KATHMANDU: Om det vart oppdaga at katastrofehjelpa vart blanda med evangeliseringsframstøyt, ville det vere svært øydeleggande for arbeidet med å bringe hjelp til dei naudlidande.

Etisk evangelisering

I misjonsarbeidet er det ein fare for at ein blir for forsiktig, men kan det også vere ein fare for at ein i sin iver etter å dele evangeliet kan trakka over nokre grenser?

Heilt frå Apostelgjerningane si tid ser me at forkynning av evangeliet og engasjement for menneska sine fysiske problem gjekk hand i hand. Dette har fylgt kyrkja opp gjennom heile misjonshistoria.

Boka «Undivided witness» (Regnum 2020) drøftar på ein svært interessant måte ti ulike prinsipp for utviklingsarbeid som samstundes ynskjer å bygge levande fellesskap av Jesus-etterfylgjarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Desse ti prinsippa vart utvikla på eit møte i regi av Oxford Centre for Mission Studies i oktober 2018. Dei fleste av deltakarane på dette møtet hadde bakgrunn frå Operasjon Moblilisering (OM) og All Nations Christian College.

Dette er evangelikale misjonærar og missiologar som har brei erfaring frå praktisk misjonsarbeid.

Éin av desse er Mark Galpin. Han er no ved All Nations, men har tidlegare 30 års erfaring frå utviklingsarbeid i Nepal. I boka skriv Galpin ein artikkel om temaet «Etisk evangelisering».

Han fortel om erfaringane sine i samband med det store jordskjelvet som råka Nepal i 2015. På eit møte der ulike kristne hjelpeorganisasjonar var samla, var det ein som klaga sin nød.

«Det er så vanskeleg å få integrert evangelisering i hjelpearbeidet!» Då desse orda fall, var Galpin rask med å gjere det klart at det er heilt uaktuelt å integrere evangelisering i hjelpearbeidet. Kvifor var han så tydeleg på det?

Jo, han visste at i Nepal er det svært vanleg å skulde kristne hjelpeorganisasjonar for å bruke hjelpearbeid som eit middel til å omvende menneske. Styresmaktene var difor svært nøye med å overvake dei kristne aktørane.

Om det vart oppdaga at katastrofehjelpa vart blanda med evangeliseringsframstøyt, ville det difor vere svært øydeleggande for arbeidet med å bringe hjelp til dei naudlidande.

Den lokale kyrkja i Nepal var difor også svært tydeleg på at no var tida inne for å fokusere på dei naudlidande sine fysiske behov, ikkje forkynning. Den fortvila hjelpearbeidaren tenkte annleis. For han var det viktig å integrere evangeliseringa i hjelpearbeidet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I Cape Town-erklæringa, som vart vedtatt på den store misjonskonferansen i Cape Town i 2010, står det at me som kristne er kalla til å dele dei gode nyhenda ved å evangelisere, men me skal ikkje engasjere oss i uverdig proselyttmakeri.

‘Proselyttmakeri’ blir her forklart som forsøk på å tvinge andre til å bli «ein av oss», «til å godta vår religion» eller til og med «til å slutte seg til vårt kyrkjesamfunn». Dette blir så forklart vidare:

Vi forplikter oss til å være gjennomført etiske i all vår evangelisering. Vårt vitnesbyrd skal kjennetegnes av at det gjøres «ydmykt og med frykt, så dere kan ha en god samvittighet.». (https://www.lausanne.org/nb/cape-town-erklaeringen-2/cape-town-erklaeringen)

Kva vil det seie å evangelisere uetisk? I Cape Town-erklæringa er det forklart som vitneteneste som er prega av tvang, bedrag eller mangel på respekt. Sårbare menneske kan fort kjenne seg tvungen til å ta mot det som blir forkynt.

Vil dei framleis få hjelp sjølv om dei ikkje går over til kristendommen? Vil min nye venn miste interessa for meg dersom eg avviser det han forkynner til meg?

Slike spørsmål kan vere eit teikn på at me har gått over ei etiske grense i arbeidet vårt. Men dei kan også komme frå grunnlause skuldingar frå motstandarar som vil sverte misjonsarbeidet og hindre at folk tek imot den gode bodskapen.

I 2. Tim 4,2 oppmodar Paulus sin unge venn og medarbeidar: «Forkynn ordet, stå klar i tide og utide». Betyr dette at ein skal forkynna i tide og utide, eller skal det forståast på ein anna måte?

Er det tider når det er uetisk å evangelisere med ord? Er det tider då ein i staden for å dele ordet heller skal kommunisere Guds kjærleik gjennom måten ein møter andre menneske på?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Betyr holistisk, eller heilskapleg misjonsarbeid, at evangelisering og diakonalt arbeid skal skje samstundes eller betyr det at begge deler skal skje, men til ulike tider og kanskje også av ulike personar?

Jesus sjølv hjelpte mange og svært ofte utan å kome inn på den åndelege situasjonen til den som fekk hjelp. Han sprang ikkje etter dei som avviste han, men respekterte deira val.

I misjonsarbeidet er det ein fare for at ein blir for forsiktig, men kan det også vere ein fare for at ein i sin iver etter å dele evangeliet kan trakka over nokre grenser slik at evangeliseringa blir uetisk?

Desse spørsmåla er det viktig å vere merksam på og halde levande.