VIKTIG SAK: At klimautfordringen vert sett på som viktig, viser Klimabarometeret for hausten 2020, ei nasjonal undersøkjing som tek for seg kva nordmenn ser på som dei viktigaste politiske sakene i Noreg. Klimaendringane toppar her lista over utfordringane som Noreg står overfor. Bildet er frå Klimabrølet utanfor Stortinget i fjor.

Problemet til Kristeleg Folkeparti

Som ungt KrF-medlem står eg heilt og fullt inne for det konservative fundamentet, men eg saknar ein breiare plattform kor klimautfordringen og saker som angår sosial rettferd får større og viktigare plass.

I samband med at fleire profilerte KrF-arar har meldt seg ut av partiet og over til partiet Sentrum, undrar Karl Johan Hallaråker og Kristian Helland seg over dettei avisa Dagen 13. november.

Dei stillar mellom anna spørsmålet om det er dei som klassiske, verdibaserte KrF-medlemmar som er problemet. Då eg synast dette er ei viktig, men og kjedeleg sak, at fleire forlet KrF, ynskjer eg her å gje nokre innspel til dette innlegget.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For det fyrste nemner dei opp fleire saker dei står for, slik som at dei prinsipielt held fast på det klassiske synet på ekteskapet mellom mann og kvinne sin forrang i lovverket og at dei framleis meiner at barnet i mors liv har rett til liv. Dei undrar seg over om det er dette som er problemet. Eg tvilar på det.

Vidare undrar dei seg over at profilerte KrF-medlammar meld overgang frå KrF, eit kristendemokratisk parti basert på det kristne menneskesynet, det kristne kjærleiksbodet og eit bibelsk basert prinsipp om forvaltning av skaparverket, til partiet Sentrum som har FN sine berekraftsmål som ideologisk basis.

Dette skriv dei at dei har store problem med å forstå logikken i. Dette er eg også heilt einig i.

Det finst ikkje noko meir kraftfult og stødig fundamant å kunna byggja eit samfunn på enn eit slikt bibelsk fundament. Derfor kan det neppe heller vera det som gjer at medlemmar forlet partiet.

Det som eg derimot tenkjer er ei fare for kristne generelt, men óg for partiet KrF spesielt, er at ein legg for mykje vekt på slike konservative verdiar som vart nemnd innleiingsvis, som er viktige, men at ein gløymer litt på vegen andre viktige saker.

Eg tenkjer då spesielt på klimautfordringen, som eg saknar at KrF tek eit radikalt leiaransvar for. Dette blir frå fleire hald sett på som den viktigaste utfordringa å løyse i vår tid, og KrF med sitt fundamant i det kristne forvaltaransvaret burde ha vore eit førande parti på dette området.

At denne saka vert sett på som viktig viser også Klimabarometeret for hausten 2020, ei nasjonal undersøkjing som tek for seg kva nordmenn ser på som dei viktigaste politiske sakene i Noreg. Klimaendringane toppar her lista over utfordringane som Noreg står overfor.

Den same problemstillinga med at kristne held fast på tradisjonelle kristne verdiar, med fare for å neglisjere eller gløyme andre viktige verdiar viser også valet i USA oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her heldt mange konservative kristne sterkt fast på ein presidentkandidat som frontar konservative kristne verdiar, men som sameleis ser ut til å benekta at klimaendringane er eit problem. Det er problematisk.

Poenget med det som eg her skriv, er at eg som eit ungt KrF-medlem heilt og fullt står inne for det konservative fundamentet som vart skissert innleiingsvis, men at eg saknar ein breiare plattform kor klimautfordringen og saker som angår sosial rettferd får større og viktigare plass.

Om kristne er det sagt at dei er kalt til å fylgja vegen, men at kristenlivet er ei stadig vandring frå grøft til grøft. Det same kan gjelda for KrF, som forsøker å fronta dei kristne verdiane i det norske samfunnet.

No kan det sjå ut som at KrF har hamna med eit tyngdepunkt på dei konservative kristne verdiane, og at utfordringa derfor blir å venda fokuset meir over mot klima og sosialetiske verdiar. Å ikkje gjera det kan bli eit stort problem for KrF.