Bildet er fra én av voteringene som fant sted på landsmøtet i Samemisjonen i 2017.

Sarepta vil ha Samemisjonen

Draumen om å overta Samemisjonens midler på denne måten er kanskje verdt meir enn eit godt namn, men det er ikkje sikkert at det løner seg i lengda.

I Dagen 7. august har Johannes Kleppa eit innlegg kor han kjem med nokre svar til mitt innlegg av 4. august, og Odd Eivind Høyvik det same 10. august.

Sidan Kleppa kjem med halve sanningar og påstandar som det ikkje er lett å sjå nokon samanheng i, må eg få koma med eit svar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Angåande rådsmøtet som Kleppa seier gav eit stort fleirtal for samanslåing, så veit Kleppa at rådsmøtet var langt frå fulltallig og at Finnmarksutvalget var mot samanslåing. At Finnmarksutvalget var mot burde bety mykje, sidan hovudtyngda av Samemisjonens arbeid ligg der.

Når Kleppa seier at det ikkje er rett når eg seier at Centro Sarepta er nesten utan aktivitet, men han sjølv seier at senteret er stengt for ein periode. Då kan eg berre undra meg over kor viktig det er å seia at eg ikkje har rett!

Med den pandemisituasjonen me har er det også vanskeleg å seia kva tid det kan opna for aktivitet. Her kan ein berre ynskja det beste for Sarepta.

Når omstillingsutvalget har godkjent ein avtale som legg ned Samemisjonen og gir alle verdiar på omkring 30 millioner til Sarepta, som er ein udemokratisk organisasjon med høg medlemskontingent på 12.000 kr, mot Samemisjonens demokrati og låge medlemskontingent på 100 kr, då ser det unekteleg ut som at Sarepta har sine folk tungt inne i Samemisjonen.

Korleis Kleppa kan forsvara dobbelt medlemskap når skilnaden i kontingent er skyhøg, og når det mot hans eigen organisasjon er teknisk umogleg å utføra den same illgjerninga, då ser det ut for meg som det er fritt fram mot neste offer.

Når Kleppa seier at det som burde slå inn i denne saka er Jesu ordre om å gå ut og gjera folk til læresveinar, då insinuerer han at Samemisjonen gjer eit dårleg arbeid og det er ikkje særleg fint gjort.

Til Høyvik må eg berre seia at eg tykkjer det står stor respekt av at elevane ved Jærtun har samla inn så mykje pengar til arbeidet på Kolahalvøya. Det er også godt å høyra at folk frå Jærtunmiljøet ikkje planlegg eit kupp mot Samemisjonen. Då reknar eg også med at eg ikkje ser nokon av dei i Sarepta sitt ærend på landsmøtet i oktober.

Både Kleppa og Høyvik påstår at Sarepta ikkje har lyst til å overta Samemisjonen. Dette er feil, og det kan ein lett forstå av å studera dei fire punkta som følgjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

1. Det vart inngått ein intensjonsavtale kor Sarepta overtek Samemisjonen. Sarepta skreiv avtalen og Same- misjonen kom med nokre justeringar.

2. Leirstaden Nordlys er tenkt som eit senter for verksemda til Sarepta.

3. I Samemisjonen er det sterk strid om vegen vidare, men Sarepta held på avtalen, og bidreg ikkje til fred.

4. Ein måtte bruka advokat for å prøva å få aksept for å omgå forrige landsmøtevedtak. Dette har utløyst stor strid.

Å seia at Sarepta ikkje har lyst på, eller ikkje vil overta Samemisjonen verkar urimeleg. Bodet om å ikkje begjæra sin nestes eigedom burde slått inn for lenge sidan.

Sarepta øydelegg både for seg sjølv og Samemisjonen ved å halda på avtalen. Eit Sareptamedlem seier at han har ingen tillit til samemisjonens styre, gir ikkje ei krone til dei, at framgangsmåten er feil, men til landsmøtet og stemma for Sarepta, det skal han. Dette kan neppe kallast anna enn kuppmakeri.

Draumen om å overta Samemisjonens midler på denne måten er kanskje verdt meir enn eit godt namn, men det er ikkje sikkert at det løner seg i lengda.

Les også
Sarepta vil ikkje overta Samemisjonen
Les også
Under einkvar kritikk