«
No skal Geir Gundersen (biletet) slutta som andaktshaldar i NRK. Det blir eit stort tap, for oss og for NRK», skriv Einy Rendal Elgsæther.

Trusforkynning

Radioandakten er kultur, men den skal også vera trusforkynning. Det var Geir Gundersen bevisst på i sine andaktar. 

No skal Geir Gundersen slutta som andaktshaldar i NRK. Det blir eit stort tap, for oss og for NRK.

For det er tydelegvis ikkje lett for NRK å finna gode truverdige andaktshaldarar. For oss som lyttarar ville det vore fint å få slike sterke, sentrale andaktar i reprise.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det skulle vel ikkje vera noko i vegen for det, sjølv om han no har gitt ut andaktane i bokform, så er det noko anna å høyra han formidla dei. NRK har alt gjort eit slikt grep når det gjeld songtimen på søndag morgon.

I staden for å kutta ut programmet da Nils Abrahamsen slutta, så har dei sendt dette fine songprogrammet i reprise frå langt tilbake. Det er prisverdig, og det vil vi anbefale når det gjeld gode andaktar også.

Mange har påpeika at kulturformidlinga går tilbake i det mediet som skulle vera ein kulturinstitusjon. Det vil også vera eit kulturelt tap for oss og for NRK om andaktane kjem bort.

Radioandakten er kultur, men den skal også vera trusforkynning. Det var Geir Gundersen bevisst på i sine andaktar.

I eit intervju (med Vårt Land, red. mrk.) seier han at det viktigaste for han ikkje har vore å formidle visdom, men tru.

Og han seier: «Jeg vil snakke om tro, jeg! Og så er hele paletten av livserfaringer tatt inn der, men det er det jeg vil, ja. Dette er min skatt. Dette er noe jeg har fått. Og den skatten må jeg ta vare på.»

Takk for det, for han har ikkje berre tatt vare på den, men gitt den vidare til oss lyttarar som ønskjer ein kristen andakt. Gudsdimensjonen. Det å få formidla gudstru slik at vi får styrke til vårt åndelege liv, og slik at vi får håp ut over dette livet.

Vi bed NRK finna forkynnarar som kan formidla dette, slik som Geir Gundersen, Ragnhild Jepsen, Ingvard Wilhelmsen og nokre fleire som har gitt oss bibelsentrerte andaktar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har dessverre vore lite av dette i andaktane lenge, med slike unntak. Vi har hatt fleire veker med stort sett tomt prat, i beste fall filosofiske betraktningar, kåseri eller personlege opplevingar utan relevans til eit gudsliv.

Private og uinteressante opplevingar for oss andre, utan at det er brukt til noko. Evt med eit påhengt bibelvers som ofte var utan samanheng med «andakten» elles. Ja, det har også vore direkte vranglære i forhold til kristen truslære.

Vi føler at vi blir fråtatt noko vi har rett på, eit program for oss som ønskjer bibelsk forkynning, ikkje berre prat, som det elles er meir enn nok av i NRK.

Spesielt er det ille at NRK ikkje tek omsyn til alle eldre og einsame som av ymse grunnar ikkje kjem seg til kyrkje eller til anna kristen forkynning.

Heldigvis tok NRK ansvar da koronapandemien var på det verste, men kvifor ikkje fortsetja med det, til dømes direkteoverføringar av gudstenester, ikkje berre på radio, men også i fjernsyn?

Og vi er mange som ønskjer andaktar med eit klart kristent innhald.