SYRIA: Soloppgang over Aleppo i Syria. Dr. Jany vart verande i Aleppo sjølv då mange reiste frå byen.

Dr. Jany Haddad – ein livsmodell i verdsklasse

Det er å vona at denne artikkelen gir oss eit møte med livsgeniet og refleksjonar over kva Guds kraft kan utretta i gjennom eit menneske Han har fått ta bustad i.

Det var tidlig august, det undra meg at telefonen til Aleppo ikkje gav respons.

Ei veke seinare kom svaret: Dr. Jany døyde 14. august av Covid-19, i det han aktivt freista hindre spreiing mellom fattige og flyktningar i Syria. Venner verda over stiller spørsmål til Gud: Kvifor redda du ikkje han som i Di kraft redda så mange?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

DØD: Doktor Jany Haddad (13. mars 1954 – 14. august 2020).

Han var født i Iran i 1954 av armenske foreldre, utdanna seg til kirurg i Damaskus og Glasgow samt tok mange tilleggsspesialitetar innan medisin. Han meistra fem språk, hadde kristent medisinsk arbeid i sju arabiske land.

Kona Sonig og dei tre høgt utdanna barna, stod saman med faren i teneste og forbønn. Alle er opptatt av å hjelpe flest mogleg.

Dr. Jany hadde eit smil som inviterte til vennskap og tillit. Han tok initiativ og starta 14 verksemder, dei fleste er framleis i funksjon.

Fyrste start var ein familieklinikk i Kuwait i -85, men Irak-krigen skapte problem.

Jordskjelvet i Armenia i -88, kravde over 50.000 liv. Då gav Herren han ein visjon; Han fylte opp to charterfly med mat og medisinar og drog til fedrelandet.

Her kontakta han kollegar og medisinske studentar, og bad dei vere med på redningsarbeid, fyrst krisehjelp seinare weekendtilbod til dei fattige på landsbygda.

Venninna mi, Kristina, ateist og kommunist, fann ny livsmeining i Kristus og tok medansvar for dette arbeidet. I 2006 stifta ho saman med Dr. Jany Armenias Christina Medical Aid (ACMA) som framleis tilbyr hjelp til fattige. Dr. Jany kom to gonger årlig for å drive gratis kirurgi, det vart over 6.000 inngrep.

Familietanken var sentral i alt arbeidet Dr. Jany stod bak. Frå 1992 til i dag var Aleppo basen for familieklinikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I krigen mot IS stod han i bomberegnet, men måtte sende familien i sikkerheit til Armenia. Det vart krevjande, kommunikasjonen var umogleg.

I ein satellittsamtale bad han om eg kunne freiste få kontakt med familien i Jerevan og fortelja at han etter tre månaders taushet framleis var i live.

I denne epoken med granatregn tok han morgonrundar i byen og henta opp såra og døde. Ein gong stod dei midt i ein operasjon då ein rakett drap anestesilegen, men med konsentrert arbeid redda Dr. Jany pasienten.

Mange utlendingar drog nå frå Aleppo. Pastoren i baptistkyrkja som Dr. Jany hadde starta i 2020, fekk invitasjon til Canada, og reiste.

Nå overtok kirurgen også pastoroppgåva, og danna tre nye menigheiter. Eit år vart 30 nye muslimske familiar medlemmer, dei vart hardt ramma av overgrep, ran og dødstruslar.

I denne grufulle krigen kom ein muslimsk pasient til Dr. Jany med bodskapen: «Doktor, eg naudber deg, vær så snill ikkje forlat Aleppo. Du er saltet i dette landet. Du er lyset i denne byen.»

Dr. Jany vart verande. Hans filosofi for krigsherja var at dei fekk hjelp til å finne familiemedlemmer, få hjelp fysisk og psykisk til å gjenreise seg sjølv og eige land.

Dei måtte ha reint vatn, då starta organisasjonen Isac, og 41 djupvassbrønnar kom på plass. Enker, som hadde mista menn og søner fann saman i «Kvinner med levande håp». Eit omsorgsarbeid for eldre som vart att åleine når familiar flykta vart også oppretta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når situasjonen roa seg i Syria, starta han Kristent Studentarbeid. Ungdommen måtte få høgast mogleg utdanning, og ta kristen tankegang inni samfunnsbygging.

Dei som fekk høyre Dr. Jany tale, gløymer det knapt. Her var det levd liv, det var som vi kunne sjå Jesus gå omkring saman med han.

Kvar tale, ja, også kvar telefon og mail avslutt han med: «We meet at His Throne» (Vi møtest ved Guds trone).

Det var dette «langsynet» som gav inspirasjon og tok bort den lammande frykta dødslista til IS kunne skape.

I eit travelt og umenneskeleg jag, makta Jany å vera far og ektefelle med kjærleik og omtanke. Ved gravferda var det berre kona som var tilstades, ingen fly kunne ta barn og barnebarn dit. Men Guds fred og takk var hjå dei.

Ved nyttår kontakta Dr. Jany meg. Han hadde gyldig Schengen-visa til ut november og kunne gjerne koma til Noreg. Eg hadde så vidt starta planlegging av opphaldet då korona stengte ned.

Det er å vona at denne artikkelen gir oss eit møte med livsgeniet og refleksjonar over kva Guds kraft kan utretta i gjennom eit menneske Han har fått ta bustad i.