«Halshogginga av læraren i Frankrike har rysta ei heil verd», skriver Hans Reite. Bildet viser støttedemonstrasjoner for den drepte læreren i Paris i oktober. Foto: Michel Euler / AP / NTB

Betre å tenne eit lys enn å forbanne mørket

I staden for å spotte det muslimane trur på er det betre å fortelje dei kven Jesus Kristus er.

Halshogginga av læraren i Frankrike har rysta ei heil verd. Korleis kan slike ting skje i eit sivilisert land, vil mange spørje seg. Skal det verte slutt på uttrykksfriheita og skal vi la oss binde av muslimske ekstremistar?

Debatten går no i mange land. Vår eigen kunnskapsminister uttalte seg nyleg om dette. Ho meinte at å vise karikaturar av profeten Muhammed er greit. Det er sjølvsagt delte meiningar om dette slik det er om dei fleste ting.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva vil ein oppnå ved å vise desse teikningane av Muhammed? Det fører berre til meir terror.

Dei ekstreme muslimane er nidkjære for trua si og trur at dei gjer ei gudsteneste med å drepe dei som etter deira syn driv med blasfemi. Dei tek Koranen på alvor og trur at dette er den rette vegen til frelse.

Ved å drepe dei vantru så er dei sikra billetten til paradis og vil få syttito jomfruer i premie. Kva dei kvinnelege sjølvmordsbombarar vil få veit eg ikkje. For oss er dette latterleg, men for dei som trur på det er det blodig alvor.

Nokon har sagt at det er betre å tenne eit lys enn å forbanne mørket. I staden for å spotte det muslimane trur på er det betre å fortelje dei kven Jesus Kristus er. Han er Guds einaste son og verda sin frelsar.

Denne kunnskapen er svært verdifull. Det er dette den vestlege sivilisasjonen er bygd på, men kunnskapen om Kristus er i ferd med å forsvinne blant folk.

Då skuleverket vart starta for eit par hundre år sidan var det kristne folk som tok initiativet. I lang tid var kristendom det ein lærde i første skuletimen, og slik var det også då eg vaks opp. I dag er det nesten ikkje kristenlære igjen og det er eit stort tap!

Kva er det ungdomen lærer i den vidaregåande skulen? At der er ingen Gud og at livet vart til av seg sjølv. Undersøkelsar viser at mesteparten av folket i landet vårt no er ateistar. Borna veks opp som ekte heidningar og lærer å banne i staden for å be.

Det er ikkje rart at det er mykje mobbing på skulen! Det er ikkje rart at mange unge vel å ta livet sitt når dei får store problem, når det ikkje er undervisning om at der er eit liv etter døden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er heller ikkje rart at råning og bråk i gatene om nettene er eit stort problem mange plassar. Det er eit rop etter hjelp då dei unge spør etter meininga med livet og ikkje får svar.

Er der verkeleg ein Gud som har skapa himmel og jord? Klart at det er det! Kvifor går heile universet i faste baner om der ikkje var ei høgare makt som stod bak? Vi må bruke fornufta og ikkje gøyme oss bak «keisaren sine nye klede».

Alle veit innerst inne at der er noko meir enn det vi ser og at der er noko bak det skapte. Etter døden skal vi alle møte vår skapar og då tel det korleis vi har levd og om vi har trudd på Gud og hans son.

Dette er avgjerande for kvar vi skal vere i all evigheit. Det er svært viktig å få si sak i orden med Gud mens ein lever. Når ein er død så er det for seint.

Svært trist er det at høgskulane er høgborger for ateisme. Då har dei gløymt den viktigaste kunnskapen. Universitetet i Oslo er vel den sterkaste bastionen for dette. Kva er resultatet?

Respekten for Den heilage levande Gud er nesten borte i samfunnet. Moroprogramma på NRK og TV2 går vidare i blasfemi. Dei må stadig finne på nytt for å folk til å le og vitsane vert grovare og grovare.

Vår religion får verkeleg gjennomgå utan at nokon reagerar på det. Vi må huske på at der er ei heilag grense som ein ikkje må overskride.

I profeten Daniel kan vi lese at kong Belsasar drakk av dei heilage koppane. Då kom Guds hand til syne på veggen som skreiv at dagane hans var talde. Same natta døydde kongen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No er mange redde for koronaepedemien som breier seg ut på ny. Liva til folk kan vere i fare. Ein kan ikkje samlast som før og både kultur- og sportsarrangement vert avlyst. Må dette få oss til å tenke: Kva er den viktigaste kunnskapen?

Det er å finne rette vegen til Gud og å søke nåde og hjelp hos han. Jesus sa: «Eg er vegen sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.» Då Jesus tala om endetida sa han mellom anna at pest var eit av teikna som skulle hende før han kom tilbake.

Han sa også at vi skulle tru på Bibelen og ikkje vere redde. Han er med oss som trur heilt til han hentar oss heim til himmelen. Enno er det høve til å vende om og tru. Lytt til Herrens ord!