HØYE TALL: Opp mot 200.000 personar er no registrert som heilt eller delvis ledige, og det utgjer 7,1 prosent av arbeidsstyrken. I aldersgruppa 20–24 år er arbeidsløysa heile 11 prosent.

Kva treng ungdommane frå oss vaksne i denne tida?

Gjennom ungdataundersøkinga gjev ungdommane oss vaksne eit klart svar.

– Bruk oss, ha fokus på det vi får til og ikkje det vi ikkje får til slik at vi kan ha tru på at vi er gode nok som vi er, seier ungdommen i ei ungdata-undersøking.

2020 har vore særleg utfordrande for mange av ungdommane våre. Livet vart sett på vent over natta der alle aktivitetar vart avlyst, alle avtalar måtte utsetjast, lappen kunne ein ikkje ta, eksamenskonsertar som dei hadde øvd til i tre år vart avlyst, idrettsstemner, arrangement og studieturar vart det ikkje noko av, og så var det heimeundervisning og isolasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Heldigvis har dei sosiale medier, men likevel.

Mari Rege skreiv i ein kronikk i Dagens Næringsliv i sommar at for mange unge kan pandemien bli starten på eit livslangt utanforskap. Ungdomsledigheita er rekordhøg og det haster med tiltak som gjev ungdom ein arena å høyre til, kjenne på meistring og læring.

Ungdommane har ikkje ei fagrørsle som står opp for dei. Dei har ikkje ein lang CV å vise til, eller dei er godt i gang med eit studie som det faktiske ikkje lenger er jobb til.

Opp mot 200.000 personar er no registrert som heilt eller delvis ledige, og det utgjer 7,1 prosent av arbeidsstyrken. I aldersgruppa 20–24 år er arbeidsløysa heile 11 prosent skriv Mari Rege og ho er uroleg for både den psykiske og mentale situasjonen for ungdommane på lang sikt.

Med så stor ungdomsarbeidsløyse og omfattande kunnskap om korleis dette kan ramme ungdommane livet ut, er det underleg at vi ikkje høyre meir om dette i samfunnsdebatten om koronatiltak.

Det kjem ei tid etter korona. No står vi i ein veldig spesiell tid og med høg arbeidsløyse, men desto viktigare er det at vi bruker denne tida til å sikre kompetansepåfyll slik at vi står betre rusta for vidare vekst når vi er tilbake til normalen.

Vi i KrF er svært glade for at regjeringa i forslag til statsbudsjett har sett av 170 millionar til nettopp å styrke barn- og unges psykiske helse. Her vil kommunane få tildelt frie midlar, der ein kan setje i verk tiltak som kan førebygge.

Gjennom mange år har KrF både lokalt i Stavanger og nasjonalt framsnakka og prioritert skulehelsetenesta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleire helsesjukepleiarar og miljøarbeidarar i barne- og ungdomsskulen meiner vi i KrF er gode prioriteringar både for å sjå barn- og unge og samtidig ha tid til å snakke om utfordringar ein står oppi. Innan frivillig sektor er tilboda mange og gode.

Desse tilboda er viktig å styrke og verdsette. Så må vi ikkje gløyme foreldra, som ungdommane sjølv seier er dei viktigaste personane i livet deira. Styrking av foreldrerolla meiner eg er ei viktig satsing framover.

Kva treng ungdommane frå oss vaksne i denne tida? Gjennom ungdataundersøkinga gjev ungdommane oss vaksne eit klart svar.

– Bruk oss, ha fokus på det vi får til og ikkje det vi ikkje får til slik at vi kan ha tru på at vi er gode nok som vi er. Vi treng vaksne som er tilstades og snakke med oss, har tid til oss og ser oss!