Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Oddvar Søvik lærer feil om mann og kvinne

Dette er den gode Guds vilje og ordning, som han i kjærleik planla og innstifta til vårt beste.

17. septemberhar Oddvar Søvik atter eit stykke om mann og kvinne i Guds kyrkjelyd. Underteikna har lest det meste Søvik har skrive om saka i Dagen i seinare tid.

For meg synest heile fortolkinga og argumenteringa hans å vera ei meir eller mindre avansert bortforklaring av Skrifta si meining og lære. Difor bør ingen festa lit til det Søvik lærer om desse ting.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I staden for å imøtegå argumentasjonen hans stykke for stykke – det ville kravd fleire og lange stykke – vil eg her peika på hovudpunktet der han tek feil: Guds ord lærer frå begynninga av at mannen er kvinna sitt hovud, og at ho skal underordna seg.

Dette får konsekvensar både i heim og i kyrkjelyd.

Ef 5,22–23 seier: «De koner: Underordna dykk under dykkar eigne menn som under Herren. For mannen er hovud for kvinna, liksom òg Kristus er hovud for kyrkjelyden – han som er frelsar for lekamen sin.»

Kvifor skal kvinna underordna seg? Jau, fordi mannen er hennar hovud. Desse uttrykka – hovud og underordning – korresponderer med kvarandre.

Du skal underordna deg den som er ditt «hovud». Hovudrekkja plasserer den einskilde inn i ei «myndigheits-rekkja». Du har nokon over deg og nokon under deg.

Dei fleste Bibel-lesarar veit at dette er Guds lære i ekteskapet. Der har mann og kvinne fått ulik funksjon. Mannen er hovudet og dermed den ansvarlege leiar.

Men i 1. Kor. 11:3. vert det same lærd der konteksten er forholdet mellom dei kristne elles, når dei var saman. Det vert der grunngjeve (som i 1. Tim 2:11 ff.) med skapinga.

Han skapte mannen først og så kvinna for mannens skuld (1.Kor 11:7–9). Ho vert sett inn i skaparverket i forhold til mannen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han er gjort til hennar hovud. Mannen får oppgåva og Ordet frå Guds munn, kvinna får det så frå Adam. Det er ikkje tvil om at apostelen med guddommeleg autoritet les dette ut frå 1. Mos. 1. og 2. Slik er det Guds Ånd som sant og påliteleg fortolkar seg sjølv.

Det er såleis i første rekke dette ordet 1. Kor 14:34. viser til, når apostelen føyer til «… men dei (kvinnene) skal underordna seg, som lova òg seier». Lova (Mosebøkene eller GT) lærer nemleg at mannen er hovud for kvinna.

Søvik derimot greier ikkje finna kvar lova seier det. «Jeg har ikke funnet noe sted i Det gamle testamentet som sier at kvinnen skal underordne seg mannen.» (kronikk 10. mars).

Det er fordi han ikkje forstår at apostelen med uttrykka fortolkar kapittel 2 i Første Mosebok og tek det på alvor.

Apostelen lærer at Gud ved å skapa mann og kvinne slik har gjort mannen til hovud og kvinna til underordna mannen. Mannen er gjort til hennar lærar og leiar.

Dette er Guds skaparordning og bakgrunnen for det som Guds ord lærer om mann og kvinne både i ekteskapet og i kyrkjelyden. Difor skal ein hyrde (tilsynsmann og eldste) og ein lærar i Guds ord for kyrkjelyden vera ein mann.

For at ingen skal mistyda meg: Ulik funksjon har ingen ting med ulik verd å gjera, slik at mannen skulle vera meir verd enn kvinna. Mann og kvinne er like kjære for Gud. Dei er som omvende til Kristus er like mykje Guds born, like mykje frelste (Gal. 3.28.).

Men likskapen i verd opphevar ikkje skilnaden i funksjon. Rett forstått etter Guds ord er denne skilnaden på mann og kvinne på ingen måte ei nedverdigande ordning for kvinnene, like lite som det er nedverdigande for mennene at dei ikkje får føda born.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er heller ikkje noko mennene skal gjera seg store av eller misbruka det til eiga vinning. Slik Kristus, Herren over si kyrkje, bøyer seg ned for å tena ho, slik skal mannen fylgja etter han.

Dette er den gode Guds vilje og ordning, som han i kjærleik planla og innstifta til vårt beste.

Difor bør alle kristne respektera og tala vel om denne ordninga, slik som ein respekterer, lyder og talar vel om Gud sjølv.