Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Hindrar kulturtradisjon misjonærforståinga?

Kor vakre dei er 
der dei spring over fjella, 
føtene til den som ber bod, 
forkynner fred, 
kjem med god bodskap, 
forkynner frelse
 
og seier til Sion: 
«Din Gud er konge!» (Jes 52,7)

Profeten lovprisar dei som tek bodskapen ut. Dei hastar, det fylgjer godheit og fred med dei.

Korkje her eller i Jesus sitt misjonsoppdrag er det noko krav om stand og stilling.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I Jesus sin tale, både bergpreika og likninga om talentane, ser vi at Han inkluderer alle som har eit forhold til Han. Då Jesus bad disiplane om å gå til alle folkeslag, fekk dei eit målretta oppdrag utan budsjett.

Sett i forhold til folketalet hadde dei fyrste hundreåra truleg størst vekst i evangelisering. Handelsmenn og sjømenn var viktige brikker.

Kyrkjestrukturen på 300-talet vart ein kopi av det romerske keisarvelde i den katolske kyrkja. Paven tok keisaren sin plass, og så oppstod det eit hierarki med biskopar, prestar og munkar. No fekk dei også ein samla Bibel å forholda seg til, og truvedkjenning var samla lære.

Langt frå alle kunne lesa, og det var stadig ein kamp mot vranglære. Mykje av utbreiinga skjedde på det politiske området, kongar og fyrstar avgjorde om dei ville ha kristendommen i landet sitt.

Kyrkjer og kloster vart bygd, tanken var at Gud skulle ærast. Grasrota skulle innordna seg og ta imot. Gode gjerningar vart ein del av frelsesforståinga.

Reformasjonen ved Luther gjorde strukturendringar. Folket skulle med, Bibelen vart omsett til ulike språk. Og frelsesforståinga endra.

Politiske styresmakter var avgjerande for landet si tru. Europa har langt på veg vorte vogga for dei kristne konfesjonane som også prega erobrarane som Columbus og Vasco de Gama.

Som europearar gav vi oss sjølv lov til kolonisering på alle kontinent. Desse handlingane, saman med grasrotvekking både i England og Skandinavia, fekk kristne til å spørje: Kjenner folka i koloniane Jesus? Korleis skulle ein nå ut til dei med evangeliet?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Misjonsorganisasjonar vaks fram og kopierte koloniseringsstrukturen. Dei sendte ut folk av sine eigne, lønna dei via innsamla midlar og bad for dei. Truleg einaste måten å gjera det på.

Ein kristen afrikanar sa til meg i sinne: For oss var det ikkje skilnad på koloniherrar og misjonærar.

Ein argentinar uttrykte seg slik: Då Gud spurte europearen: Kva har du gjort med din bror, vart han kvit.

Det bør ikkje overraska nokon at «Black lives matter» skyt fart. Sjølv trur eg ikkje det å rive ned statuer endrar noko som helst. Derimot bør vi audmjuka oss, og for Guds ansikt ransake oss sjølv. Ikkje berre som enkeltpersonar, men også strukturane våre.

Våre misjonsorganisasjonar har no mange nasjonale medarbeidarar, og syner stor kreativitet for å skaffe økonomi til drift i desse koronatider.

Ei ungdomsveninne sa ho takka Gud fordi ho ikkje hadde misjonskall. Dette avspeglar ei forståing av at misjon er berre for nokre få.

I dag har mange kristne både økonomi og utdanning til at dei kan finne arbeide kvar det skulle vera.

Det som manglar er ein kultur, ei opplæring om korleis snakke naturleg om vår tru på arbeidsplassen. Vi treng korkje søndagsklede, heilage plattformer eller tillært stemmeleie. Men alle treng omsorg og å verta sett, og eit påliteleg fellesskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg skulle gjerne sett ei endring her. I dag vil alle organisasjonane ha medlemmer, det gir statstilskot og høg rangering.

Men skal ein nå dei unådde folkeslaga, ja, også vinna eige land og kontinent, så må organisasjonflagget firast ned.

Vi må våge å stå som enkeltpersonar som har hatt eit Jesus-møte! Gjenreisa tillit til at Gud sjølv talar gjennom oss utan at vi heilt forstår korleis det skjer.

Angelica frå England var røntgenlege i eit arabisk land. Ho var veldig varsam med ikkje å «misjonere», men å utføre arbeidet sitt.

Ein dag då ho hasta til kontoret sitt gjennom eit overfylt venterom, var det ei ukjent kvinne som braut stillheta og ropa nesten hysterisk: «Det er du, det er du, eg såg deg i draumen min, du kjenner Den Levande Gud.»

Herren veit kvar Han har tenarane sine!