FRITIDSKORT: For born og unge mellom seks og atten år ligg det inne 180 millionar kroner til fritidskort i statsbudsjettet.

Born og eldre skal ikkje bli taparane

Korona-pandemien har vore spesielt krevjande for dei som allereie er mest sårbare.

Virusutbrotet vi står midt oppi er ikkje over, og det er krevjande for oss alle. Difor har KrF lagt opp eit budsjett med høg pengebruk for å sikre aktivitet i næringslivet i heile landet. Hovudprioriteringa vidare er born og eldre.

Før KrF kom i regjering tapte barnefamiliane år for år fordi ingen prioriterte å løfte barnetrygda. Når alle utgiftene aukar fordi prisane aukar, men ordninga står stille kjem familiane dårlegare ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter KrF har vore med å legge prioriteringane har vi fått snudd denne trenden. I årets budsjett vil ho auke med 3600 kroner for born som er under seks år. Samla har det då blitt 8200 kroner meir i året for denne gruppa.

For born og unge mellom seks og atten år ligg det inne 180 millionar kroner til fritidskort. Dette er viktige sigre i arbeidet mot barnefattigdom og for å forhindre at barn og unge blir ståande utanfor.

Det å bli foreldre er tidvis vanskeleg for dei aller fleste, men for nokre er det ekstra krevjande. Difor kjem det no 45 millionar kroner til programmet Familie for første gong eit program som skal hjelpe sårbare førstegongsfødande både før fødsel og barnas første leveår.

Noko anna som kan gjere det å få barn vanskelegare for noen enn andre, er økonomi. Om du ikkje har opptent rett til foreldrepengar får du ein såkalla eingongsstønad. Det er dyrt å få barn, og vi veit at ein betydeleg del av dei som tar abort seier det er på grunn av økonomi.

Nå sørger KrF for å nok ein gong auke eingongsstønaden for å styrke økonomien til dei foreldra som treng det mest. Sidan KrF begynte å forhandle med regjeringa i 2013 har vi nesten tredobla støtta.

Korona-pandemien har vore spesielt krevjande for dei som allereie er mest sårbare. Eldre fortel at dei har følt på einsemd og isolasjon. KrF har sørga for 60 millionar kroner for å motarbeide einsemd og isolasjon blant eldre.

Til tross for strenge smitteverntiltak er det mange aktivitetar som er mogleg å gjere, men det blir ein ekstra belasting fordi det krev og kostar meir for institusjonane og kommunane. Difor gjer vi no desse grepa.

Menneske som treng assistanse i det daglege skal vere trygge på at dei får eit godt og verdig tilbod. Difor vil regjeringa gi pengar til omsorgsplassar til menneske som treng omsorg, og foreslår å byggje og rehabilitere om lag 1000 nye sjukeheimsplassar og omsorgsbolegar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gravide som får vite at det er noko annleis med barnet sitt enten det er Downs syndrom eller ein anna diagnose, får ofte berre kunnskap om dei genetiske og medisinske aspekta og ofte dei mest valdsame konsekvensane som kan oppstå.

Då kan det vere godt å snakke med ein familie som har erfaring, å kunne få råd og stille spørsmål.

Slike samtaler får kommande foreldre altfor sjeldan med ein lege. Difor går regjeringa nå i gang med å lage ei kontaktfamilieordning, slik at alle som får vite at barnet har ein diagnose skal få tilbod om å snakke med en slik familie.

Dette budsjettet sett verkelig menneskeverdet på dagsorden. Eit anna døme på det er at regjeringa nå sett av 170 millionar for å kjempe mot psykisk uhelse blant barn og unge.

Det er diverre slik at det er ei auke blant barn og unge som har utfordringar, og det er for mange som venter for lenge med å be om hjelp. Det å ha en tidleg innsats, og kunne gi hjelp fyrste gong eit barn eller ein ungdom blir psykisk sjuk, kan endre heile livet til barnet.

Arbeid gjer frisk, og betyr mykje for oss alle. I samfunnet vårt faller nokon utanfor arbeidsfellesskapet. For KrF er det viktig å inkludere fleire. Difor har vi nå sørga for 300 nye varig tilrettelagte arbeidsplassar.

Framfor alt er det og eit budsjett der Noreg tar på alvor ansvaret vi har for medmenneske andre stadar i verda som lever i fattigdom. Der virusutbrotet er ei krise for oss, er det ei katastrofe for dei.

Derfor er helse ein hovudprioritet i bistanden og derfor er det viktig at Noreg bidrar.