«For oss og borna våre var Kvitsund gymnas gull», skriv innsendaren. Foto: privat

Takk til Kvitsund

Eg har lyst til å teikne eit anna bilete av Kvitsund gymnas enn det avisa Dagen har gjort.

Eg las saka Dagen har laga rundt ein varslar på Kvitsund. Det forundra og skuffa meg at avisa presenterer saka så tabloid som det vart gjort. Eg fekk difor lyst til å teikne eit litt anna bilete av skulen enn avisa gjorde.

Vi har fire born som har gått på Kvitsund og eg har vore mor der samanhengande i elleve år, fram til 2016. For oss og borna våre var skulen gull. Der fekk dei leve nær innpå ungdommar med ulik bakgrunn, ikkje minst oppleve å få gode kristne vener og ha det kjekt i lag med dei. Fagleg fekk dei også lære mykje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi kunne trygt sende de ifrå oss etter ungdomsskulen og oppleve at dei blei sett og tekne vare på av personalet. Var der ekstra utfordringar, strekte skulen seg for å legge til rette. I ettertid ser vi at skulen laga gode rammer rundt dei i viktige ungdomsår. Dei har knytta varige venskap og fått næring til trua si.

Vi er ikkje medlemmer i NLM, men ut frå erfaringane våre vil eg gje godt skussmål til skulen og eg oppmodar gjerne andre til å sende ungdommane sine dit.

Les også
Elever får høre at de er «late» og «ikke til å stole på»
Les også
Styreleder: – Ikke det eneste bildet vi har av Kvitsund
Les også
Forsker: Skoler må arbeide grundig for å avdekke hvordan elevene har det