Partiet De Kristne sin valgbod i Karl Johans gate i Oslo i forbindelse med stortingsvalget i 2017. Foto: Heiko Junge / NTB

Gi partiet et nytt navn

Alle som samstemmer med PDK sitt gode program bør øva press på partiet til å ta eit anna namn.

Det er mange som er skuffa og lei seg over våre toppolitikarar. Dei skil seg ikkje stort frå kvarandre i politikken sin – og det er lite å gle seg over.

Mange saknar og ropar etter eit parti med eit program og ei leiarrekke som kan gi oss ein sunn politikk. Og partiet finst – men blir aldri nemnt som eit alternativ: PDK.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Partiet har eit flott program og toppleiarar med integritet og truverde. Kvifor er så dette ikkje kjent og får tilslutnad og breidde? Ei årsak er det håplaust ekskluderande namnet: Partiet De Kristne.

Det er då ikkje dei kristne som skal stemmast inn – det er vel programmet og politikken som skal få stemmene! Og det er ikkje mange som føler seg kristen nok, føler seg bekvem med at ein må flagga eit kristenstandpunkt for å velja partiet!

Alle som samstemmer med PDK sitt gode program bør øva press på partiet til å ta eit anna namn. Vedrørande skifte av partinamn har eg eit namneforslag. Det er kort og lettfatteleg og har ein innebygd positiv og optimistisk tone.

Ordet blir særleg flittig brukt i valgkampen og får dermed ein påminningseffekt - ein peikefinger mot partiet som heiter det same: Partiet Godt Valg.

Ein god og munter tilleggseffekt blir det også når alle valgappellar blir avslutta med klisjeen: «Godt valg!»