«Den tradisjonelle tenking omkring posisjonane embete og lekmann merkar vi lite til i dokumentet, men i staden løftar ein fram det bibelske perspektivet på ekklesiologien», skriv Steinar Dimmen.

Menighetstenking i NLM

Det er utifrå Bibelen ikkje lett å definere kva som i praksis er hyrde og læreoppgåver, mange saker er i grenseland og gjer at ein må opptre med skjønsemd. 

Dokumentet «Menighetstenking og organisasjonsstruktur i NLM» som er no tilgjengeleg for lesing, det skal seinare leggjast fram for Rådsmøte.

Framlegget er klart og lett å lese, sjølv om tematikken kan vere framand for mange. Det er vel verdt å lese.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dokumentet går djupt og løftar fram Bibelens lære om menigheit og kyrkje på ein god og grunngitt måte.

Den tradisjonelle tenking omkring posisjonane embete og lekmann merkar vi lite til i dokumentet, men i staden løftar ein fram det bibelske perspektivet på ekklesiologien.

Med utgangspunkt i NLM si historie og kyrkjesyn analyserer det dagens situasjon og trekkjer opp praktiske linjer for dei mange og varierte misjonsfellesskapa i NLM. Frå store forsamlingar med menighetsstruktur til små enkle foreiningar.

På ein god måte skisserer dokumentet opp dei praktisk pastorale utfordringane som NLM står i og som det er heilt nødvendig å finne løysingar på slik den kyrkjelege situasjonen har utvikla seg dei seinare åra. Her synest eg dokumentet gir gode praktiske løysingar.

Det vanskelege temaet «tenestedeling» er halde fast i samsvar med Bibelen, og det er gitt organisatoriske løysingar som eg meiner fangar opp dette bibelske lærepunktet, men som samstundes gir nytt og heilt nødvendig rom for kvinners teneste i organisasjonen.

Om eg skal kome med synspunkt, så bør det kanskje uttalast litt tydlegare kva tilsyn omfattar (p 3.3). Det er utifrå Bibelen ikkje lett å definere kva som i praksis er hyrde og læreoppgåver, mange saker er i grenseland og gjer at ein må opptre med skjønsemd.

Det same gjeld i spørsmålet om når og kven som utøver det pastorale arbeidet. Temaet vil derfor sikkert dukke opp, og det kan difor vere klokt å gi fleire tydlegare signal om dette, særleg inn mot det nasjonale leddet.

Felles styremøte mellom styre og tilsynsråd vil hjelpe mykje på dette, det vil særleg vere nyttig på lokalplanet, der eg meiner det minimum må vere to møter i året, men også på regionalt og nasjonalt nivå er det viktig å ha slike felles treffpunkt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ulike kategoriar som menigheit, fellesskap og smågruppe er ein god distinksjon som gir nyttige avklaringar for arbeidet og den pastorale praksis.

Planen må implementerast i NLM sitt arbeid med klokskap. Den pastorale praksisen på lokalplanet krev mykje innsats og tolmod, men det er nødvendig at vi set det på dagsorden, og eg trur det over tid vil gi resultat.

Så håper eg det også i framtida er rom i NLM for grupper og personar som ikkje har hatt tida til å lese eller som ikkje bryr seg mykje om dokumentet. Vi må ta godt vare på alt initiativ og tenarsinn, og gi stort rom til nye menneske som ynskjer å tene Jesus.

Når det gjeld siste avsnittet om NLM trussamfunn synest det å vere uferdig. Trussamfunnets styre har slik eg les det ikkje forbindelse med regionane og lokalmenigheiter i NLM. Dette punktet reknar eg med Hovudstyret vil kome tilbake til.

Mange ting vil sikkert verte justert, men eg håper hovudlinjene vert ståande. Takk til Hovudstyret og til arbeidsgruppa som har gjort eit grundig arbeid.

Eg håper dokumentet vert vedteke og sett ut i praksis, det gi god retning for arbeidet.