«Med eit styrka Senterparti i
...
«Med eit styrka Senterparti i regjering frå neste haust skal politikken leggjast om og flyttestraumen snuast», skriv Liv Signe Navarsete (biletet). Foto: Ole Martin Wold, NTB scanpix
debatt
Politikk verkar
Del
Med eit styrka Senterparti i regjering frå neste haust skal politikken leggjast om og flyttestraumen snuast.

Tidlegare i haust var det stor merksemd kring Statistisk Sentralbyrå sine tal om folketalsutviklinga i Noreg og framskriving av eit sentraliserande flyttemønster som har utvikla seg under Høgre-regjeringa.

Også i 2005, då me overtok regjeringsmakta frå dagens regjeringsparti, gjekk folketalsutviklinga i feil retning.

I 2005 hadde 116 kommunar folkevekst, 249 kommunar hadde nedgang. Våre politiske motstandarar, både frå politikk og samfunnsliv elles, slo fast som ei sanning at denne utviklinga verken kunne stansast eller endrast.

Senterpartiet vart til dels latterleggjort då me hevda at distriktspolitikk verkar og at Senterpartiet i regjering skulle sikre ei anna utvikling for distriktskommunane.

Svaret fekk me i 2013. Då me gjekk ut av regjeringskontora var det 255 kommunar med folkevekst, 112 hadde nedgang. Ein rimeleg stor snuoperasjon som dessverre vart stansa.

Sentralisering kan bremsast eller stimulerast. Dagens regjering, ei «evigheitsmaskin» i sentralisering, har stimulert fråflytting frå distriktskommunar gjennom sine sentraliseringsreformer.

For kva er status i dag? I 2019 hadde berre 128 kommunar folketalsvekst, 291 hadde nedgang. I 2020 vil me truleg vere om lag attende til tala frå 2005.

Etter sju år med ei sentraliseringsivrig Høgre-regjering er det meste av våre tiltak for balansert folkevekst radert bort. Regionale utviklingsmidlar og kommunale næringsfond med meir er kutta, samferdslemidlane er sentralisert og flyseteavgifta er auka. Innovasjon Noreg er langt mindre distriktsretta i dag enn i 2013.

Samanslåing av kommunar og fylkeskommunar – delvis med tvang – den såkalla «nærpolitireforma» og nedlegging av sjukehus er berre nokre døme på sentraliseringstiltaka. Nedlegging av trafikkstasjonar, NAV-kontor og skattekontor er andre døme.

Så politikken verkar. Med eit styrka Senterparti i regjering frå neste haust skal politikken leggjast om og flyttestraumen snuast. Me har gjort det før og skal greie det igjen. Fordi Noreg treng det!

politikk,senterpartiet,liv signe navarsete,stortingsvalg,stortingsvalget,stortingsvalget 2021,valg,sentralisering