SYNDFLODEN: Kronikkforfattaren snakka ein gong med ein liberal prest som fortalde han at han ikkje trudde på storflaumen, men at han trudde på bodskapen i forteljinga om storflaumen.

Skapinga og vitskapen

«Vitskapen seier» betyr ganske enkelt «Den etablerte vitskapen seier». Og i fleire vitskapsgreiner har det hendt at den etablerte vitskapen tok feil og måtte korrigerast av uetablerte forskarar med andre idear.

I Nederland snakka eg ein gong med ein liberal prest som fortalde meg at han ikkje trudde på storflaumen («syndfloden»), men at han trudde på bodskapen i forteljinga om storflaumen. Eg sa då at for meg var Guds makt ein del av bodskapen, og på det svarte han at Guds makt trudde han uansett på; det trong han ikkje forteljinga om storflaumen til.

Eg hadde ikkje svar på det med ein gong, men då eg kom heim tenkte eg med meg sjølv: Javel, dersom Gud hadde makt til å gjera det, men ikkje gjorde det, då ville Han det altså ikkje. Og det betyr då at anten så var ikkje menneska blitt så vonde, eller så tok ikkje Gud denne vondskapen så alvorleg, som Bibelen ville ha det til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dermed hadde han på ein gong begynt å rikka med to viktige element i vår forståing av kvifor Jesus måtte døy.

I mi erfaring er det svært vanskeleg å få den same tolkinga ut av Bibelen når ein ikkje trur på historisiteten i disse første elleve kapitla i 1. Mosebok som når ein trur på han. Slik eg minnest det, var bodskapen i forteljinga om storflaumen ifølgje denne presten at det alltid er håp. Håp om å klara det, uansett kor vanskelege ting blir.

I intervjuet med John Skartveit den 22. september las eg at folk blei åtvara mot å læra borna sine til å tru at desse kapitla er historiske. Grunnen var at dei seinare kunne få problem med trua si når dei blei konfrontert med den etablerte vitskapen sin versjon av korleis ting blei til. Eg ser jo det problemet.

Men når me fortel dei at dei ikkje utan vidare kan lesa Bibelen som det står, kan dei òg få problem. Kva så med resten av Bibelen? Korleis kan, eller skal, den lesast? Dermed kan deira tru på Bibelens pålitelegheit og deira evne til å oppfatta Bibelens bodskap bli svekka. Men som sagt, eg ser problemet.

Det beste hadde vel eigentleg vore om desse kapitla verkeleg var historiske!

Men er det mogeleg? Kan vi berre gå imot vitskapen? Her er det viktig med litt definisjon. Vitskap og vitskap kan vera forskjellige ting. «Vitskap» kan bety «den vitskaplege metoden», ein avansert verktøykasse for å leita etter svar på menneskeslekta sine spørsmål.

Det interessante er at denne metoden aldri gjev noko endeleg svar. Vitskapen sitt svar på menneskeslekta sine spørsmål kjem i store bibliotek med ubegripeleg mange bøker og artiklar, som gjerne talar imot kvarandre.

Så når nokon hevder at «Vitskapen seier at dinosaurane døydde ut for 60 millionar år sidan», så betyr det at eit fleirtal av dei bøkene og artiklane det gjeld anten argumenterer for det eller går ut ifrå det. Men i dei same biblioteka står det òg bøker som av ulike grunnar talar imot det. Så «Vitskapen seier» betyr ganske enkelt «Den etablerte vitskapen seier». Og i fleire vitskapsgreiner har det hendt at den etablerte vitskapen tok feil og måtte korrigerast av uetablerte forskarar med andre idear.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er så absolutt ingen tvil om at den etablerte vitskapen talar kraftig imot 1 Mos 1-11. Men det som er så merkeleg er at den etablerte vitskapen er så rask til å dømme motstandarane som uvitskapelege, slik som t.d. blei gjort med den Darwin-kritiske forskinga vi las om den 21. oktober. Dette stemmer ikkje med den vitskapelege metoden.

Alle teoriar bør utforskast skikkeleg, ikkje bare ein. Så lenge ein bare har ein teori å tolka observasjonane i, er det alt for lett å oversjå detaljar som ikkje stemmer med den teorien, eller så blir det fort skapt ein liten del-teori som får det til å stemma likevel. Det er forresten ofte nødvendig uansett, fordi verkelegheita alltid er meir innvikla enn teoriane våre.

