ERFARING: Vår erfaring med Kvitsund er ein skule og ein rektor, tidlegare og noverande som har vore tidleg og tydeleg ute med god informasjon også når det har vore krevjande saker. Det har bygd vår tillit til Kvitsund, skriv Stig Tore Aaberg.

Ukritisk journalistikk om Kvitsund

Dagen kan vise til at fleire stemmer slepper til i artikkelen, men det druknar i det negative fokuset.

Dagen skriv om skulemiljøet ved Kvitsund, og nyheitsredaktøren grunngjev behovet for kritisk journalistikk. Det er umogleg å vere ueinig!

Artikkelen gjengjev legitime forhold, og ein må tole å bli kikka i korta. Men totalen av overskrift, vinkling, «sjanger», kjelder og meir og mindre relevante forhold etterlet eit svært negativt inntrykk. For tilsette ved Kvitsund kan dette berre opplevast som uthenging.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som føresett vert det eit vrengebilete som ikkje kan stå ukommentert. Dei personlege opplevingane i artikkelen skal vi lytte til, men her følgjer nokre kommentarar til Dagen si framstilling som eg tenker bryt med saksopplysande kritisk journalistikk:

Overskrifta set tonen med at «elever får høre at de er late og ikke til å stole på». Det er cirka 7000 timar ved Kvitsund per år. Som lærar veit ein at samtalen i klasserommet kan ta mange former, men glimt og god intensjon ufarleggjer det i situasjonen.

Samtidig har ein også erfart at uskuldige kommentarar kan misoppfattast på forunderleg vis. Det er eleven si subjektive oppleving som gjeld i forhold til trygt skulemiljø, men her tek Dagen utsegn ut av kontekst og slår det i presensform opp som om det er gjengs ved skulen.

Det er relevante forhold i omtalen av elevvarselet, men i overskrifta blåsast det ut av proporsjonar frå starten. Dagen veit korleis psykologien i dette fungerar.

Eit graverande grep er samanblandinga med fortellingssjangeren i innleiinga av artikkelen, som opningsscena til ein dårleg krim noir.

Episoden frå klasserommet vert malt ut med den verknad at saklege nyansar ute i artikkelen faller til jorda. Du skal kjenne skulen godt for å ikkje tru at noko er veldig gale!

Om ikkje anna er det ein kraftfull demonstrasjon av effekten i litterære verkemiddel... Og surrealistisk for ein engasjert lærar å ende opp i avisa på dette viset.

Siri Myklebust er hovudkjelde til saka, og det er ingen tvil om hennar intensjon om å hjelpe elevane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samtidig må det vere lov å kommentere: For det første: At vi som føresette i kontakt med andre elevar og føresette frå denne perioden aldri har høyrt noko i retning av Myklebust si mørke beskriving av kollegium og leiing ved skulen.

Dagen kan vise til at fleire stemmer slepper til i artikkelen, men det druknar i det negative fokuset.

For det andre: Hennar oppfatning har vore drøfta på mange nivå ved skulen og i NLM. Artikkelen skapar inntrykk av kollektiv ignorans med ingen anna agenda enn å oppretthalde fasaden, men mange har lytta.

Folk med hjerte for skulen og elevane, som kjenner Myklebust, skulen og skulen sine tilsette, som kjenner føresette, og som sjølv har vore føresette og elevar ved Kvitsund. Der er ingen «dekkoperasjon»; det er faktisk ikkje funne grunnlag for den skildringa ho gjev.

For det tredje: Eg stussar over plassen Dagen gjev til avslutninga av hennar arbeidsforhold. Først og fremst fordi det er irrelevant for saken om skulemiljø, men likevel forsterkar inntrykket av at noko er gale.

Kvitsund var i ein kritisk situasjon, og prinsippet for oppseiingane var behov og «sist inn, først ut». Her vert det hengande i lufta; vart ho sagt opp, eller fekk ho sparken…?

Eit hjertesukk: Vår erfaring med Kvitsund er ein skule og ein rektor, tidlegare og noverande som har vore tidleg og tydeleg ute med god informasjon også når det har vore krevjande saker.

Det har bygd vår tillit til Kvitsund. Her er ein flott gjeng med tilsette som gjer langt meir enn «det som med rimelighet kan forventes av dem». Inntrykket om ein hierarkisk og undertrykkande kultur som berre tillet «glansbilder» gjev ingen meining.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som kollega i læraryrket har eg også gjort meg ein annan refleksjon: Det kunne ha vore kva skule som helst Dagen skreiv om. Alle skular opplever å få kritikk frå skulemyndigheitene, å komme til kort i møte med elevar, og tilsette som opplever seg å ikkje bli høyrt.

Gitt dei rette omstendigheitene av kritikk og misnøye, og samanblanding av sak, følelsar og journalistiske grep kunne Dagen laga ein tilsvarande artikkel om både den eine og andre.

Så til Dagen: Alt de skriv om er greit, men den journalisistiske framstillinga vrenger alt ut av proporsjon. Oppfordringa er at de brukar denne saka til å rette eit kritisk blikk på eigen praksis.

Les også
Elever får høre at de er «late» og «ikke til å stole på»
Les også
Difor skriv vi om Kvitsund