VANSKAR: Sjølv den nye salmeboka (frå 2013) har vanskar med å få folket til å synge, skriv Harald Myklebust.

Song og salme forsvinn

Song- og salmebøker er i ferd med å bli antikvariske. Og songbøkene i grunnskulen er snart ute.

«Vi er i det mest avgjørende tiåret i menneskeheten», sa Christiana Figures, Parisavtalens mor.

Dette kan også overførast på den dekadensen vi finn i bruken an av song (og salme) så vel i kyrkje og forsamling, som i heim, skule og samfunn generelt, for ikkje å snakke om i lærarutdanninga av lærarar for våre born og unge. Her er songen heilt utelaten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva slags samfunn er det vi vil ha, der songen ikkje lenger høyrer med? Og det i ei tid der og songen og musikken aldri før har hatt ein så dominerande plass i lys- og lydmedia?

Song- & musikkartistar overgår kvarandre i spektakulære utgåver, og durar inn i øyre og augo, så vi meir eller mindre «lamslåtte» sit i godstolen, bilen, eller i kyrkje- & forsamlingsbenkar:

Det er spesialistane (artistar, organistar, lovsongsgrupper, utvalde korsongarar) i alle slags musiske uttrykksform, og for ein stor del i digital versjonar, der det autentiske, det ekte, er minimalisert.

Ja, vi har mange individuelle dugande songarar og musikarar, som gjerne er verd prisar for sine album.

Men kvar er det som inspirerer til fellesskap ikkje berre i lyd- og lyskaskader frå PA-anlegg eller podium, men som med tekstsubstans har noko å gi for sjela, ikkje berre for sansane, om det er aldri så fint?

Song- og salmebøker er i ferd med å bli antikvariske. Og songbøkene i grunnskulen er snart ute. Sjølv den nye salmeboka (frå 2013) har vanskar med å få folket til å synge.

Den tause majoriteten vert stadig større sjølv i markeringar av dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferder: Ein kan ikkje songane/salmane.

Er det eit slikt samfunn (samlag, samliv) vi vil ha det, vere seg i det folkelege livet som i det religiøse?