KJETTERSK TANKE: Eg kan ikkje
...
KJETTERSK TANKE: Eg kan ikkje fri meg frå ein kjettersk tanke om at Hans Fredrik Grøvan vel å nytte ordet kulturarv og appellere til dei positive konnotasjonane kulturarv-ordet har, for eigenleg å argumentere for ei tyngre vektlegging av kristendom, kristen etikk og kristne verdiar i norsk politikk, skriv innsendaren. Foto: Gorm Kallestad / NTB
debatt
Grøvan og omgrepet «kristen kulturarv»
Del
Som leiar for eit institutt som har kulturarv som ansvarsområde, stoppa eg ved Hans Fredrik Grøvan sin kronikk i Dagen 7.10.2020. 

Tittelen var «vår kristne kulturarv skal ikke gjemmes bort». Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) arbeider på heile kulturminnefeltet, og har blant anna eit høgt fokus på kyrkjer og kyrkjekunst – som eg litt for raskt gjekk ut ifrå at var noko av det Grøvan ville skrive om.

Eg antok at eg ville vere svært samd med han i at dette er ein felles kulturarv som absolutt bør hegnast om og ikkje gøymast bort! Men eg var også spent på korleis han forheld seg til si eiga regjerings nye kulturmiljømelding og det som står om kyrkjer og kulturarv der? (Nye mål i kulturmiljøpolitikken, Meld. St. 16 (2019–2020) frå Klima og miljø-departementet.)

Men Grøvans konkrete utgangspunkt er at Venstre har tatt setninga «Det norske samfunn er preget av kristne og humanistiske tradisjoner» ut av sitt prinsipprogram.

Det er altså ikkje kyrkjene, kyrkjekunsten, salmene eller dei religiøse folketonene Grøvan er opptatt av, men dei immaterielle sidene av kulturarven som handlar om «verdiar». Dette er ikkje mindre interessant, men det utløyser eit spørsmål om det Grøvan legg i kulturarv i denne kronikken let seg sameine med regjeringa si nye Kulturmiljømelding – og med ein vanleg definisjon av kulturarv som for eksempel «heile den historiske plattforma eit samfunn står på» (norsk wikipedia).

I Kulturmiljømeldinga blir nye nasjonale mål for kulturmiljøpolitikken formulert. Dei dreier seg om engasjement, berekraft og mangfald. Det handlar altså om korleis dei fysiske kulturminna og praksisane knytt til denne, kan forvaltast for å byggje betre samfunn. Slike samfunn er prega av at folk får engasjere seg og ta del i praksisar knytt til kulturarven, av at kulturminna bidrar til sosial (og kulturell), økonomisk og miljømessig berekraft, og av at kulturminna speglar eit mangfald av kultur i befolkninga. Det overordna målet er at ein felles kulturarv skal binde samfunnet saman.

Men er dette eigenleg så lett å sameine med Grøvans ærend? Om vi skal oppsummere kronikken hans, kritiserer han Venstre for å ta bort referansen til kristne og humanistiske tradisjonar samstundes som han viser til Grunnlovens referanse til vårt kristne og humanistiske verdigrunnlag, og til den grunnlovsfesta tru- og religionsfriheita. Han gjer også eit poeng av at omsorgs- og helsevesenet har røtene sine i klostervesenet i mellomalderen – og slik sett i den kristne omsuten for dei svakaste i samfunnet.

Desse døma er ikkje oppklarande for meg, og eg har rett og slett undervegs i lesinga av innlegget mista innhaldet i Grøvans omgrep «kristen kulturarv». Er tru- og religionsfriheita eller det norske helsevesenet døme på kristen kulturarv? Nokre verdiar (så som religionsfriheit) er vel snarare humanistiske enn kristne, men Grøvan er jo rett nok samd i at begge delar utgjer verdigrunnlaget i landet vårt.

I lys av den nye kulturmiljømeldinga tenkjer eg at den rimelege tolkinga av at Venstre har tatt bort referansen til humanistiske og kristne tradisjonar er at denne fungerer ekskluderande for andre tradisjonar som ikkje blir nemnt. Og truleg botnar det i eit ønske om å samle befolkninga rundt det som er felles, ikkje å stenge nokon ute ved å utelate. Dette forstår sjølvsagt Grøvan, jamfør det han skriv om behovet for å fokusere på arven vi har felles i ei tid der stadig mindre bind oss saman.

Eg kan ikkje fri meg frå ein kjettersk (bokstavleg talt!) tanke om at Grøvan her vel å nytte ordet kulturarv og appellere til dei positive konnotasjonane kulturarv-ordet har, for eigenleg å argumentere for ei tyngre vektlegging av kristendom, kristen etikk og kristne verdiar i norsk politikk. Men det er ikkje gitt at kulturmiljømeldinga sitt nasjonale mål om å omfamne mangfaldet, og å byggje sosial og kulturell berekraft ved hjelp av kulturarven, let seg sameine med Grøvans etterlysing av meir synleggjering av «den kristne kulturarven» i politikken.

Eg er samd med regjeringa når den i kulturmiljømeldinga eksplisitt tar til orde for at kulturarven bør fungere som lim i samfunnet, og ikkje ekskluderande. Difor må mangfaldet løftast fram.

Eg meiner difor at Grøvan godt kan ta til orde for tydelegare vektlegging av kristne verdiar i norsk politikk, men å argumentere med at dette er god kulturarvpolitikk er ikkje kompatibelt med hans eiga regjerings stortingsmelding på området. Det er dermed Venstres prinsipprogram.

hans fredrik grøvan,KrF,kristin bakken,kulturarv,norsk institutt for kulturminneforskning,kirker,venstre,salmer