Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen. Foto: Dagen-arkiv

Stopp slaveriet i Kina

Det er garantert at kleda vert laga med tvangsarbeid. Og produsentane har inngått lukrative partnarskap med kinesiske selskap som er djupt involverte i tvangsarbeid.

Diktaturet Kina er ansvarleg for dei mest systematiske og grufulle overgrepa mot etniske og religiøse minoritetar sidan Den andre verdskrigen. Ofra er uigurar og andre hovudsakleg muslimske etniske minoritetar i den store Xinjiang-provinsen. Innpå 1,8 millionar er sperra inn.

Intens overvaking, brutal oppsplitting av familiar, tortur og tvangssterilisering av kvinner er utbreidd. Slavearbeid er viktig i det brutale kinesiske forsøket på å skaffa seg full kontroll på minoritetsfolka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Unge uigurar og andre innesperra vert også sende på farleg tvangsarbeid i fabrikkar i andre delar av Kina, ikkje minst medan han-kinesarane skulle vernast mot pandemien.

Det kjem sterke vitnesbyrd frå uigurar som har vore på tvangsarbeid: Klesfabrikken i Kina skilte seg ikkje frå det grufulle livet i konsentrasjonsleiren. Det var politi og overvakingskamera over alt.

Internasjonale merkevareprodusentar får bomullsgarn og merkeklede produsert i slaveri i Xinjiang. Stefanusalliansen har skrive under ein internasjonal appell til desse om å kutta ut Xinjiang på grunn av grove overgrep mot menneskerettane.

72 uigur-organisasjonar og over 100 organisasjonar frå sivilsamfunn og fagrørsler frå heile verda har gitt merkevaregigantane 12 månader på seg til å kutta alle band til det kinesisk styrte slaveriet i Xinjiang.

Etter kvart som overgrepa er blitt betre og betre dokumenterte, har den internasjonale kritikken blitt skjerpa. Men jakta på profitt har ikkje stogga. Rundt rekna 1 av 5 bomullsplagg som vert selde, inneheld bomull frå Xinjiang.

Det er garantert at kleda vert laga med tvangsarbeid. Og produsentane har inngått lukrative partnarskap med kinesiske selskap som er djupt involverte i tvangsarbeid.

Det er tid for handling, både frå merkevaregigantar, regjeringar og internasjonale organisasjonar. For å få slutt på slaveriet og dei grufulle overgrepa mot minoritetane i Xinjiang, må forsyningskjedene ikkje på nokon måte vera knytt til overgrepa mot uigurane.

Den einaste måten å sikra at ein ikkje skaffar seg profitt på slaveri og overgrep, er å forlata Xinjiang og kutta alle band til aktørar som støttar opp under det kinesiske systemet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

USA har varsla sanksjonar mot eit kinesisk selskap. Merkevaregigantar har forsikra at dei ikkje tolererer tvangsarbeid. Men dei har ikkje forklart korleis dei kan møta dei etiske krava og samstundes driva forretning i ein region der systemet er bygt på tvangsarbeid.

Det er tid for at profitt må vika for menneskerettar.