Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad, NTB

Når Guds ord ikkje lenger gjeld i kyrkja

Er Den norske kyrkja blitt redusert til eit sosialt fellesskap der det viktigaste er å imøtekoma menneska sine opplevde behov i eit sekulært samfunn?

Det er ein underlege situasjon me har fått i Den norske kyrkja. Med tilslutning frå biskopane er det lov å via to menn eller to kvinner til ekteskap – mot skaparordninga og Bibelens klåre føresetnader om at ekteskapet er eit samliv mellom kvinne og mann.

På den andre sida vert ein prest som forkynner den bibelske sanninga om abort, kjønnsskifte og likekjønna ekteskap kritisert og fråteken oppgåva med konfirmantundervisninga, slik som det hende med sokneprest Bjarne Gustad i Kautokeino.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva skal kyrkja vera? Ein klubb for menneske som har dei same meiningane om sosiale trendar i tida? Eit religiøst samfunn der me får trøyst til å leva med godt samvit i våre synder (som me ikkje vil gje avkall på)?

Eit sosialt fellesskap der det viktigaste er å imøtekoma menneska sine opplevde behov i eit sekulært samfunn? Dette er ei frigjering frå Bibelens bod, og boda er med i kyrkja si vedkjenning (Luthers vesle katekisme). Men er det sikkert at denne fridomen er god?

Mange har opplevd at fridom frå Bibelen sine bod og normer er tung å bera. Problemet er at me ikkje tar vår syndige natur på alvor. Fjodor M. Dostojevskij har skrive noko klokt om dette:

Quote

Gud har openberra sin gode vilje for alle menneske i Bibelen: Det er evangeliet til frelse for alle ved trua på Jesus Kristus, og det er bod og formaningar til eit meiningsfullt og godt liv i denne verda.

Det var dette sokneprest Bjarne Gustad forkynte til konfirmantar og foreldre i Masi i august. Slik undervisning og forkynning treng me mykje av i Den norske kyrkja.

Måtte me få mange uredde prestar og forkynnarar!

Les også
Fratatt ansvar for å undervise konfirmanter
Les også
Her er Bjarne Gustads preken
Les også
Angrer ikke på omstridt preken