«Venstre vil gjerne ha eit godt ord på seg for å verna om livet i naturen, men menneskeverdet synest å ha mindre plass», skriv Brynjulv Hernes. Bildet er fra partiets landsmøte i september. Foto: Jil Yngland / NTB

Venstre og kristne verdiar

Venstre har har hatt landsmøte. Og eg vil tru mange spør seg: Er det liberale Venstre no eit naturleg parti for KrF å ha regjeringssamarbeid med?

Og Unge Venstre-leiaren har sagt: «Vi er et helt annet parti enn KrF. Det skal velgerne vite.» Abortlova skal utvidast og Venstre vil ikkje lenger ha med at «det norske samfunnet er preget av kristne og humanistiske tradisjoner».

Kva då med å syngja: «Norske mann i hus og hytte: Takk din store Gud» eller «Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde,» Eg spør: Kva gale har - etter Venstre si meining - kristendommen gjort for Norge når Venstre vil ha denne arven bort?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sterke krefter i Venstre ville også ha utvida grensa for sjølvvald abort til 18 veker. Kva med menneskeverdet for Venstre i ein slik samanheng?

Venstre vil gjerne ha eit godt ord på seg for å verna om livet i naturen, men menneskeverdet synest å ha mindre plass. Aktiv dødshjelp hadde også sterke talsmenn i landsmøtet.

Eg skulle ynskja at det vakre diktet av Einar Skjæråsen fekk større plass i tankane våre enn tilfellet synest vera i dag:

«Du ska itte trø i graset. Spede spira lyt få stå. Mållaust liv har og e mening, du lyt stå og akte på. På Guds jord og i hass hage er du sjølv eit lite strå.»