Olav Fykse Tveit, preses i Bispemøtet, holder åpningstale til Kirkemøtet. Foto: Ole Martin Wold

Helsing til kyrkjemøtet

Det er godt mogeleg – som vi veit – å ha ulike meiningar om mange spørsmål som prestar i Den norske kyrkja, men ein kan ikkje velge korleis dei skal komme til uttrykk i praksis når ein står i ei presteteneste.

Dette er preses Olav Fykse Tveit åpningstale til Kirkemøtet 2020.

----------

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kjære Kyrkjemøte!

Vyrde statsråd! Takk for din gode tale og at du deltar her i dag saman med oss. Vi takkar for godt samarbeid og gode samtalar dei siste månadane, og for at det ser ut til at kyrkja får trygge økonomiske rammer i året som kjem. Vi ser fram til vidare samarbeid.

Når vi samlast her er det med mandat frå kyrkjas medlemer til å gjere godt og gagns arbeid saman for heile Den norske kyrkja.

Det inneber at vi saman skal å legge til rette for at kyrkja kan utføre sitt store oppdrag med å føre evangeliet vidare til alle det gjeld, frå folk til folk, frå slektsledd til slektsledd.

Då apostelen Paulus skulle oppsummere sin intense teologiske belæring til kyrkjelyden i Rom, der menneske med mange slags herkomst, tru og kultur møttest, skriv han i kapittel 15, vers 7: «Ta difor imot kvarandre slik Kristus tok i mot dykk, til Guds ære.»

Heile Romarbrevet kan lesast som eit svar på spørsmålet: Kvifor høyrer vi saman når vi er så ulike? Svaret var evangeliet om Jesus Kristus, som er det Paulus kallar «ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar» (1,17). Det er eit budskap som kan forandre menneske, og ikkje minst relasjonar mellom menneske.

Kvifor kan det det? Jo fordi det handlar – i ein essens – om at Kristus møter menneske med kjærleik og nåde. Og med forventning.

Som Paulus seier: vi skal møte kvarandre på same vis - like raust – og like respektfullt – og like kjærleg og ærleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Evangeliet er at Gud har tru på oss. Gud gir oss tillit og gir oss oppgåver av ulikt slag i denne verda, i teneste for fellesskapet og den

verda vi lever i. Det er ei stadfesting av vårt menneskeverd, ja, av at vi er skapte i Guds bilete.

Demokrati er eit uttrykk for slik tillit, tillit frå folket, frå dei andre, for at vi skal ta hand om og løyse oppgåvene saman til deira beste. I eit kyrkjeleg demokrati har vi fått nokre oppgåver saman som skal gjere Den norske kyrkja i stand til å fylle sitt gudgitte oppdrag.

For at det skal verte meir himmel på jord. Difor seier vi begge deler: Det er rom for deg i kyrkja, og det er bruk for deg i kyrkja.

Avslutninga av Romarbrevet høyrest nesten ut som ein agenda for eit Kyrkjemøte: Det handlar om det som må gjerast av kvinner og menn som har fått ulike oppgåver, om å anerkjenne dei ulike gåvene dei har, om å unngå splitting, om solidaritet og samarbeid, om innsamling til kyrkja i Jerusalem, om støtte til formidlingsoppdraget Paulus har fått å forkynne evangeliet, også «der Kristi namn ikkje er kjent».

Det er eit gjensidig ansvarleg forhold mellom dei som er i kyrkja i Roma, og dei er gjensidig avhengige av kvarandre.

Slik er det og skal det vere også mellom oss som er samla her som Kyrkjemøte frå heile landet, med støtte gitt til ulike lister, eller vi er her på grunn av ulike tenester vi er sette til i kyrkja, til dømes som biskopar.

Vi skal vere audmjuke overfor slike oppgåver. Det er ein stor samanheng vi er i.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nokon av dykk er nye her. Nokre av dykk er veteranar. Vi har ulike ting å bidra med, som gåver vi også deler med kvarandre, også der vi er usamde. Vi treng å bli tatt i mot av kvarandre.

Eg er her for første gong i mi nye rolle som preses. Eg er audmjuk og svært takknemleg overfor dykk og den støtte de gav til mitt kall til i prosessen fram mot utnemninga til den tenesta eg no er sett inn i. Eg vil nytte dette høvet til også å takke for den måten eg har blitt møtt mellom dykk, kollegaer i Bispemøtet, i Kyrkjerådet, i staben i Kirkens

Hus og her i Nidaros, og blant alle dykk som eg elles har fått møtt allereie. Og no har eg den ære å møte alle de som er Kyrkjemøte-medlemer. Det er med glede og forventning eg ser fram mot det som vi skal gjere saman for kyrkja vår og arbeidet i Guds rike i åra som kjem.

