PENSJONERT LEKTOR: Thorbjørn Aamaas.

Den originale økselæraren står fram

Det er godt å vite at yngre kollegaer prøver å formidle dei same tankane, eller visdomen om eg vågar å seie det, til nye generasjonar på Kvitsund.

Dette innlegget er skrevet i forbindelse med en Dagen-sak om Kvitsund Gymnas og er en del av en serie på tre innlegg. Se de to andre innleggene helt nederst.

----------

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No tar eg ein pause frå vedkløyvinga og står fram med identiteten min; eg er den originale økselæraren! Allereie frå barnsbein av har eg vore fascinert av tømmerhoggarar. Eg gjekk etter lyden av øksehogg.

Skogsarbeidaren Tolli vart ein av mine første vener. Han lånte meg til og med øksa si slik at eg kunne vera med på kvistinga.

Ein dag hogg eg meg i foten så blodet pipla ut av støvelen min. Eg sa ingenting, men reiste heim til mor som så tok meg med til dr. Mørk. Han sydde på stortåa mi, men eg er enno stolt av arret som eg i inspirerte augeblikk syner fram til barnebarna.

Tolli var sjokkskadd neste gong eg møtte opp på hogstfeltet, for han hadde fått melding frå sin nære slektning, dr. Mørk, om tilstanden til stortåa til den vesle mehjelparen.

Og så hadde eg gått utan å seie frå! Eg fekk både ein kaffislurk, eit par Maria-kjeks og litt dronningsjokolade til trøyst og oppmuntring.

Som Kvitsund-lærar i 35 år fortalde eg ofte denne historia. Ein tømmerhoggar set spor etter seg. Han høgg tømmer.

Og tømmerhoggar Tolli hadde omsorg for ein liten, vimsete gutepjokk. Tenk om eg kunne utrette dette som lærar!

Om eg ikkje kunne produsere råstoff til treindustrien, kunne eg kanskje vera med på å produsere kunnskap og haldningar. Kanskje kunne eg skape trøyst og oppmuntring til dei som ikkje alltid fekk livet og prestasjonane på skulen til å leve opp til draumane sine.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei som ikkje alltid kunne vise til eit perfekt felt furutre, men stod att med blod piplande opp av støvelen. Kanskje kunne eg gje dei både livshjelp og leksehjelp.

Som lærar føler du ofte at du ikkje strekker til, at du mislukkast med det du prøver på, det du vil med forarbeid, undervisning og etterarbeid. Du vil gjerne gje kunnskap, oppmuntre til refleksjon, hjelpe elevane til å bli autonome samfunnsborgarar.

Men som eg ofte sa: tenk om eg hadde vore tømmerhoggar, då hadde både eg sjølv og andre sett resultat av strevet mitt.

På avslutningsfesten for russen 98/99 fekk eg ei øks i avskjedsgåve! På den står det svidd inn: «Du lever ei forgjeves.»

Det er kanskje den finaste avskjedsgåva eg har fått i mi tid på Kvitsund. Eg har ho liggande på bordet framføre meg.

Men no må eg ut til vedhaugen min for å kløyve litt meir av vinterveden. Men det var godt å stå fram som den originale økselæraren.

Og det er godt å vite at yngre kollegaer prøver å formidle dei same tankane, eller visdomen om eg vågar å seie det, til nye generasjonar på Kvitsund.

Les også
«Økselærlingens» historie
Les også
Praktiske råd fra øksepsykologen