«Som leiar treng eg å vite at
...
«Som leiar treng eg å vite at eg er underlagt ei styre som er gitt tillit gjennom ei generalforsamling, og vi kan når som helst bli kravd innsyn i tenesta vi står i», skriv Erik Furnes (biletet). Foto: Stein Gudvangen, KPK
debatt
Kristent leiarskap i ei reell verd
Del
Dette er ikkje ein kritikk av Misjon Sarepta sitt leiarskap, men eg trur ikkje den valde styringsmodellen er sunn over tid.

Eg er gjort merksam på artikkelen «Åndeleg styring og demokrati» av Johannes Kleppa som stod i Dagen for ei tid tilbake (26/8).

Den er skrive på bakgrunn av debatten om eventuell samanslåing av Norges Samemisjon og Misjon Sarepta, men også med bakgrunn i eit synspunkt eg hadde om lærdommar frå Knutby som eg hadde framme i Dagen i sommar (29/7).

Under stikkorda «Selvoppnevnt og selvsupplerende ledelse» nemnde eg at åndeleg leiarskap og tilsyn er heilt sentralt i kristne organisasjonar, kyrkjesamfunn og forsamlingar, og at det må vere «åpenhet og gjennomsiktighet om alle valg og disposisjoner».

Debatten om Norges Samemisjon og Misjon Sarepta skal eg halde meg langt unna, og eg kan nemne at då eg skreiv om dette var det utan tanke på Misjon Sarepta eller andre organisasjonar i bedehus-land.

Min tanke var meir knytt til erfaringar frå rørsler og forsamlingar der ein har sett døme på autoritært og sjølvsupplerande leiarskap, og eg har hatt samtalar med menneske som sit med djupe sår etter møte med dette.

Mitt poeng er at ein lett kan avskrive Knutby-tematikk fordi det vert opplevd som noko ekstremt og irrelevant, men då går ein også glipp av ei anledning til å samtale om kva som er sunt og usunt i eigen samanheng.

Det er derimot interessant at Johannes Kleppa og andre eg har møtt i den seinare tid har lest Misjon Sarepta inn i det eg skreiv.

Eg skal vere forsiktig med å meine noko om andre organisasjonar sin styringsform, men når Kleppa målber sjølvsupplerande leiarskap som like tenleg som demokratiet, er det i eit historisk overblikk grunn til å reagere.

Det seier seg sjølv at dei fleste organisasjonar og kyrkjesamfunn har starta som ei mindre gruppe med meir eller mindre sjølvoppnemnt leiarskap, men samstundes har ein frå starten vore oppteken av korleis ein kan byggje tillitsvekkande strukturar gjennom årsmøte, frie val av valkomité og styre, ekstern revisjon, årsmeldingar, osb.

Visst er det ikkje perfekt, men vi har minst 150 år med erfaring av dette i bedehus-land, og eg vil jo meine at dette i det store bildet har vore til velsigning for arbeidet i Guds rike.

Etter mitt syn er det her irrelevant å dra nokre parallellar til Den norske kyrkja.

Enten ein snakkar om Staten sin råderett i tidlegare tider, eller rådsstrukturen og folkestyret i nyare tid, er det feil å bruke Dnk som relevant døme på kor sviktande demokratiet kan vere i den konteksten vi er i. Dei nedfelte statuttane i våre lovmalar er av ein slik art at dei er eit vern mot usunn utvikling om dei vert etterlevde.

På den andre side har vi også andre samanhenger der ein har praktisert sjølvsupplerande leiarskap, og der meiner eg det er ei klar overvekt av usunn utvikling.

Eg vil tru at dei fleste i slike leiarskap har tenkt at «ja, det er mykje gale andre stader, men her er det i alle fall i orden. Vi er eit godt leiarskap.» Og dei har meint det! Mange menneske, både blant medlemer og andre, såg likevel eit anna bilde.

Som leiar treng eg å vite at eg er underlagt ei styre som er gitt tillit gjennom ei generalforsamling, og vi kan når som helst bli kravd innsyn i tenesta vi står i.

I ei ideell verd er det ingenting som er betre enn det opplyste einevelde, men i ei reell verd er demokrati det beste vi har for å sikre sunt leiarskap over tid.

Dette er ikkje ein kritikk av Misjon Sarepta sitt leiarskap, men eg trur ikkje den valde styringsmodellen er sunn over tid.

misjon sarepta,erik furnes,johannes kleppa,indremisjonsforbundet,indremisjon,samemisjonen,norges samemisjon,debatt