Vi er i ei tid med pandemi der vi må ta oss av nye og krevjande oppgåver lokalt og i vår nasjonale samanheng – over lang tid. Eg vil herved gi min sterke honnør til alle i kyrkja, absolutt alle, som har tatt tak i nye og utvida oppgåvar i så måte med evne og vilje til å finne løysingar.

Det er er på sin plass her å rette ein spesiell takk frå oss i Bispemøtet til leiinga i Kyrkjerådet og i KA, og til kyrkjeverjelaget for samarbeid om å koordinere tiltak og omorganisering knytta til smitteverntiltak til nytte for oss alle.

Dette skal vi gjere utan å gløyme at vi framleis er ein del av eit fellesskap som ikkje stoppar ved ei landegrense. I dette fellesskapet er der mange som slit veldig tungt, endå tyngre enn oss.

I mange kyrkjer er helsearbeid vorte det ein må prioritere framfor mykje anna, i fleire kyrkjer har ein opplevd mange corona-relaterte dødsfall – også mellom kyrkjeleiarane.

Dei fleste kyrkjer i verda er avhengige av den økonomi medlemmene syter for direkte, og er difor svært sårbare no. Det internasjonale og økumeniske samarbeidet for solidaritet, rettferd og fred er vanskelegare å drive, men kanskje meir nødvendig enn nokon gong.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den norske kyrkja er i ein nokså unik situasjon med at vi også i denne situasjonen har eit økonomisk grunnlag som gjer oss mykje mindre sårbare, og kan og bør finne måtar å støtte andre og felles organisasjonar på. Vi skal dessutan audmjukt minne kvarandre om at vi i kyrkja er mindre sårbare enn mange andre i ulike delar av norsk arbeidsliv.

Det er viktige saker ogå på eit kort Kyrkjemøte, ikkje minst valg og oppnemningar. Det er godt det er nokon som er vilige til å ta på seg oppgåvene. Vi er i desse tider opptekne også av saker som ikkje er på agendaen på dette møtet.

Arbeidet med kyrkjeorganisasjon er i ein sluttfase, og handlar om å finne dei gode og mest tenlege ordningar for heile kyrkja, lokalt og nasjonalt, slik at vi i ulike roller kan gjere mest mogeleg nytte i god samhandling til beste for alle medlemene og vårt samfunnsoppdrag.

Bispemøtet har hatt ei førebels drøfting av korleis vi skal ta tak i ein aktuell debatt om nokre problematiseringar av kvinners presteteneste i kyrkja vår.

Det er viktig å minne om at det er likt høve for kvinner og menn til å blir ordinert og gjere teneste som prest. Det har vore klart over lang tid som Den norske kyrkjas offisielle syn og ordning gjennom vedtak i Kyrkjemøtet og biskopane sin ordinasjonspraksis.

Biskopane vil saman understreke at kvinners presteteneste er ein rikdom og ei velsigning for kyrkja.

Vidare: Kyrkja er eit fellesskap om ord og sakrament. Det må ikkje vere uklårt om det er så mellom dei som er sette til tenesta med å forvalte ord og sakrament i kyrkja.

Det vart understreka tydeleg av Lærenemnda i Tunsbergsaka i 2000. Det finnst ingen gjeldandeordningar i kyrkja for reservasjonsrett mot samarbeid mellom prestekollegaer i dei oppgåver som tenesteordninga fastset og det som er pålagt av overordna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er godt mogeleg – som vi veit – å ha ulike meiningar om mange spørsmål som prestar i Den norske kyrkja, men ein kan ikkje velge korleis dei skal komme til uttrykk i praksis når ein står i ei presteteneste.

Som biskopar har vi sett og høyrt at det er fleire utfordringar i så måte for kvinner i presteteneste i kollegarelasjonar som kan vere ei hindring for eit godt arbeidsmiljø i kyrkja.

Det er også tydeleg behov for å klargjere kva forpliktelsar ein går inn i ved ordinasjon til presteteneste med tanke på samarbeid med andre.

Dette vil vi ta på alvor i vår praksis. Bispemøtet vil drøfte saka vidare på sitt møte neste veke med tanke på ein felles uttalelse, og med forslag til korleis dette kan tydeleggjerast best i Den norske kyrkjas ordningar.

I alt handlar det om å ta imot kvarandre med respekt for dei vi er og det kall vi har fått saman. Måtte Gud gi oss både visdom og styrke til å fylle oppgåvene vi er sette til.

Til Guds ære, som Paulus seier det, kort og greit. Velkomen til samarbeid.