LOKALT: Om den lokale kyrkjele
...
LOKALT: Om den lokale kyrkjelege administrasjon vert sentralisert, og dei lokale sokneråda vert ståande att utan lokalt innhald, er det all grunn til å frykta at den lokale kommunale finansieringa på langt nær vert slik som i dag, skriv Olav Nilsen, Sissa Ringstad og Tor Halvard Mosdøl. På biletet ser vi Valle kyrkje i Lindesnes. 
 Foto: Astrid Dalehaug Norheim
debatt
Meir kyrkje eller meir byråkrati?
Del
Så langt me kan sjå inneber Kyrkjemøtets premiss om eit felles prostifellesråd eit klar svekking av det lokale kyrkjelege engasjementet og den naudsynte lokale finansieringa.

Innlegget er skrevet av Olav Nilsen, kyrkjeverje Bygland, Sissa Ringstad, kyrkjeverge Valle og Tor Halvard Mosdøl, kyrkjeverje Bykle.

----------

På Kyrkjemøtet i fjor haust var det vedteke å arbeide mot ei framtidig kyrkjeordning som mellom anna hadde fylgjande målsetting:

frigjera mest mogeleg ressursar til møter med folk lokalt

legge til rette for at kyrkja når ut med evangeliet

legge til rette for at kyrkja oppfyller samfunnsoppdraget som folkekyrkje og tek vare på den kristne kulturarven

gjera kyrkja enkel og funksjonell

ha fokus på kyrkjas oppgåver i soknet

styrka strategisk og faglig leiing i soknet

Med så stort fokus på den lokale forankring skulle ein tru at den vidare prosessen fullt og heilt la opp til ei ytterligare styrking av det lokale kyrkjelydsarbeidet, men det motsette tykkjest faktisk å vera tilfelle.

Kyrkjerådet har etter som ein forstår nemlig lagt inn følgjande premissar i det vidare arbeidet:

At det skal etablerast eit felles prostifellesråd i kvart prosti

At bispedømerådet skal bestå

At sokneråda skal bestå

Så langt me kan sjå inneber dette endå eit nytt kyrkjeleg organ, nemlig prostifellesrådet, og som i praksis vil ta over mesteparten av dei oppgåvene dei lokale fellesråda og sokneråda i dag har.

Ein skal vera klar over at mange små kommunar i dag er såkalla «eittsoknskommunar», noko som inneber at dei lokale sokneråda og ivaretek fellesrådsfunksjonane. Det er både effektivt og rasjonelt.

I Otredal prosti er dette tilfelle for både Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle.

Det er berre den nedste og største kommunen, nemlig Vennesla, som har fleire sokneråd og eit fellesråd.

Det er og slik at dei lokale kyrkjene i Bygland, Valle og Bykle har relativt god økonomi, ein god status på vedlikehald av kyrkjene og kyrkjegardane, eit godt samarbeid med kommunen, gode lokale medarbeidarar, lokalt engasjement, og god oppslutnad om folkekyrkja i samband med dåp, konfirmasjon og høgtidsfeiringar.

Så kunne ein her som dei fleste stader hatt ønske om endå betre oppslutning om gudstenester og kyrkjelege samlingar elles i året.

Me vil tru den same statusen i stor grad og gjeld for Iveland og Evje og Hornnes, mens me veit at Vennesla har atskillig større utfordringar.

Kyrkjene i vårt dalføre et mykje meir enn eit fellesskap av dei truande, dei er som lokale kjennemerke som gjev folk identitet, engasjement og tilhøyre, langt utover det åndeleg fellesskapet.

Dei fleste av kyrkjene våre er gamle, og med ei historie som trekk linjene langt attende i tid.

Det har til no vore mogeleg å ivareta kyrkjas behov i vid forstand nett på grunn av den lokale tilknytinga, og det gode samarbeidet med den kommunen den lokale kyrkja er ein del av.

Vert det oppretta eit felles prostiråd vil det etter alt å døme og innebere at mesteparten av dei lokale administrative ressursane vert overført til eit felles kyrkjekontor i nedre del av prostiet. Samstundes vil dei lokale sokneråda – som i våre tilfelle og er fellesråd – mista dei fleste av sine oppgåver.

Korleis samansetninga i et nytt felles prostifellesråd skal løysast veit ein ikkje, men det er mykje truleg at dei største kommunane då får mest å seie, på bekostning av dei minste.

Sentralt i denne saka, som i dei fleste, er stikkordet økonomi.

I dag vert mesteparten av kyrkjas arbeid finansiert lokalt i den enkelte kommune.

Om den lokale kyrkjelege administrasjon vert sentralisert, og dei lokale sokneråda vert ståande att utan lokalt innhald, er det all grunn til å frykta at den lokale kommunale finansieringa på langt nær vert slik som i dag.

Me har allereie sagt litt om den økonomiske statusen for kyrkjene i Setesdal prosti, og der dei minste øvst i dalen har ein langt betre status enn den største nedst i dalen.

Korleis skal ein då få dei små kommunane til å gje frå seg store ressursar til ei større eining langt vekke som vil sitja på det meste av makt og mynde, og der dei ikkje lenger er sikra at det som vert løyvd lokalt vert verande der?

Så langt me kan sjå inneber Kyrkjemøtets premiss om eit felles prostifellesråd eit klar svekking av det lokale kyrkjelege engasjementet og den naudsynte lokale finansieringa. Resultatet av dette vert mindre kyrkje og meir byråkrati.

Det kan me ikkje sjå at kyrkja sitt grunnleggande kall om å nå flest mogeleg menneske med evangeliet på nokon måte vil vera tent med.

olav nilsen,sissa ringstad,tor halvard mosdøl,debatt,meninger,den norske kirke,kirkemøtet,kirken