TRE ØNSKJER: Eg har tre gode ønskjer med kristen radio: Vere eit godt reisefølgje gjennom kvardagen med ein klar bodskap om Jesus. Han som elskar alle og vil ha alle med. Gje påfyll for trua om den er stor eller liten. Og at ingen skal oppleve seg utanfor eller tilsidesett av det kristne fellesskapet, skriv Anne Birgitte Lillebø Bøe.

Den usynlege forsamlinga

Kristen radio formidlar håpet i Jesus og fellesskapet i Kristus, og er ei lett tilgjengeleg forsamling.

Menneske treng håpet i Jesus og fellesskapet i Kristus. Kristen radio formidlar det, og er ei lett tilgjengeleg forsamling.

Usynleg – men høyrbar og stadig meir tilgjengeleg. Radioforsamlinga utgjer eit av Noregs største kristne fellesskap og må takast med i forståinga av kristen-Noreg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Koronapandemien har utfordra den tradisjonelle måten å drive kristen verksemd på. Omfattande smittevernreglar og smittefrykt hindrar mange i å delta på ordinære gudstenester og andre møter.

Sjølv om fleire kyrkjelyder og forsamlingar no har starta opp att med møter, er det framleis mange som ikkje kan ta del i dette fellesskapet. Kva kan gjerast for at flest mogleg likevel jamleg får høyre verdas beste og viktigaste bodskap om Jesus?

I mange år har vi høyrt vitnesbyrd om menneske som får møte Jesus gjennom kristen radio. I bilen, på byggeplassen, ved kjøkkenbordet. Kor som helst.

Takksemda for tilbodet er stor frå mange. Då Noreg gjekk frå opent til stengt over natta i mars opplevde vi på ny kor viktig kristen radio er. Når vanlege møter ikkje kunne bli avvikla, blei radioen ein døgnopen møteplass og stasjon for påfyll. Enno fleire oppdaga radioforsamlinga.

Nyare forsking vist mellom anna i nyleg masteroppgåve frå Harald Hovland, syner at det er mange menneske som trur, men som ikkje er del av ei forsamling.

For nokre er det vanskeleg å kome seg på møter. Nokre grunna helseutfordringar. Nokre grunna transportutfordringar. Andre fordi terskelen opplevast høg.

For folk i utfordrande livssituasjonar kan det vere krevjande å setje seg ned med bibel og bønn. Då kan dei få åndeleg påfyll gjennom radio. Her kan dei kjenne seg ein del av eit større fellesskap av truande.

Eg har tre gode ønskjer med kristen radio: Vere eit godt reisefølgje gjennom kvardagen med ein klar bodskap om Jesus. Han som elskar alle og vil ha alle med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gje påfyll for trua om den er stor eller liten. Og at ingen skal oppleve seg utanfor eller tilsidesett av det kristne fellesskapet. Alle som vil skal med. Ingen skal måtte gå, sitte eller ligge åleine.

I Noreg er me velsigna med fleire kristne radiokanalar. Fleire av desse er tilgjengelege døgnet rundt og gjev lyttarane eit rikt innhald.

Den kristne radioforsamlinga er tilgjengelig for dei aller fleste i Noreg. I pTro byr vi til dømes på bibelundervisning, trushistorier og variert kristen musikk. Vi har og ulike seriar som til dømes samlivs­skule og foreldretips.

Både pTro og andre radioar er tilgjengelege på Internett, i eigne appar og fleire DAB-område i landet vårt. Vi i pTro oppmuntrar frimodig alle til å lytte på kristen radio.

Her får du mat for trua og hjelp til å halde blikket på Jesus. La oss ikkje gløyme dette fellesskapet når me snakkar om kyrkjelandskap og kristen-Norge.

Kanskje kjenner du nokon som vil ha stor glede av å lytte. Tips dei om tilbodet. Hjelp dei i gang teknisk. Radioforsamlinga er stor i antall, vid i alder og brei i livssituasjonar hos dei tilhøyrande. Alle er velkomne og vi har alltid plass til fleire.