REISE: Når korona-viruset har roa seg, skal me då tilbake til der me var før, eller er det grunnar for å redusere reisinga, av eigen fri vilje?, spør Olav Vestbøstad.

Endringstvang eller endringsvilje?

Når korona-viruset har roa seg, skal me då tilbake til der me var før, eller er det grunnar for å redusere reisinga, av eigen fri vilje?

Endringar skjer heile tida. Det er mange teoriar om korleis ein kan vere proaktiv slik at ein gjer endringar fordi ein vil, ikkje fordi ein må.

Det er ikkje alltid at endringsgleda er så stor. Me blir ofte komfortable med å gjere ting slik me har gjort før. Difor er det vanleg at endringar kjem for seint.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Koronapandemien har fått oss til å gjere mange endringar som ikkje har kome fordi me ynskjer det, men fordi me har blitt tvinga til det.

I løpet av våren vart mange av misjonsutsendingane bedne om å reise til Norge av frykt for kva som kunne hende i landa der dei arbeidde for misjonen. Nokre fekk problem med å komme seg ut av landet dei var i, men etter kvart ordna det seg greitt for dei aller, aller fleste.

Nokre av langtidsutsendingane har no reist tilbake igjen til felta sine. Mange er enno i Norge og ventar på at det skal vere mogleg å reise attende. Dei som er på langtidsteneste har som oftast langtidsvisum og arbeidsløyve.

Det gjer at dei får kome tilbake igjen til tenestestaden ganske raskt. Mange av dei som skulle ut på kortare turar må reise på turistvisum.

Men fleire land har stengt grensene nettopp for turistar for å dempe smittetrykket. Det gjer at ein må tenkje alternativt om kva visum utsendingane våre skal søkje om.

Mange bibelskular og folkehøgskular har reising som ein sentral del av skuleåret. Kritiske røyster har stilt spørsmål ved reiseverksemda til desse skulane.

Men det er ikkje berre ungdommen som reiser. Ikkje reint få pensjonistar brukar også mykje tid på å reise rundt i verda. Noko er rein turistverksemd, men mange nyttar også høvet til å bidra i eller få innblikk i ulike former for misjonsarbeid internasjonalt.

I år vert me alle tvinga til å bryte med gamle reisemønster. Skulane må kutte på utanlandsreisene og feriane bør i størst mogleg grad leggjast innanlands.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei kristne skulane samlar årleg inn millionar til misjonsarbeidet rundt i verda. Ein viktig motivasjonsfaktor er at ei gruppe med elevar får vitje det arbeidet dei skal informere om og samle inn pengar til.

Dette skuleåret kan ikkje slike inspirasjonsreiser gjennomførast. Det blir spennande å sjå kva utslag det gjev på motivasjonen til innsamlingskomiteen! Kor mykje vil det prege engasjementet rundt innsamlinga?

Det ligg likevel godt til rette for at vi også i år kan få formidle mykje god misjonsinformasjon i skulane våre. Det at fleire av utsendingane no er på uplanlagt Norges-opphald, kan gjere at skular og forsamlingar i år får møte nokon som står midt oppe i arbeidet.

Dette høvet må ikkje skuslast bort! Det er også produsert filmar og informasjonsmateriell om dei ulike delane av misjonsarbeidet som kan nyttast i skulane. Så det er ikkje så sikkert at innsamlingsresultatet blir dårlegare dette skuleåret enn det har vore før.

På mange av skulane går det sport i at ein ikkje skal vere dårlegare enn tidlegare år. Det er også godarta konkurranse skulane imellom. Denne iveren har stimulert ein enorm kreativitet. Tiltak som har fungert godt på ein skule blir kopierte av andre.

Ulike former for misjonsløp har bidratt til millionar av prosjektkroner dei siste åra. Den kreativiteten ungdommen har vist på misjonsløpa har ikkje berre spreidd seg til fleire skular, men også til foreiningar og forsamlingar.

Det har blitt arrangert misjonsløp på generalforsamlingar og storstemne, og 1. mai hadde Misjonssambandet for fyrste gong eit digitalt misjonsløp med stort engasjement på fleire kontinent.

Dei fleste klarer å gleda seg over at nye initiativ får bløme. Samtidig er det også slik at me kan bli nedstemte når endringar skjer fordi me vert tvinga det. Det er trist å måtte kutte ned på reisinga, men også det kan ha sine fordelar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er betydelege klimautslepp grunna all reisinga, også den reisinga som skjer i det godes regi. Det er ikkje sikkert at det er berekraftig med så mange korttidsreiser til andre kontinent.

Dette bør også tenkast gjennom når me no vert tvinga til å tenkje annleis. Når korona-viruset har roa seg, skal me då tilbake til der me var før, eller er det grunnar for å redusere reisinga, av eigen fri vilje?