«Kva skal ein med Bibelen når me har slike teologar som Åste Dokka (biletet) og fleire?» spør Jostein Sandsmark.

Bibelsk tale

Det undrar meg at desse teologane som fristillar seg frå bibelorda aldri tek opp temaet «Falske profetar» – dei som forkynner vranglære. 

«Om nokon talar, han talar som Guds ord» – 1 Pet 4,11.

Det er ikkje alle som gjer det. Når ein profilert teolog kan setja seg til dommar over Guds tale, blir me uroa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fast skribent i Vårt Land og bidragsytar i Dagen, Åste Dokka, uttalar: «I min tro og i mitt gudsbilde kan jeg ikke tro at Gud vil sende noen til helvete, eller til noen fortapelse eller adskillelse (…) teologisk er det ekstremt vanskelig å skulle forsvare en tro på helvete».

Kva skal ein med Bibelen når me har slike teologar som Åste Dokka og fleire? Det undrar meg at desse teologane som fristillar seg frå bibelorda aldri tek opp temaet «Falske profetar» – dei som forkynner vranglære.

Desse er det varsla om og åtvara i mot. Kan det vera fordi det nettopp er dei sjølve det dreiar seg om?

For det å fornekta livets to utgangar er så ubibelsk som råd er. Ein treng ikkje vera særleg bibelkunnig eller teologutdanna for å sjå at dette er forførande retorikk og ikkje «tale som Guds ord». Og dette synet vert jamnast fremja av fagteologar – som i årevis har studert Bibelen.

Kan det vera den teologiske utdanninga dei har vore gjennom – der dei i sitt bibelstudium hovudsakleg har befatta seg med «innpakninga» – det formelle i Skrifta?

Det forskast på dei ytre tinga ved Bibelen – autentisitet, historisitet, forfattarskap, språk, tidslinje og ei rekke perifere ting. Var Job ein historisk person? Har me to Jesaiaer? Alt blir sikta og nøye vurdert – men kva med bodskapen?

Kva vil Bibelen seia oss? – Korleis skal me leva liva våre for å vera i samsvar med Bibelens tankar? Korleis skal me bli bevart og nå fram til slutt?

Alle som ikkje fokuserer på dette viktigaste – og har dette som fremste siktemål, er forførarar.