KORSMERKE: Vårt flagg med korsmerket i seg signaliserar demokratiet, sjølvråderett, likeverd og ikkje minst rettsstat, skriver inn senderen.

Det unike norske flagget

Skal du endre på dette prinsippet må alle stillast likt og bli likebehandla.

Skal vi endre flagglova? Denne lova regulerar kva flagg kommunane kan flagge med. Utgangspunktet er at kun det norske flagget, det samiske flagget og kommune- og fylkesflagget, kan flaggast med frå kommunen sine flaggstenger.

Departementet vurderar no å gje kommunane større grad å kunne avgjere kva flagg dei vil flagge med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lobby - toget arbeider som aldri før med å endre Norge litt etter litt. No skal det opnast for at «regnbogeflagget» skal få plass ved ulike arrangement av allmenn interesse.

Det å tukle med den sterke og symboltunge verdi som det reine, norske flagget står for er utruleg lite smart. Det norske flagget er eit tungt symbol for oss alle, representerar oss alle og utelet ingen.

Vårt flagg med korsmerket i seg signaliserar demokratiet, sjølvråderett, likeverd og ikkje minst rettsstat.

Skal du endre på dette prinsippet må alle stillast likt og bli likebehandla.

Det er ikkje vanskleg å kunne sjå for seg eit herleg rot når ulike fleirtal i forskjellige kommunestyrer skal tillate flagging frå uike organisasjonar, lag og foreingar. Alle med kvar sin agenda og med ulike motiv og med vidt forskjellige konsekvensar.

Derfor blir dette ein dårleg ide. Vi oppnår truleg ei lov som vil splitte meir enn ho samlar og føre til endelause debattar i dei mange kommunar. Håper ikkje vi treng ny tekst til Norge i rødt, hvit og blått.