Ein treng alltid litt slingringsmonn for korleis ein forenklar verkelegheita for å få det til å stemma. Så det er ikkje galt. Men dersom ein annan teori treng færre del-teoriar og mindre forenkling, kan det vera at han er betre. Og det ser ein ikkje når ein bare testar ein teori.

Så alle teoriar bør testast, så sant dei kan testast. Dette gjeld dei to kristne variantane gammal-jord-kreasjonisme og ung-jord-kreasjonisme, og så Intelligent Design som skal vera nøytral når det gjeld kven den intelligensen er, Panspermia som føreslår at livet på jorda kom frå verdsrommet og Process Teleology, som føreslår ein slags panteistisk upersonleg målrettaheit som skal ha drive utviklinga. Og kanskje ennå fleire.

Det som er viktig å halda fast som prinsipp er at ingen teori i seg sjølv er uvitskapeleg, så lenge han kan testast. Vel, han må jo ikkje motseia seg sjølv heller. Testmetodar kan vera uvitskapelege, forskarar kan vera dårlege vitskapsfolk, men ein testbar teori kan i seg sjølv ikkje vera uvitskapeleg. Han kan vera usannsynleg eller upopulær, men ikkje uvitskapeleg. Så sant det er menneske som er interessert i teorien, er vitskapen eit brukbart verktøy for å testa han.

Av dei to kristne variantane er det ung-jord kreasjonisme som av den etablerte vitskapen sterkast blir skildra som uvitskapeleg. Likevel er ung-jord teorien vitskapeleg sett ein betre teori enn gammal-jord teorien, i den forstand at han er lettare å testa.

Dei elleve første kapitla i 1 Mosebok inneheld så store hendingar som bør ha sett spor etter seg, at det derfor finst ein masse som kan testast. Ein «betre teori» betyr her ikkje at han er meir sannsynleg, berre at det skulle vera lettare å avkrefta han dersom han er usann.

Og ung-jord kreasjonistane jobbar med denne testinga. Sjå t.d. YouTube serien «Is Genesis History?». Ein kan seia at den risikoen vi blir åtvara å ikkje utsetja barna våre for, tek dei bevisst på seg: konfrontasjonen mellom 1 Mos 1-11 og vitskapen. Men denne gongen ikkje den etablerte vitskapen, men den vitskapelege metoden. Kva ville dei gjera dersom den vitskapelege metoden slo ut historisiteten i 1 Mos 1-11? Spesielt etter at dei hadde slått fast (med vitskapelege metodar) at den hebraiske forma som er brukt i desse kapitla skildrar hendingane som historiske?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Javisst, dei kunne ha fått store problem med trua si dersom dei ikkje kunne klara å få nokon samanhengande forståing av fortida. Men med «Catastrophic Plate Tectonics» fann dei ein modell som kunne forklara ein masse. Og kva skulle dei ha gjort dersom altfor få jordlag hadde vist spor etter ein storflaum på verdsbasis?

Som for eksempel då dei drog med ein masse studentar til Grand Canyon for å undersøkja om eit visst lag av sandstein hadde blitt danna av ein masse vatn i kraftig rørsle eller av ein langvarig periode med ørken. Hadde det blitt danna i tørr ørken, hadde dei nok fått problem med tolkinga si.

For då hadde det vore flaum både nedanfor og ovanfor med langvarig ørken innimellom. Men alle spor tyda på at dette òg var lagt ned av ein veldig flaum.

Kva skulle dei ha gjort med bibeltruskapen sin då dei gjekk inn i dette med radioaktiv datering? Dei visste godt at dei måtte finna bevis for noko så stort som at radioaktiviteten ikkje hadde vore konstant, som John Skartveit antyda. Dei tok sjansen med å setja seg inn i det. Og fann bevis!

Førebels kan teorien stå side om side med den etablerte teorien og fleire andre, for han har bestått ein god del testar så langt. Vitskapeleg sett betyr det ikkje at teorien er sann - det er ikkje vitskapeleg bevist før alle andre teoriar har blitt motbevist.

Men me som trur at Bibelen er Guds ord, me kan heilt roleg tru på det at 1 Mos 1-11 er meint historisk, og har hendt just som det står der. Og det er nok best at vi lærar barna våre til å stola på det, og at vi byggjer opp under det med det beste vitskapen har å tilby.

Les også
Guds skapelse og jordens alder
Les også
Nei, Bibelen er ikke skrevet til oss
Les også
Arbeidets teologi