«Kristensionisme er eit stort problem som vi må ta stilling til som kyrkjer», skriver Olav Fykse Tveit (til venstre) og Atle Sommerfeldt (nummer to fra venstre). Bildet er fra pressekonferansen i forbindelse med Bispemøtet i Trondheim.

Kristensionisme og vårt ansvar for å seie ifrå

Kristensionisme er eit stort problem som vi må ta stilling til som kyrkjer. Det gjeld ein uansvarleg bruk av heilage tekstar.

Biskop Bernt Eidsvig og biskop em. Ole Chr. Kvarme har kommentert Bispemøtets (BM) fråsegn frå 16.10. om kristensionismen.

Denne gongen uttalte BM seg om kva kristne seier og gjer i kristendommens namn som kan grunngje undertrykking og brot på menneskerettar, og ikkje kyrkjas forhold til jødedom spesielt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er difor viktig at dei «deler vurderingen at det er misbruk av det bibelske vitnesbyrd å legitimere at palestinerne fratas sine rettigheter og avskrives sin tilhørighet til landet.» (Sitat Eidsvig/Kvarme i Vårt Land 31.10.20)

Kristensionisme er eit stort problem som vi må ta stilling til som kyrkjer. Det gjeld ein uansvarleg bruk av heilage tekstar. Dette vert omsett i ein teologi som vert brukt til å legitimere ein politikk med stor gjennomslagskraft i verda i dag.

Det gjeld særleg støtte til framleis okkupasjon og vidare annektering og Israels ekspansjon i dei palestinske områda i den aktuelle situasjon.

Dette har Bispemøtet tatt stilling til i ei kort fråsegn den 16.10., vel vitande om at den mest ekstreme kristensionisme i og for seg ikkje representerer ei stor definert gruppe i Noreg, slik som t.d. i USA. Vi er også heilt samde i at det også er andre problem som er viktige å ta fatt i.

Våre to kollegar etterlyser at BM ikkje samtidig har gitt uttrykk for kritikk mot ein uansvarleg bibelbruk i kyrkjene - før og no - som har ført til anti-jødiske utsegn og haldningar.

Som dei viser til, så gav Bispemøtet ei klår fråsegn om nettopp det i 2016, og som Kvarme var med og forfatta sjølv. Også i den svært korte fråsegna som BM gav no i 2020, er det eit avsnitt med sjølvkritikk av kyrkjas teologi og praksis i så måte.

Kyrkja skal søkje eit riktig og kristeleg forhold til jødedom og jødar i vår tid. Dette er eit ansvar og eit mål vi deler med Eidsvig og Kvarme.

Dette er også eit viktig mål for mange søsterkyrkjer og internasjonale økumeniske organisasjonar, så som Kirkenes Verdensråd og Det lutherske verdsforbundet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som BM spesielt nemner, er det også mange søsterkyrkjer og kristne søsken som etterlyser ei klar avvising av kristensionismens teologi og kva den no fører til i praksis.

Særleg gjeld det våre kristne palestinske søsken. Det står om livet og framtida for dei som folk og kyrkjer no.

Då er det svært vanskeleg for dei om kyrkjer elles i verda teier når vår kristne tru og våre heilage skrifter vert brukte for å undergrave deira rettigheiter og deira framtid.

Difor er det eit tungt ansvar å bere for oss om vi er vitne til at dette skjer utan å seie klårt i frå.

Les også
Uttalelse om kristensionisme
Les også
Det biskopene burde ha sagt om Israel