Advokaten Nguyen Bac Truyen (t.h.) har i lang tid kjempet for rettighetene til religiøse minoriteter i Vitenam. I 2018 ble han dømt til 11 år i fengsel. Nå får han Stefanusprisen for sin kamp. Foto: Privat

Står opp for andres tru

Det kostar å stå opp for trusfridom og religiøse 
minoritetar i Vietnam. Nguyen Bac Truyen (52) har 
til saman fått 14 og eit halvt års fengsel for motet sitt.

Ei rettssak mot fleire demokrati-aktivistar i den vietnamesiske hovudstaden Hanoi 5. april 2018 vart raskt gjort unna. Dommen var i grunnen klar før saka starta.

Nguyen Bac Truyen vart dømt til 11 års fengsel og 3 års prøvetid. Pastor Nguyen Trung Ton, ein av dei andre, fekk 12 års fengsel. Dei vart dømde for «aktivitetar som har som mål å styrta regjeringa».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er strenge straffer for slikt i Vietnam. Det kommunistiske styret styrer med hard hand. Rett nok kan vi sjå kyrkjer og andre gudshus. Men det tyder ikkje at dette er eit fritt land for truande.

Religionslova krev registrering og statleg godkjenning. Dei trussamfunna som vil oppnå dette, må gjennom ein årelang godkjenningsprosess. Registrering legg band på religionsutøvinga.

Dei som ikkje er registrerte, må tola diskriminering og til dels hard undertrykking. Undertrykkinga varierer. Det finst evangeliske kristne som har klart å byggja eit kyrkjeliv.

Det er ei misforståing av regimet kjempar mot trusfridom først og fremst av ideologiske grunnar. Vi har eit eittparti-styre som vil ha kontroll med grupper og idear som regimet fryktar vil utfordra makta. Kontrollbehovet trumfar alt.

Store område i Nord-Vietnam og i høglandet sentralt er eit lappeteppe av etniske minoritetar. Regimet er livredd krefter som talar for sjølvstyre. Mistrua verta ikkje mindre sterk dersom minoritetsfolk tek ei anna tru enn den som er utbreidd i landsbyen.

Då rykkjer politiet inn for å overvaka og trakassera. Tradisjonell fedretru er i orden. Kristne som bryt med fedredyrkinga og riv husalter, vert stempla som trugsmål.

Dei som står opp som aktivistar for trusfridom, andre menneskerettar og demokrati, får hard medfart. Kring 250 politiske og religiøse fangar sit innesperra med lange fengselsstraffer i Vietnam.

I juli 2014 drog dåverande FN-spesialrapportør for trusfridom, Heiner Bielefeldt, til Vietnam for å undersøkja trus- og livssynsfridomen. Vietnam har forplikta seg internasjonalt på trusfridom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bielefeldt møtte ein hardhendt politistat som skremde og trakasserte folk frå å møta FN-delegasjonen. I tre provinsar vart folk fysisk hindra i å møta han. På grunn av trugsmål og overvaking valde Bielefeldt å avbryta turen. Det er sjeldan kost.

Nguyen Bac Truyen, ein av dei Bielefeldt klarte å få møta med under skremmande omstende, var ein vellukka gründer. Men han kunne ikkje leva med grove menneskerettsbrot – landran og overgrep mot krigsveteranar og politiske fangar. Han blei difor advokat for å hjelpa offera. Mange har fått gratis rettshjep.

Nguyen Bac Truyen er hoa hao-buddhist. «Bøndenes buddhisme» er ei kring 100 år gamal reformrørsle. Mange er fattige, og dei legg stor vekt på nøysemd. Det kommunistiske regimet prøvde etter 1975 å kvela religionen med trakassering, konfiskering og øydelegging av gudstenester.

Det finst ei registrert utgåve av hoa hao-buddhisme. Den ikkje-godkjende utgåva møter hardhendt trakassering og forfølging. Nguyen Bac Truyen har stått opp for hoa hao-buddhistar som er utsette for overgrep.

I februar 2014 vart han arrestert. Etter internasjonale protestar blei han sett fri etter 24 timar, men Nguyen Bac Truyen vart nekta å koma tilbake til den aktuelle provinsen i Mekongdeltaet i sør.

Det følgde nye overfall mot han og kona Bui Thị Kim Phuong før Nguyen Bac Truyen i 2017 vart arrestert og bortført – og året etter dømt til 11 års fengsel og tre års prøvetid. Frå 2007 til 2010 sona han tre og eit halvt års fengsel.

Han sonar for å ha stått opp for rettane til ulike religiøse minoritetar. Mange katolikkar har fått gratis rettshjelp.

For folk med ei anna tru I Magasinet Stefanus skriv Michelle Nguyen i Georgia USA at motet og handlingane hans viser kor viktig motstandskraft er.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Medan staten ser han som fiende, er det viktig å slå fast at Nguyen Bac Truyen elskar Vietnam. Han er ein patriot og ingen agent for utanlandske krefter.

Stefanusalliansen får spørsmål om kvifor vi kjempar for trusfridom ikkje berre for kristne, men også for folk med ei anna tru. Her nøyer eg med å bruka Nguyen Bac Truyen som førebilete. Buddhisten sonar på einecelle i ei strengt vakt tryggingsavdeling i An Diem-fengselet mellom anna fordi han har kjempa for rettane til kristne som blir utsette for overgrep.

Nguyen Bac Truyen vert difor, med god grunn, æra med Stefanusprisen. Prisen som er oppretta av Stefanusalliansen, ber namnet til den første kristne martyren.

Nguyen Bac Truyen kjenner neppe Arnulf Øverland og «Du skal ikke tåle så inderlig vel...» Men han praktiserer livsmottoet. Med liv og helse som innsats.