UTFORDRING: Utfordringa står framleis ved lag til Ap som har ambisjon om å styra både land og utanrikspolitikk etter valet. Vi veit at fleire lokale krefter har sendt inn forslag om å ta inn trusfridomen i programmet. Utfordringa ligg hos Jonas Gahr Støre, skriv Johannes Morken.

Å sjå verda med norske religionsbriller

Gledeleg nok har Sp teke trusfridommen inn i programutkastet sitt. SV ser ut til å sjå på verda med progressive norske religionsbriller.

Stefanusalliansen har utfordra dei politiske partia til å bli tydelege i kampen for trusfridom og religiøse minoritetar i dei nye partiprogramma.

Vi har bede dei som er tause i dagens program, til å ta trusfridomen inn, og dei i dag som er generelle, til å bli tydelegare. Når alle partia, unnateke KrF, no har lagt fram førsteutkast, har vi kunna gjera oss interessant og overraskande observasjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Senterpartiet som ikkje seier eit ord i dagens program om internasjonal trusfridom, har teke utfordringa. Kampen for trusfridom er inne: «Menneskerettigheter som ytrings- og trosfrihet trues på flere fronter, også innenfor mange nasjonalstater.

Menneskerettigheter for alle uansett religion, må forsvares.» Det er gledeleg at eit stort og veksande parti skaffar seg nye og viktige utanrikspolitiske ambisjonar.

Det mest oppsiktsvekkjande er at internasjonal trusfridom vart borte i førsteutkasta både til Ap og Høgre. Dette var ekstra oppsiktsvekkjande for Høgre, sidan partiet i sju år har hatt utanriksministeren og styrkt kampen for religiøse minoritetar.

Ine Marie Eriksen Søreide har dessutan sagt at «trosfrihet er den glemte menneskerett». Litt rart då at trusfridomen vart borte i førsteutkastet til partiprogram.

Stortingsrepresentant Ingjerd Schou har i Dagsavisen teke vår etterlysing som «et konstruktivt innspel». Då ser vi med glede fram til neste utkast.

Utfordringa står framleis ved lag til Ap som har ambisjon om å styra både land og utanrikspolitikk etter valet. Vi veit at fleire lokale krefter har sendt inn forslag om å ta inn trusfridomen i programmet. Utfordringa ligg hos Jonas Gahr Støre.

MDG som ikkje seier noko i dagens program, slår fast at «trosfrihet er grunnleggende i et mangfoldig og liberalt demokrati». Men NB: Det gjeld berre i Noreg.

Programutkastet har ikkje eit ord om trusfridom internasjonalt. Venstre seier framleis ingenting om trusfridom internasjonalt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I programutkastet sitt slår SV i innanrikspolitikken fast at «alle over 15 år skal stå fritt til å velge sitt livssyn og sine religiøse praksiser». SV kritiserer kontroll og tvang og vil støtta «feministiske, kvinnefrigjørende og skeive initiativer i trossamfunnene».

Det kan sjå ut som at SVs programkomité tolkar situasjonen internasjonalt med dei same, norske brillene sine: Det viktigaste problemet, sett frå SV si side, er ekstreme eller i alle fall sosialt kontrollerande religiøse aktørar og den påverknaden dei har på sine eigne. Det er eit problem for trusfridomen.

Men ute i verda ser vi eit også eit anna dystert mønster: I store land som Kina og India går det gal veg for trusfridomen og situasjonen for religiøse minoritetar.

Det finn vi svært dårlege spor av i førsteutkastet til partiprogram for SV. Programkomiteen seier rett nok at det er ei autoritær utvikling i fleire land og er tydeleg i forsvaret av menneskerettar.

Men SV nemner ikkje trusfridomen som ein truga menneskerett og situasjonen for religiøse minoritetar som svært vanskeleg eller mange stader farleg. Som i Irak etter IS.

I Kina vert kors rivne ned av kyrkjetak, kyrkjer og moskear vert stengde eller jamna med jorda og kommunistisk propaganda vert pressa inn i gudshus.

Mange stader vert gudshus overvaka med statsmonterte kamera. I India har den hindunasjonalistiske regjeringa i ei rad saker ramma muslimar. Ekstremistar vert inspirerte – og slepp ofte unna både med hatprat og vald mot muslimar og kristne.

I programutkastet påpeikar SV – altså som sant er – at «religiøse bevegelsar» er blant dei som trugar ytringsfridommen. Religiøs ekstremisme rammar ytringsfridomen, som SV er oppteken av. Men den rammar også trusfridomen og levekåra for religiøse minoritetar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

SV framhevar i programutkastet viktige rettar for kvinner og vil, slik dei framhevar i innanrikspolitikken, også internasjonalt støtta «progressive lokale aktører, både kvinneorganisasjoner og religiøse aktører». Partiet forsvarar dessutan retten til å krenka tru.

Det eg saknar hos SV – og i fleire parti – er ein tydeleg vilje til å programfesta kampen for trusfridomen som grunnleggjande menneskerett i alle land – og til å stå opp for religiøse minoritetar som kjempar for å overleva.

Lagnaden til Asif Pervaiz, den pakistanske kristne firebarnsfaren som nyleg blei dødsdømt for blasfemi, er eit godt døme. Dersom SV kjem i regjering og kanskje får utviklingsministeren, er Pakistan eitt av landa båe statsrådane i utanriksdepartementet må bry seg om.

Kor mange norske parti vil helsa Asif Pervaiz og seia at dei står opp for at han skal bli fri?