MODIG ADVOKAT: I Vietnam sit advokaten og menneskerettsaktivisten Nguyen Bac Truyen fengsla på fjerde året. Han er dømt for forsøk på å «kasta folkets styre».

Stå opp for dei fengsla

Norske parti som er vage eller tause om overgrep mot trusfridommen internasjonalt, må løfta blikket og skjerpa partiprogramma.

Debatten om norsk religionspolitikk er urovekkjande oppheta og polarisert. Eg er redd for at blikket som burde vore retta utover, blir sløra når mykje energi blir brukt til heimleg debatt og til å føreslå restriksjonar mot norske trussamfunn.

Vi skulle gjerne hatt fleire allierte når historiene om overgrepa mot trusfridommen og religiøse minoritetar strøymer mot oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I Vietnam sit advokaten og menneskerettsaktivisten Nguyen Bac Truyen fengsla på fjerde året, dømt i 2018 utan at han fekk vera til stades i retten.

Hoa Hoa-buddhisten har stått opp religiøse minoritetar og var frå 2006 til 2010 bura inne i tre og eit halvt år for «propaganda» mot den sosialistiske republikken. No er han straffa for forsøk på å «kasta folkets styre».

62 parlamentarikarar frå alle verdsdelar kravde i eit brev til statsministeren i Vietnam sist veke at Nguyen Bac Truyen straks må sleppast fri, utan vilkår. Eg fann ein einaste nordmann på lista: Kristoffer Robin Haug er andre vara til Stortinget for MDG og fylkesråd i Viken.

Det er gledeleg at ein frå MDG, som i partiprogrammet ikkje seier eit einaste ord om internasjonal trusfridom, stiller opp for den modige vietnamesaren. Eg håpar Haug brukar saka for å kjempa inn i neste partiprogram MDG-innsats for trus- og livssynsfridom.

Men kva gjorde dei andre partia med spørsmålet om å stilla opp for for Bac Truyen (dersom dei fekk spørsmålet)? Nguyen Bac Truyen betalar sjølv ein høg pris for å ha stått opp for andre.

I morgon er det FNs internasjonale minnedag for ofra for vald brukt for å undergrava trusfridommen. Her er fleire ferske døme som burde få norske partifolk opp på barrikadane.

I Nord-Syria blei den kurdiske rektoren Radwan Muhammad nyleg bortført av ei islamistgruppe som er lojal til den tyrkiske okkupantmakta. Han nekta å gje frå seg skulen som islamistane ville gjera om til islam-skule. No sit rektoren i ei celle i byen Afrin. Familien er redd for at han vert drepen.

Før Tyrkia rykte inn for å knekkja dei kurdiske styrkane, var området ei frisone for kristne og flyktande jesidiar. Etter den tyrkiske okkupasjonen er situasjonen for trusfridommen blitt drastisk forverra, seier den amerikanske kommisjonen for trusfridom, USCIRF.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I sjia-muslimske Iran har pastorekteparet Victor Bet-Tamraz og Shariram Isavi denne veka fått vita at dei har tapt den siste ankerunden. Etter å ha vore ute mot kausjon, skal dei no burast inne, han i ti år, ho i fem. Kva dei har gjort?

Dei er assyriske kristne som har utført det dei fleste reknar som vanlege kyrkjelege aktivitetar, som leiarar for husgrupper av konvertittar frå islam. Sjia-styret hevdar dei «trugar den nasjonale tryggleiken». Prestestyret skjelv på grunn av veksten i huskyrkjene.

Den assyriske folkegruppa, som paret kjem frå, er godteken som religiøs minoritet og andreklasses borgarar. Dei får leva ut trua så sant dei ikkje deler den med muslimar eller forkynner på nasjonalspråket.

Også sonen Ramiel har vore fengsla. Han slapp ut av Evin-fengslet i Teheran 27. februar, nokre dagar før straffa på fire månader var ferdig sona. Han vart arrestert på piknik med konvertittar.

I India går det frå vondt til verre. Statsminister Narendra Modi og den hindunasjonalistiske regjeringa har gjort livet vanskelegare, ikkje minst for muslimar. Hinduekstremistar går ofte laus på både muslimar og kristne.

Det siste dømet: Medlemmar av dei hindunasjonalistiske organisasjonane RSS og Hindu Munami øydela 2. august delar av ei kyrkje under bygging i Karaikal i forbundsterritoriet Puducherry, i Sør-India.

Politiet arresterte valdsmennene. Dei svarte på si side med å melda kyrkja til politiet. Hindutva-ideologien, som krev at du må vera hindu og bruk hat og vald for å markera det, har spreidd seg også i dei sørlege delane av India.

I delstaten Tamil Nadu vert nær 85 prosent av kyrkjelydane nekta å byggja kyrkjer etter press frå politiske parti. Det opplyser ein sentral indisk pinsesynode Synode of Pentecostal Churches til trusfridomsorganisasjonen CSW.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er motstand mot kyrkjebygg sjølv om kyrkjene sjølve eig grunnen. Kreftene som vil stogga dei, er tett knytte til regjeringa.

Så må vi håpa at rettsvesenet denne gongen stiller angriparane til ansvar. Altfor mange valdelege hindunasjonalistar har gått fri.

Frå totalitære Kina kjem nye meldingar om kyrkjer og tibetanske buddhistkloster som vert rivne. Men det er svært tungt å få gjennomslag i Noreg for at Kina for tida driv den verste undertrykkinga av religion sidan den blodige kulturrevolusjonen.

Jerngrepet rammar kristne, muslimar og tibetanske buddhistar, og det rammar uregistrerte og registrerte trussamfunn. Men denne delen av brutaliteten til Xi Jinping er det få politikarar som bryr seg om.

Gledeleg nok har regjeringa og fleire protestert mot overgrepa mot folkegruppa uigurane. Men det kjem nesten aldri fram at overgrepa også gjeld trusfridommen, at uigurane vert tvinga til å avsverja trua og at gudshus vert rivne. Aftenposten har på kommentarplass slege fast at «Det handler ikke om trosfriheten». Jo, det handlar også om den.

Vi treng både aviskommentatorar og politikarar som står opp for trusfridommen, for utsette religiøse minoritetar og for aktivistar som ofrar liv og helse i kampen for trus- og livssynsfridom.

Vi har gått gjennom partiprogramma. Alle parti har fyldige kapittel om norsk religionspolitikk. Men det er hos mange tynt om internasjonal trusfridom.

KrF omtalar dette fyldigast. Ap nemner kort at trusfridommen er under press, men seier ingenting om kva dei vil gjera. Høgre som har gjort god innsats i regjeringa, nemner berre retten til å tru uavhengig av religion. SV nemner trusfridom som ein grunnleggjande verdi. Sp, MDG og Venstre nemner ikkje internasjonal trusfridom med eit ord.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nye program er under arbeid. Kampen for trusfridommen og for aktivistar som Nguyen Bac Try treng mange tydelege støttespelarar, uavhengig av kven som sit med regjeringsmakta etter valet neste år.