Kvifor skal Ottosen (biletet) akkurat i dette fundamentale spørsmålet «forholde seg avslappet til hva oppdatert naturvitenskap sier om jordens alder»? spør Iver-Olaf Grimstad.

Ottosen – kom over og hjelp oss!

No er det eit sterkt behov for at Ottosen og andre teologar kjem på bana og viser tillit til Guds gode Ord istadenfor å forkludre det.

I artikkelen«For skråsikkert om skapelsen» kritiserer Ottosen Skaper-styremedlem Andreas Årikstad for hans tiltru til 6-dagers skapelsen.

Han bruker prest og geolog William Buckland (1784-1856) si tvil om ei 6.000 år gamal jord som grunn til å hevde at det ikkje ligg noko «ateistisk i ideen om at jordkloden vår er mer enn 6.000 år.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her trengs det ei god dose presisjon: Då Buckland blei medlem av det prestisjetunge Royal Society i 1818, og fekk påverka sine overordna til å framskaffe eit ekstra professorat (readership) i geologi i 1819, så blei innvielsestalen hans publisert i 1820 med tittelen: «Vindiciæ Geologiæ; or the Connexion of Geology with Religion explained».

Presten Buckland var sjølvsagt påverka av dei nye ateistiske ideane om jorda sin tilblivelse, som hadde blitt introdusert før hans karriere tok til. Slike idear rekonstruerte jorda sin opprinnelse, i strid med eit klassisk skaparsyn. Her er nokre døme:

Tre franske vitenskapsmenn introduserte naturalistiske og evolusjonære teoriar om verda sitt opphav. Desse var per definisjon anti-skapelse i form.

I «Naturens epoker» (1778), fabulerte Comte de Buffon (1708–1788, at jorda var eit resultat av ein kollisjon mellom ein komet og sola, og at jorda hadde gradvis blitt nedkjølt frå brennande lava i ein periode på minst 78.000 år.

Pierre Laplace (1749–1827) publiserte også si hypotese i «Utgreiing om universet sitt system» (1796) – då var Buckland berre 12 år. Laplace såg føre seg at solsystemet naturleg og gradvis hadde blitt forma av ei gass-sky gjennom ein uendeleg lang periode.

Og ikkje minst, Jean Lamarck (1744–1829), i Zoologisk Filosofi (1809), foreslo ein teori om biologisk evolusjon over lange tidsaldrar ved hjelp av ei nedarving av tileigna karakteristikkar.

Lamarck sin publikasjon var 11 år før Buckland sin innvielsestale blei publisert. Så sjølv om Buckland serverte sine idear før Darwin, så ville tankegodset hans vere prega av populistiske og ateistiske idear i hans samtid. Idear som var i konflikt med den Bibelske skaparforteljinga.

Ottosen sitt argument er difor ugyldig, og Årikstad har rett: Der er faktisk nærliggande grunnar til å hevde, som Årikstad gjer, at det ligg noko «ateistisk i ideen om at jordkloden vår er mer enn 6000 år.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Spørsmålet er: Kvifor reagerer Ottosen på at Årikstad og andre Bibel-lesande kristne frimodig held fram skapinga som ei sann og historisk handling - slik den er skildra?

Kven er dette som formørkjer min plan med uforstandige ord? Spenn beltet om livet som ein mann, så vil eg spørja deg, og du skal svara: Kvar var du då eg grunnla jorda? Fortel det, om du veit det! (Job. 38:2-4)

Kvifor skal Ottosen akkurat i dette fundamentale spørsmålet «forholde seg avslappet til hva oppdatert naturvitenskap sier om jordens alder»?

Ingen Bibel-skribent avgir så mykje som ein millimeter på urhistorien, men tvert imot fører dei oss kronologisk bakover gjennom gjennom kronologien og ættetavlene heilt til Set, som var født då Adam var 130 år gamal (jfr. 1. Mos 5 og 11).

Subtraher desse 130 åra, så finn du skapelsen av «det første mennesket, Adam…» som «…var frå jorda og skapt av jord…». (1.Kor. 15:45-47). Subtraher så 6 skapelsesdagar til, så kjem du til byrjinga på den totale skapelsen.

«For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han» (2.Mos.20:11). Ei slik laizzes faire holdning til Bibelens bodskap bekymrer.

Ottosen meiner også at skapelsesdagane ikkje treng å vere «seks vanlige dager», eller «som ordinære dager av 24 timer». Det er konteksten i skapelses-forteljinga sim gir oss den klare fasiten på korleis ‘dag’ skal forståast, slik at vi slepp å tvile.

Cand. theol, Stein Henriksen har vist at den hebraiske teksta i 1. Mos. 1:5 skal gjengiast slik: «Og det ble aften og det ble morgen, dag en». Dette går igjen gjennom dei seks skapelsesdagane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Henriksen legg til: Begrepet ‘jom’ skildres altså som et tidsrom der det både er en aften og en morgen. Så korleis Ottosen får dette til å ikkje bety eit døgn, er for meg ei uløyselig gåte.

Ottosen problematiserer også Årikstad si tiltru til Guds advarsel: «For den dagen du spiser av det, skal du dø.»

Språk-ekspertar viser at den hebraiske teksta i 1.Mos.2:17 er meir nyansert, og betyr - «døende skal du dø». Adam blei døande den dagen. For det andre er det også klart frå NT at Gud knyt synda til fysisk død, og ikkje berre åndelig død, når Paulus seier: «… er nok kroppen død på grunn av synden (Rom. 8:10)»

No er det eit sterkt behov for at Ottosen og andre teologar kjem på bana og viser tillit til Guds gode Ord istadenfor å forkludre det, og heller setje ressursar inn på trusforsvar også på dette området.

Ottosen, no treng vi deg på rette sida i debatten! Kom over og hjelp oss! (Ap.gj. 16:9)