LÆRAR: Oddvar Hægeland.

«Økselærlingens» historie

Eg må seie det er både skremmande og ikkje så reint lite belastande å bli kopla til «toppen av eit isfjell» av rasisme, redsel, krenkande åtferd, mobbing, gråtande elevar og dårleg skulemiljø.

Dette innlegget er skrevet i forbindelse med en Dagen-sak om Kvitsund Gymnas og er en del av en serie på tre innlegg. Se de to andre innleggene helt nederst.

----------

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter ein betre og koseleg julefrukost på morgonen gikk eg til klasserom 1 i 2. økt og skulle ha norsk i klasse 2B. På førehand var eg litt bekymra, både fordi vi i løpet av økta skulle starte på ein ny modul om norrønt, som erfaringsmessig er krevjande, og fordi elevane skulle få igjen ein tentamen.

Det er lenge sidan eg som lærar slutta å vere skuffa og misnøgd over elevane, men i førebuinga til økta tenkte eg nok ein del igjennom at elevane kanskje kunne bli skuffa over resultatet.

Så difor tok eg med ei øks, noko eg tidlegare på hausten hadde vist til fleire gongar som illustrasjon i felles refleksjon over kva læring er og som eit slags symbol på korleis ein i tømmerbransjen ser resultatet med ein gong.

Skulen, derimot, har lange prosessar, for når kan ein eigentleg seie at ein er ferdig ut-danna og utlært? Slik sett er det jo lettare å felle eit furutre enn både å undervise som lærar og ikkje minst å lære som elev.

Så eg tok fram ei lita øks frå veska mi som illustrasjon og trøyst på at ein ikkje kan forvente resultat med ein gong, sjølv om ein har førebudd seg til tentamen eller andre vurderingar.

Med lang erfaring som lærar observerte eg at poenget i den omtrent 15 minutt lange seansen blei tatt, ingen viste redsel eller ytra noko ubehag. Riktig nok var det ein elev, som på spørsmål frå meg om kva øksa kunne brukast til, foreslo å kakke elevane i hovudet (med glimt i auget).

Nokon foreslo også at eg kunne gå laus på kateteret eller ein pult... (framleis med glimt i auget). For øvrig kunne eg ikkje veive med denne øksa, då hovudet på ho er laust.

Resten er historie, som dei seier, men eg lurer framleis på kvifor eg med dette pedagogiske poenget, både i forhold til fylkesmannen og ikkje minst i den kristne avisa Dagen, har blitt kopla til utsegn tatt ut av kontekst frå heilt andre økter og med andre tema og didaktiske grep.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ja, eg må seie det er både skremmande og ikkje så reint lite belastande å bli kopla til «toppen av eit isfjell» av rasisme, redsel, krenkande åtferd, mobbing, gråtande elevar og dårleg skulemiljø som etter kvart veldig mange har sagt er eit bilete dei ikkje kjenner seg igjen i.

Les også
Den originale økselæraren står fram
Les også
Praktiske råd fra øksepsykologen