndeleg leiarskap eigentleg er. Hyrde og eldstetenesta vert i MOO omtala som eit «særleg åndeleg tilsynsansvar». ».

Sjølv om dette er ei viktig side ved denne gjerninga, reduserer ein i praksis Bibelens ord om kva det er å være eldste ved først og fremst å bruka uttrykk som «tilsyn», «tilsynslinje» og «tilsynsansvar» knytt til tenesta. Skrifta viser at det å vera hyrding er noko langt meir enn berre å sjå til at alt vert sagt og gjort rett i kyrkjelyden.

Tidlegare har NLM tala om åndeleg læreansvar og leiaransvar. Det er i samsvar med Skrifta og inneber langt meir enn berre «tilsyn».

Det er først og fremst ei praktisk tenesta mellom kristne med å læra og å leia. Og forkynninga av Guds ord er her hovudsak. Det ser ein t. d. av ordet i Hebr. 13:7: «Kom i hug leiarane dykkar, dei som har tala Guds ord til dykk!»

MOO lagar slik eit kunstig skilje mellom det som skal vera såkalla «hyrde og læresaker» og resten av arbeidet. Dette fører til ei kraftig innskrenking av oppgåver knytt til det åndeleg leiarskapet som er pålagd mannen. Dette har Øystein Bliksås fått fram klart i sin artikkel i Dagen 2. nov.

I forhold til tidelegare, inneber MOO ei radikal kursendring i NLM. Det er difor ikkje tillitvekkande å lesa grunngjevinga for denne endringa:

«I en organisasjon som NLM, der vi fastholder at bare menn kan ha et særlig åndelig tilsynsansvar, er det viktig å legge til rette for at kvinner kan bruke hele seg (...) i lederoppgaver (...) Vi tror dette vil øke legitimiteten til vår forståelse og praktisering av at tilsynstjenesten er forbeholdt menn med evner og nådegaver til en slik tjeneste.» Og: «Av denne grunn vil vi avvikle dagens rådsmøte og avvikle dagens hovedstyre.»

Ein seier altså at om me skal makta å få folket til å halda fast ved det Gud seier at berre menn skal vera tilsynsmenn, så må me hjelpa kvinner fram i leiing på andre område (kvar formanar Gud til noko slikt?) sjølv om det fører til radikale endringar i NLM, inklusivt for rådsmøte og hovudstyre.

For dei gudfryktige finst vel ikkje ei sterkare legitimitet enn at det står skrive i Guds Ord. Har Gud sagt noko, så er det nok for dei gudfryktige, utan noko anna grunngjeving. Dei har nemleg den tillit at han veit best og den frykt for han at dei utan vilkår bøyer seg Gud og hans vilje.

Grunnproblemet hos oss, er at det bibelske ord om skilnaden mellom mann og kvinne er kunnskap som held på å gå tapt, eller enno verre, som ein ikkje lenger vil fylgja. I MOO ser det ut som ein tenkjer at ein har teke vare på det som Bibelen seier om dette berre ein held fast på at kun menn kan ha «det særlege tilsynsansvaret».

Men Bibelen har langt meir å seia om saka, og eg saknar at MOO går inn på kva det betyr at mannen er kvinna sitt hovud og at ho difor skal underordna seg.

Bibelen lærer jo at «hovudstrukturen» ikkje berre er for ekteskapet. Det same gjer apostelen gjeldande i kyrkjelyden (jf. i 1. Kor. 11. 3.ff., 1. Kor 14. 34. og i 1. Tim 2.11ff.) Denne ordninga er Guds vilje frå den første «kyrkjelyd» Adam og Eva, og er på ingen måte tidsbestemt.

øyvind samnøy,debatt,meninger,nlm,misjonssambandet,norsk luthersk misjonssamband,bibelen