FOLKEMORD: Ei torturseng i Tuol Sleng, eller S-21, tortursenteret i Phnom Penh. I dag er dette eit museum over eit folkemord.

Til minne om ein tortursjef

På vel tre år, medan eg gjekk på gymnaset, slo ein 
kommunistisk gerilja ihel kring to millionar av sitt eige 
folk. Folkemordet i Kambodsja har følgt meg i over 40 år.

1975 til 1978 var mi tid på Sogndal gymnas. På dei same åra blei mellom 1,7 og 2,2 millionar menneske utrydda i Kambodsja, av ein kommunistgerilja som skulle «frigjera» khmer-folket.

Det som derimot venta dei «frigjorde» i april 1975 var drap, svolt og brutalt tvangsarbeid under Raude Khmer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Raude Khmer-geriljaen hadde fått styrke i jungelen før dei rykte inn i hovudstaden Phnom Penh 17. april 1975. Styrken kom av kampen dei svartkledde krigarane hadde ført mot amerikansk bombing av landet under krigen i og om Vietnam.

Men det som folket i hovudstaden ikkje visste, var at eit grufullt terrorstyre alt hadde starta ute i jungelen. 17. april 1975 var turen komen til folket i Phonh Penh og andre byar. Dei vart tvinga til fots ut på landsbygda for å dyrka ris.

Det var «År null». Ei ny tidsrekning skulle starta. Eit kommunistisk «idealsamfunn» skulle byggjast – på tortur, drap og tvangsarbeid. Religion og pengar vart avskaffa. Dei med utdanning og politiske «avvik» vart drepne.

Men risavlingane blei ikkje dobla. «Alle skulle vera like», heitte det i propagandaen. Men Raude Khmer-krigarane fekk forsyna seg grovt medan folk svalt ihel eller blei slegne ihel.

Det tok tid før historiene om folkemordet kom ut. Men ikkje minst utover i 1977 blei det tydeleg kva bestialitet som pågjekk i Kambodsja. Flyktningar som kom seg til Thailand, fortalde. Francois Ponchaud, ein fransk misjonær som var vitne til tvangsmarsjen ut av Phonm Penh i april 1975, gav i 1977 ut boka «Kambodsja År Null», på norsk året etter.

Eg blei med i ei gruppe som sette seg føre å spreia informasjon og samla gymnasiastar landet over i solidaritet med flyktningane i Thailand. Gjennom Kirkens Nødhjelp organiserte vi Operasjon Dagsverk. Eg fekk fronta dette på landsmøtet i Norges Gymnasiastsamband i februar i Trondheim. På den vesle hybelen på 6,5 kvadratmeter i Sogndal skreiv eg mellom anna ein lengre artikkelserie for Dagen.

Så måtte vi oppleva at venstresida – AUF, Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom – avviste historiene som amerikansk-inspirerte løgner. At USA både bomba og bløffa under Vietnamkrigen, er sant.

Men historiene om folkemordet var ikkje løgner. Likevel boikotta venstresida Operasjon Dagsverk. Det får dei svara for sjølve.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sanninga kom for ein dag for alle. Folkemordet vart stogga av ein vietnamesisk invasjon i jula 1978. At Raude Khmer fekk representera Kambodsja i FN i årevis etterpå, får dei politikarane svara for som ikkje protesterte.

Ein av tenarane for folkemordet var Kaing Guek Eav, kalla «kamerat Duch». Han var leiaren for tortursenteret Tuol Sleng i Phnom Penh. Fengselet som hadde vore ein skule, fekk kodenamnet S-21. Hit kom lastebil på lastebil med mistenkte forrædarar. Her skulle dei pinast. Berre 12 menneske kom levande frå S-21.

I fjor kom eg til S-21. I cellene fekk eg sjå over 40 år gamle blodmerke. Offera stirte på meg frå veggane. Utstilt torturutstyr fortalde om grufulle smerter. Minst 17.000 vart her inne torturerte og pinte til dei hadde «tilstått». Då venta ein ny lastebil som tok dei til «dødsmarkene» i Choueng Ek, ei mils veg sør for byen. På ein gamal gravplass oppretta Raude Khmer ei av «drapsmarkene».

Ute på Choung Eek vandra eg mellom hovudskallar og djupe hol etter massegraver. Eg stogga ved treet der Raude Khmer-folk drap barn ved å slenga dei mot stammen. «Frigjerarane» ville gardera seg mot at avkom skulle hemna torturerte og drepne foreldre.

Høg musikk frå høgtalarar i eit tre skulle overdøyva skrika.

«Kamerat Duch» konverterte etter folkemordet til kristendommen og arbeidde i ein evangelisk hjelpeorganisasjon. Han løynde seg, under nytt namn.

Men i 1999 klarte ikkje «kamerat Duch» å la vera å introdusera seg for ein irsk journalist. Då tortursjefen blei avslørt, melde han seg og blei stilt for eit FN-støtta krigsforbrytartribunal. Etter anke vart dommen i 2012 gjort til livsvarig fengsel.

I rettssaka vedgjekk «kamerat Duch» ansvaret for meir enn 12.700 dødsfall i torturriket sitt. «Duch» bad om orsaking, men han avviste at han sjølv var delaktig i drapa. Kommandanten hevda også at han berre følgde ordre, langt nede i hierarkiet i Raude Khmer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Rithy Panh, ein kjend filmskapar, skreiv boka «The Elimination» etter å ha intervjua og filma «kamerat Duch» medan tortursjefen venta på rettssaka. Tuol Sleng var «ingenting anna enn tortur og død», skriv Rithy Panh. Forfattaren overlevde tvangsarbeidet. Men mor, far, søstrene og resten av familien strauk med.

I «The Elimination» blir tortursjefen konfrontert. Der framstiller «kamerat Duch» seg som eit terrorisert offer i eit system der alternativet var at han sjølv vart drepen. «Ville du klart deg betre?» spør «kamerat Duch». Rithy Panh skriv at tortursjefen prøvde «å snakka forfattaren over til sitt lag».

«Døden er med meg natt og dag», seier den fengsla kommandanten. «Døden er med meg også, men vi er ikkje på same lag», svarar Rithy Panh, som sjølv var berre ei hårsbreidd frå døden: «Torturisten og drapsmannen kan leggja ned macheten. Offeret er aldri fritt.»

Då forfattaren viste «kamerat Duch» eit bilete der kommandanten snakka i mikrofon, utbraut den fengsla: «Sjå på andletet mitt. Det er ikkje eit trist andlet, det er andletet til ein som ivrig forklarar essensen i språket sitt. Eit språk for drap.»

«Duch» lo då han fortalde at han ikkje visste at fangar fekk elektrosjokk medan dei låg fastspente på metallsenger i tortursenteret som han var sjef for.

I torturfengselet hans vart levande menneske tappa tomme for blod til Raude Khmer-krigarane.

Døden og minnet «Kamerat Duch» vart sjølv innhenta av fortida. 2. september ebba livet til den lungesjuke tortursjefen ut på eit sjukehus.

Han vedkjende seg heldigvis skuld og ansvar for at over 12.000 brutalt drepne frå folkemordet kviler tungt over minnet hans.