SKJØNNLITTERATUR: Når ein er van med å lese skjønnlitteratur, ser ein straks at det er skjønn- eller fiksjonslitteratur syndefallsforteljinga er, skriv innsendaren.

Skapingssoga, fiksjon eller fakta?

Gammaljordkreasjonisme og intelligent design er i og for seg heilt greitt, men ikkje ein ungjordskreasjonisme som ikkje har anna å fare med enn ei fundamentalistisk pukking på meiningslause og rett ut sagt tullete tankar.

Det har vore mange innlegg i Dagen i det siste om skapingstekstane i Det gamle testamentet, om dei inneheld historiske opplysningar eller ikkje.

Dels er det imponerande ordhage folk som skriv, og konklusjonen har ofte vore at skapingssoga er historisk og må lesast bokstaveleg. Dei teologiske innvendingane har andre teke seg av.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg vil seie litt om det historiske, men mest om det kva slag litteratur vi har å gjere med i dei to første kapitla i 1. Mosebok.

Hovudpoenget mitt er at dei som hevdar at desse tekstane skal forståast bokstaveleg, ikkje evnar å sjå forskjellen på dikting og poesi på den eine sida og faktabasert sakprosa på den andre.

Intensjonen i skapingsforteljingane, er altså litterær og ikkje historisk dokumentarisk.

I den første skapingssoga, 1. Mosebok 1.1–2.3, strøymer den poetiske kvaliteten mot oss i setning etter setning: «I upphavet skapte Gud himmelen og jordi … og myrker låg yver det store djupet, men Guds Ande sveiv yver vatni.» Kvar setning er boren av tru og bodskap og poetisk kraft.

Og den poetiske verda lyfter seg suverent over alle historiske eller kronologiske innvendingar: Lyset blir skapt («Det verte ljos!») fleire dagar før lyskjeldene, sola og månen blir skapte.

Og legg merke til korleis forfattaren unngår alle trivialiserande uttrykk: Sola og månen blir ikkje nemnde, men «Gud gjorde dei tvo store ljosi».

Forfattaren let Gud skape dyr og fuglar, frukt og grøne vekster, men nemner ikkje eit einaste namn, med eitt unntak: Mennesket! «I Guds likning skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.»

Til slutt kviler Gud, «Og Gud skoda alt han hadde gjort, og sjå, det var ovleg godt».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den andre skapingssoga finn vi i 1.Mos. 2,4–25. Denne manglar poetiske kvalitetar, men er ei fantasifull forteljing om korleis Gud skapte mennesket, mannen først og så kvinna som ein sekundær skapning.

Men inne imellom desse to skapingsaktene førebur forfattaren forteljinga om Syndefallet, som er metta med litterære symbol.

Forteljinga om Syndefallet, er nærast ei opprekning av skilnader mellom dyr og menneske, og forfattaren ser på det som ei enorm ulykke at menneska voks seg ut av fellesskapen med dyra, skaffa seg kunnskap og lærte å skilje mellom godt og vondt.

Også klede blir framheva som eit viktig skilje mellom menneske og dyr. Så lenge menneska levde heilt og fullt i naturen slik dyra gjorde, var dei framleis i paradiset.

Der fanst det ikkje godt eller vondt, sant eller usant, og arbeidet dei måtte gjere for å livnære seg, hadde dei ikkje noko medvit om før etter «Syndefallet».

Haldninga til denne forfattaren finn vi att hos ein og annan av dei mest rabiate miljøfantastane i vår tid: Mennesket treng ikkje, og bør ikkje overleve, det er naturen som er viktigast.

Så etter som mennesket er i ferd med å øydeleggje naturen, kan vi berre håpe på at det rette viruset dukkar opp.

«Until such time as Homo Sapiens should decide to rejoin nature, some of us can only hope for the right virus to come along.» (David Graber, amr. biologisk forskar, U.S. National Park Service).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når ein er van med å lese skjønnlitteratur, ser ein straks at det er skjønn- eller fiksjonslitteratur syndefallsforteljinga er. Og for at ingen skal kunne vere i tvil, let forfattaren ormen snakke, og det er berre i eventyra at dyr snakkar.

Same kva David Graber eller andre finn på å skrive, var «Syndefallet» – at menneska fekk kunnskap og evne til å tenkje – så visst inga ulukke, men eit stort steg framover i den menneskelege utviklinga, same kor lang tid eller på kva måte det kan vere snakk om.

Bilethoggaren Anders Svor (1864–1929) viste oss kva denne teksten handlar om i den kjende, vakre skulpturen som han kalla «Adam og Eva», eller også berre «Syndefallet», som er ein heilt tydeleg skulpturell allusjon til «Tenkjaren», av den verdskjende bilethoggaren Auguste Rodin (1840–1917).

Korleis kan ein stille seg til all denne mangel på kunnskap og erfaring som kjem til uttrykk i argumentasjonen for at skapingsforteljingane er eksakt historieskriving, og at jorda berre er 6.000 år?

Bilete og likningar er dei som skriv slikt, ute av stand til å forstå, og geologar og fossilforskarar må i deira avgrensa tankeverd berre fare med tull og tøys.

Far min arbeidde i ei kolgruve på Svalbard for snart hundre år sidan. Han tok med seg heim eit par steinheller med tydelege fossile avtrykk av barkvister.

Danninga av slike fossil djupt i kolgruva hadde teke meir enn 6.000 år, og Svalbard har brukt meir enn 6.000 år på å flytte seg frå eit frodig klima i sør til 80 grader nord.

Gammaljordkreasjonisme og intelligent design er i og for seg heilt greitt, men ikkje ein ungjordskreasjonisme som ikkje har anna å fare med enn ei fundamentalistisk pukking på meiningslause og rett ut sagt tullete tankar. Og kor lenge skal Dagen halde fram med å setje desse tankane på trykk?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det verkar som om dei bokstavtru bibellesarane overser eller teier om ein ting. Bibelen er skriven av menneske, og ikkje eingong med påhalden penn. Vi må skrive og tenkje sjølve, den fridomen og den evna har vår gode Gud gjeve oss, og ingen vil hevde at Gud har overlevert eit einaste ord til menneska skrive av han sjølv.

Då er openberringa det einaste grunnlaget for rettleiingskrafta i skriftene, men openberringa kan berre leverast vidare til dei som sjølve opplever openberringa akkurat som ei openberring.

For openberringa kan aldri vere eit spørsmål om autoritet, men om aning, kunnskap og intuisjon. Og sanninga høyrer den spørjande, intuisjonsstyrte lesaren og leitaren til, ikkje autoritetsbundne, aningsframande sinn.

Les også
Hvordan ble jorden skapt og har det noe å si?
Les også
Gud skapte ikke synden og døden